Ask Startet 28.Mars.2021 Del på Facebook Startet 28.Mars.2021 Hei Me skal skifta radar. Då må radarantenna skiftast, og den er ved salingen. Alle som har fiksa på båt veit at dårleg tilkomst kan gjera lette jobbar tidkrevjande og vanskelege. Det fristar ikkje å henga å dingla eit fall, og ei radarantenna veg òg nokre kilo. Etter å ha vurdert å leiga lift fann eg eg ut at eg like godt kunne setja opp stillas på fordekket. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 28.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Fortsetjing. Publiseringa gjekk litt raskt. Med stillas kan eg lettvint klatra opp og ned om eg har gløymt eit verktøy, slepp å ha folk til å sikra, og det er òg plass til to personar. Det kan vera nyttig om ein treng ei ekstra hand. Det er 6,7 meter frå dekk til salingshornet. Med heile familien i arbeid tok det to og ein halv time å setja opp stillaset. Med klatresele, festa til eit fall, på han som stod i stillaset, og ein til å kontrollera fallet var HMS-en ok. Me brukte òg eit fall til å heisa opp stillasdelene. Beina på stillaset er polstra med kapp frå eit liggeunderlag, for å unngå skader på dekk. Stillaset er stroppa fast til masta, og eg har òg festa skjøtetau frå stillaset og skrått ned til kvart hjørna av båten. Masta har diamantstag, Det vil m.a. sei at det er tre stag som går frå masta, til salingshornet og tilbake til masta. Eg måtte løysa eit av desse for å få stillaset heilt inn til masta. Desse strekkfiskane har sikkert ikkje vore skrudd på sidan båten var ny i 1995. Med verktøy på boks, og litt lirking klarte eg å få laus den eine enden av strekkfisken. Den andre bolten heng fast. Det vil vera greit å få løsna denne før eg skal montera på staget att. Eg vil ikkej bruka for mykje makt., fordi eg er redd for å øydelegga gjengene. Førebels får bolten nokre gode dosar med x4 verktøy på boks kvar gang eg er i båten. Eg er takksam for tips til å få laus bolten, utan å øydelegga gjengene. Varme med varmluftpistol? Bilete kjem. Adre delprosjekt er å: -montera nytt dekkslys. Om eg hadde planlagt betre hadde eg kjøpt ny kabel, og skifta den òg. -forbetra lazyjacks -fjerna ei antenna, som enten er til ein vêrfaks, eller til ein kortbølgeradio. -smøra den delen av masteskinna eg kjem til. -Inspisera det eg kjem til. Den nye radarantenna har større diameter enn den førre, og eg må forlenga stativet. Den gamle antenna er montert nesten heilt inntil masta. I følje boka skal den nye antenna, B & G Halo 20, ha minst 255 mm frå antenna til masta. Er det einkvan som veit om det er naudsynt med så stor avstand? Det er berre klistremerket som skil antenna frå Simrad, og eit anna merke eg ikkje kjem på i farta. Eg satsar på å publisera etterkvart som arbeidet går framover, og kjem heilt sikkert med fleire spørsmål. Ask Sitér dette innlegget Link to post
sunnmøre Svart 28.Mars.2021 Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Stilas på dekk var orginalt og godt påkome😀 Sitér dette innlegget Link to post
seilfred Svart 28.Mars.2021 Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Jøss, det må jeg si! Har aldri sett det før.. må nesten være forbeholdt flerskrogsbåter. Men hvorfor ikke stige? Sitér dette innlegget Jeg vet ikke hvorfor min båt lekker, men en dag kommer jeg til bunns i problemet! Link to post
Ask Svart 28.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Hei Ein stige måtte vore 8-10 meter lang, og så lang stige har eg ikkje. Anleggsflata mot masta ville òg blitt liten. Denne strekkfisken har eg lyst til å få opp utan å øydelegga gjengene. Sitér dette innlegget Link to post
index Svart 28.Mars.2021 Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Varme og rustløser burde fungere. Varm den så godt det går, og spray med rustløser. Bruk gjerne propanbrenner. Sitér dette innlegget "First they ignore you, then they ridicule you, then they fight you, then you win." - Mahatma Gandhi Link to post
