Jump to content

Henga båthengar oppundner taket i garasje.


Ask

Recommended Posts

Hei

 

Eg lurar på om eg skal henga båthengaren oppunder taket i garsjen, slik at eg kan oppbevara varehengaren under båthengaren.

 

Det er ikkje så ofte båthengaren blir brukt, så det kan vera ei ok løysing for å oppbevara begge hengarane under tak.

 

Båthengaren er ein enkeltaksla Tysse utan brems. Hengaren veg 158 kg i følje data frå Tysse.

 

Spørsmåla er kor kraftige boltar eg må ha i taket/etasjeskiljaren, og kva vinsjar eg bør ha?

 

Eg lurar på å bruka ei vinsj foran, og ein vinsj bak.

Vinsjar av same type som er på båthengarar bør vera ok.

Eg lurar på å festa vinsjane i veggen, ha ein wire frå vinsjane til taket, gjennom ei blokk ved veggen, og ei blokk i taket rett over der hengaren skal henga.

 

Eg ønsker ikkje noko fancy elektriske greier, men vil heller ikkje at hengaren ramlar ned...

 

Eit anna alternativ er rimeleg brukte seglbåtvinsjar, og spektratau eg har liggande.

 

Eit tredje alternativ er å festa augeboltar i taket, og bruka ei jekketalja for å heisa opp hengaren.

 

For alle alternativ tenkjer eg at det kan vera greit å sikra hengaren med ekstra stropper når hengaren er heist opp.

 

Problemstilingane er dei same når ein skal heisa båtar oppunder nausttak.

 

Einkvan med synpunkt eller erfaring?

 

Garasjen har plata etasjeskiljar, men eg blunkar ikkje med å montera gjennomgåande boltar opp gjennom golvet på koffertloftet.

 

Eg er takksam for svar.

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...