Jump to content

Tips for å få slitna fall ut av masta?


Ask

Recommended Posts

Hei

 

I går var det flott sønnavind her i Sunnhordland.

 

Då det i tillegg kom stor sjø, frå ein motorbåt som ikkje kunne halda god avstand, rauk spinnakerfallet.

På få sekund gjekk me frå 10 knops segling, til å ha ein spinnaker som drivanker.

Heldigvis gjekk spinnakeren ut på sida, så me segla ikkje over den.

Heldigvis stod eg til rors, og båten gjekk ikkje på autopilot. Eg rakk difor å svinga 90 grader, slik at spinnakeren låg på sida av båten.

Det ser ut som om spinnakeren er uskadd.

 

Spinnakeren blei berga, og det viste seg at fallet slitna ca. 75 cm frå festet til spinnakeren.

 

Diverre har fallet kilt seg inne i masta.

 

Eg ser for meg måtte pirka ut fallet, og at det kan bli ein jobb som krev tolmod.

 

Er det einkvan som har gode råd til korleis gjera jobben enklast mogeleg?

 

 

Ask

Link to post
Share on other sites

Jeg ville prøvd: få en trekkeline ned den veien fallet skal ut i toppen, fiske den ut i samme hullet hvor fallet kommer ut. Finne en metallring som er noe større enn fallet, tre det på fra bunn, feste / sy på trekkesnora..., trekke ringen oppover på fallet. Ha tynn line i ringen nedover også, så du kan dra den nedover også, så du ikke får ennå mer trøbbel inne i masta. Fallet kan henge seg opp i salinghornfeste, andre V-formede kiler...

Link to post
Share on other sites

Ask skrev for 2 timer siden:

, og eg ikkje har spinnakerfall til å sikra med.

Du har fokkefall og storseilfall. Sjekk at de hele og fine, og ikke som spinnakerfallet.

Fra dekk så kan du heve og senke fokkefall og storseilfall (bomløfter?) og se om det skjer noe.

Link to post
Share on other sites

Hei

 

Takk for tips. Storseilfallet er relativt nytt, og det eg brukar når eg blir heist opp i masta.

 

Eg er nett komen att frå ein tur i båten. Det gjekk heilt greit å få ut fallet.

Då pirka eg litt med eit skrujern.

 

Det kjem  òg ein trekketråd ut av opninga i masta. Eg får sjå kor andre enden kjem ut av masta.

 

Ask

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...