Ask Svart 28.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Takk index. Vil sterk varme føra til varig svekking? Vil ikkje bruk av propanbrennar gje varige merker? Sitér dette innlegget Link to post
seilfred Svart 28.Mars.2021 Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Får du hekta av hele strekkfisken av masta? Isåfall kunne du kanskje varme den på gassblusset i byssa? Kan ikke se for meg at det skal gi merker som ikke kan vaskes eller poleres bort Sitér dette innlegget Jeg vet ikke hvorfor min båt lekker, men en dag kommer jeg til bunns i problemet! Link to post
seilfred Svart 28.Mars.2021 Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Det er vel ikke en slags setskrue det der vel? Ville ikke tro det, Men noe er det jo.. Sitér dette innlegget Jeg vet ikke hvorfor min båt lekker, men en dag kommer jeg til bunns i problemet! Link to post
Ask Svart 28.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Takk Seilfred. Eg får ikkje hekta strekkfisken av masta, men eg kan nok få lånt ein propanbrennar. No har eg fått demontert antenna. Diverre heng kabeln bom fast, og rikkar eg ikkje ein millimeter. Dette uavhengig av om eg dreg ovanfrå eller nedanfrå. Einkvan som har vore ute for liknande? Alternativet er vel å bora eit nytt hol i mastar, og tre i den nye kabelen. Sitér dette innlegget Link to post
Nevermind Svart 28.Mars.2021 Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Du får egen olje til strekkfisker, men det er godt mulig WD-40, CRC 5-56 e.l. kan gjøre jobben. La den bare få tid til å trenge inn. Dersom kabelen til radarantennen er stuck der den kommer ut av masten ville jeg forsøkt å bore ut den gamle. Alltid greit å begrense antall hull i masta, samt å få bort kabler som ikke er i bruk. Sitér dette innlegget Link to post
index Svart 28.Mars.2021 Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Ask skrev for 8 timer siden: Takk index. Vil sterk varme føra til varig svekking? Vil ikkje bruk av propanbrennar gje varige merker? Nei, så varmt blir det ikke. Så det går bra. Sitér dette innlegget "First they ignore you, then they ridicule you, then they fight you, then you win." - Mahatma Gandhi Link to post
Ask Svart 28.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 28.Mars.2021 Nevermind. Eg vil gjerne har ut den gamle kabelen ja! Kabelen heng bom fast einkvan stad inne i masta. Kabelen heng ikkje fast der den går inn/ut av masta. Ved nærare ettertanke er det eit lite beslag litt under antenna. Kanskje eg kan fjerna det, og då er det nok eit hol i masta bak beslaget. Eg har strekkfiskolja.Penetrerer slik olja betre enn "verktøy på boks" Sitér dette innlegget Link to post
Nevermind Svart 29.Mars.2021 Del på Facebook Svart 29.Mars.2021 Tror kanskje ikke den penetrerer bedre, men at den tåler større trykk. Litt oppvarming vil hjelpe på å få oljen til å lettere trekke inn der det er mulig. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 30.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 30.Mars.2021 Hei Den nye radarantenna har større diameter enn den gamle. Den nye antenna har òg større avstand mellom boltfesta. Alternativa var å kjøpa ny til 4000+, eller forlenga den ekstisterande braketten. Valet var enkelt. Eg leverte braketten, og antenna, til den lokale mr. Fix it i ettermiddag i sekstida. To timar seinare kunne eg henta greiene. Slik blei det. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 30.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 30.Mars.2021 Fortsetjing. 8 mm aluplata, og forsenka boltar. 