Jump to content

Stoff som tettar skruehol under vasslina, og herdar raskt?


Ask

Recommended Posts

Hei

 

Båten er på land, og får ein god dose med etterlengta vedlikehald.

 

M.a. har eg skifta ut dei 15 år gamle membranane på seglbåtdreva.

(Membranane var like fine, så den jobben kunne eg spart meg.)

Eg oppdaga at det var vatn inne i eit av motorfundamenta.

Alt tyder på at vatnet kjem inn gjennom eit par små skruehol, i skroget under motorfundamentet.

Eg har pirka ut gamal sika, som var i hola, og har bora hola opp med ein 5 mm bor.

Eg har òg bora litt med ein 10 mm bor, slik at flatane blir meir skrå. Dette slik at det blir større flate for feste av tetningsstoff.

Diverre kom eg ikkje på å ta bilete, før eg gjekk frå båten i kveld.

 

Båten skal ut på onsdag, og det hastar med å tetta hola.

 

Kva stoff bør eg bruka? Det bør helst vera eit stoff som herdar fort, er lett å jobba med, overmalbar, og kan kjøpast over disk i Bergen. Gjerne på Maritim, CO, eller Bt.

 

Båten har òg ein liten skade i den eine baugen, så det er fint om same stoffet kan brukast til å fylla att dette hakket.

Skaden er ca. 1*5 cm, og 5-7 mm djup.

Skaden er over vasslina, og eg må lakka etterpå. Det kan likevel vera ok å fylla att det verste no når båten er på land.

 

Båten er av glassfiber.

 

Eg er takksam for svar.

 

Ask

Link to post

Jeg har bare gode erfaringer med Tec7 sort. Det tetter og limer,  også under vann. Jeg limte en 2x4" fast til gelcoaten under vannlinjen, så jeg kunne montere ekkoloddgiver uten å bore hull i skroget. Hang like godt etter 2 år i saltvann. 

 

Brukte også tec7 til å tette et hull (type selvlenserhull) under vannlinjen som jeg hadde glemt å gjøre noe med. Rett før sjøsetting.  Klinte inn en del tec7 og lagde en "propp" av plast. Sjøsatte før det hadde tørket. Null problem. Lakk ingenting. 

 

Så hvis detver et skruehull så hadde nok jeg satset på tec7 og lagt på godt med det.

 

Hullet fremme kan du nok bruke gelcoat sparkel i. 

 

Dette er ingen fasit svar , men jeg tror jeg hadde gjort det slik selv. (Forutsatt at jeg forstod problemene riktig. ) Fullt åpen for at jeg kan ta feil.

Fiskebåten: Shetland 498 - min 16" "speed sjark" - 60 HK Evinrude VRO (deaktivert VRO)
Turbåten: Neptim 8000, VP TMD40A TAMD41B

Link to post

Hei

 

Takk for alle svar.

 

Det skal ikkje skruar i hola etterpå. Det var sika i hola frå før, og det har tydelegvis ikkje vore heilt tett. Det var vatn inne i fundamentet.

 

Komodo, eller andre-

Kva epoxysparkel er av god kvalitet/ kva merke anbefaler du?

Vil glassfibersparkel vera like bra?

Når det gjeld skaden over vasslina, så er ikkje den noko hastesak.

Eg kan reparera skaden frå flytebrygga, men det er mykje betre arbeidsstilling no når båten er på land.

Dersom eg har epoxysparkel på denne skaden, kan eg då ha på glassfiber, topcoat og/eller lakk seinare?

 

Ask

Link to post
Ask skrev 1 time siden:

Hei

 

Takk for alle svar.

 

Det skal ikkje skruar i hola etterpå. Det var sika i hola frå før, og det har tydelegvis ikkje vore heilt tett. Det var vatn inne i fundamentet.

 

Komodo, eller andre-

Kva epoxysparkel er av god kvalitet/ kva merke anbefaler du?

Vil glassfibersparkel vera like bra?

Når det gjeld skaden over vasslina, så er ikkje den noko hastesak.

Eg kan reparera skaden frå flytebrygga, men det er mykje betre arbeidsstilling no når båten er på land.

Dersom eg har epoxysparkel på denne skaden, kan eg då ha på glassfiber, topcoat og/eller lakk seinare?

 

Ask

Denne er god å jobbe med og holder høy kvalitet.

WEB_Image WEST SYSTEM Six 10 Epoxy  selvblandende -285693859.jpg

09 Sealine F37 - VP D4 260

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...