Ask Startet 10.Juni.2020 Del på Facebook Startet 10.Juni.2020 Hei I denne tråden kan de lesa om min mistanke om vatn i segldreva: I går hadde eg kontakt med ei firma som testar oljer. Der fekk eg tala med ein svært hyggeleg kar. Han anbefalte å ha litt olja på ei kokeplata, t.d. plata til kaffitraktaren. Dersom det kokar så er det vatn i olja. Er det einkvan som kjenner til denne testen, og eventuelt kan gå god for den? Eg saug opp litt olja med ei eingongssprøyta, satte ei gamal steikepanna på gassblusset, gav full gass. Etter ei stund spruta eg på ei teskjei olja. Det kom luftbobler/kokte som berre det. Etter ei stund var olja borte. Det er klart at under denne testen var steikepanna (av rustfritt stål) svært varm. Eg ringte karen på nytt, og han sa at alt har jo eit kokepunkt. Det er sjølvsagt korrekt. Han rådde til å ha litt vatn i panna. Når det koker er det hundre grader. Når vatnet så vidt kokte hadde eg i litt olja ved sida av. Då var det ikkje fordamping frå olja. Då kan eg klamra meg til håpet om at det ikkje er vatn i olja. Prøvane blei tatt etter at motorane hadde stått stille i over ei veka. No har eg køyrt motorane, og hatt motorane i gir. Det er snart tid for "B-prøven"... Dersom einkvan har tankar om denne testmetoden er eg takksam for info. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Eureka Svart 10.Juni.2020 Del på Facebook Svart 10.Juni.2020 Du har vel et digitalt steketermometer du kan sjekke temp med. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 10.Juni.2020 Emnestarter Del på Facebook Svart 10.Juni.2020 Hei Det har eg ikkje. Eg kan sjølvsagt kjøpa eit IR-termometer. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Eureka Svart 10.Juni.2020 Del på Facebook Svart 10.Juni.2020 Digitalt steketermometer får du for 200 kr. Kan man leve uten??? Sitér dette innlegget Link to post
Hulda Svart 10.Juni.2020 Del på Facebook Svart 10.Juni.2020 (redigert) Det kan jeg. Knekkebrød, gulost og rødvin. Hender jeg drar lokket av en boks makell i tomat. Michelin-gutta gidder ikke å besøke meg, av ukjent grunn. Termometer? Nix. Redigert 10.Juni.2020 av Hulda (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
sjarlatan Svart 10.Juni.2020 Del på Facebook Svart 10.Juni.2020 Her står litt om metoden: https://www.machinerylubrication.com/Read/301/visual-crackle-oil-test Og her er en YouTube video, https://www.machinerylubrication.com/Read/301/visual-crackle-oil-test Og en til, Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 10.Juni.2020 Emnestarter Del på Facebook Svart 10.Juni.2020 Mange takk sjarlatan! Likane var nyttige for meg. Hulda, du var ikkje så konstruktiv som du plar vera... Ask Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.