Ask Startet 19.September.2019 Del på Facebook Startet 19.September.2019 Hei Gutungane er på jakt etter ein høveleg båt til fiske etter leppefisk. Breidde er ma. diskutert i tråden under. Det har dukka opp ein Gimo 560j. Båten er ca. 225 breid. Altså om lag som Sting 535 pro, og Øien 530. Båten er 18 fot, og har ein gamal 30 hk totaktsmotor. Eg trur at 30 hk er litt lite, når båten får eit kar på 2-300 liter vatn om bord. Båten er opprinneleg sjølvlensande, men seljar opplyser at tidlegare eigar har støypt att sjølvlensingane, og montert pumpa. Dette i samband med større, og tyngre, motor. Dette gjer meg skeptisk. Fungerande sjølvlensing er eit absolutt krav. Er det einkvan som har erfaring med denne båttypen, motorstorleik, og betraktningar om det med sjølvlensinga? Er det mykje jobb, og dyrt, og f.eks. legga fem cm tjukk divenycelleplater over heile dørken, og støypa glassfiber over det? Kva vil det eventuelt kosta i materiell? Båten blir jo tyngre, og rekka lågare, men vil det gje fungerande sjølvlensingar og ein betre båt? Det kan bli aktuelt å setja på ein 50-hestar, som eg har på handa. Er det einkvan som veit kor stor motor desse båtane toler? Eg er takksam for svar. Ask Sitér dette innlegget Link to post
ivar Svart 19.September.2019 Del på Facebook Svart 19.September.2019 Ikke hørt om Gimo. fins det noe bilder av denne - kanskje den også er kjent under andre navn? Sitér dette innlegget Lurøy / Svalbard. Båter: Gromling 15/60 Yamaha / Wesling 490 m/80 Yamaha / Yamarin 5940 m/ F115 Yamaha / Achilles LS4 (RIP) Aquaquick MS265 West Commando 270 m/ 4hk Yamaha Link to post
Mort1 Svart 19.September.2019 Del på Facebook Svart 19.September.2019 Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.