750 kr inkludert plata, boltar og mutrar. Av vektomsyn kunne gjerne stykket i midten av braketten vore skore ut, men eg ville ikkje be om meir på kvelden. Eg får sjå om eg tek drill og vinkelslipar fatt i morgon. Det var festa ein wire mellom brakett og mast. Er det ei sikring, eller er det jording? Einkvan som veit? I morgon blir det å sloss med den gjenstridige gamle kabelen, eller bora hol i masta og tre i den nye kabelen. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Euklid Svart 30.Mars.2021 Del på Facebook Svart 30.Mars.2021 Stillas var en artig idé – det skulle jeg nok slitt litt med å få til på min båt. Wiren er nok bare en sikring, for å hindre radaren fra å ramle i hodet på noen hvis festet skulle gi seg, det er i alle fall veldig vanlig å ha det slik. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 30.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 30.Mars.2021 Takk Euklid. Om du ser etter så kan du sjå at det er bora tre mindre hol (6 mm) til wiren. Angåande stillas. "Man tager hva men haver" Eg er glad eg satte det opp. Eg har vore i masta nokre nokre gangar dei siste dagane, og det hadde vore tungvint med klatring. I tillegg er det greitt å vera to mann til deler av jobben. Stillaset er tre meter breitt, men du får smarlare stillas òg. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 31.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 31.Mars.2021 Hei. I dag fekk eg ut den gamle kabelen. Dette beslaget var rett under salingshornet. (Radarantenna er rett over.) Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 31.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 31.Mars.2021 Av ein eller annan grunn får eg ikkje til å skriva etter at eit bilete er lasta opp. Difor mange meldingar. Eg bora ut popnaglane, og tok bort beslaget. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 31.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 31.Mars.2021 Fortsetting. Legg merke til trekkerøyret/kabelrøyret til høgre. Den gamle kabelen kom ut av eit hol, i kabelrøyret, om var hadde same diameter som kabelen. Gudane må veta korleis masteprodusenten har fått til dette. Biletet er tatt etter at eg utvida holet i kabelrøyret. Då gjekk det lett å trekka ut den gamle kabelen. Eg festa ei snor til kabelen, og hadde ambisjonar om å bruka snora til å trekka den nye kabelen. Kor lenge var Adam i Paradis? Etter å trekt ny kabel i 30-40 cm var det bom stopp! Etter ein del stygt snakk gav eg opp båtfiksing for i dag. Eit anna delprosjekt er å forbetra lazyjackane. Dei er festa eit par meter over salingshornet. Er det ein god ide å bruka same festet, i masta, og bruka salingshorna til å dra lazyjackane ut frå masta? Då vil det vera større avstand mellom linene, og eg inbiller meg at det blir lettare å få storseglet opp og ned. Synspunkt? kan eg risikera å skada salingshorna? Ask Sitér dette innlegget Link to post
pirlo Svart 31.Mars.2021 Del på Facebook Svart 31.Mars.2021 På de to båtene jeg har hatt med lazyjacks har de vært festet i selve salingshornene. Kan egentlig ikke se for meg at de kan ta skade på noe vis. Men om det vil være tilstrekkelig til at du får mindre vansker med storseilet kan jeg vanskelig svare på... Sitér dette innlegget Link to post
seilfred Svart 31.Mars.2021 Del på Facebook Svart 31.Mars.2021 Er det bare lazyjacks eller lazybag det er snakk om? Hvis lazybag tror jeg ikke det har noe å si, da spilene i den vil sørge for at den hele tiden vil ha en hang til å åpne seg. Hvis det er kun lazyjacks, så kan det vel være at den åpnere vinkelen vil virke bedre. Sitér dette innlegget Jeg vet ikke hvorfor min båt lekker, men en dag kommer jeg til bunns i problemet! Link to post
Ask Svart 31.Mars.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 31.Mars.2021 Hei Takk for svar. Me har lazybag. Sitér dette innlegget Link to post
seilfred Svart 1.April.2021 Del på Facebook Svart 1.April.2021 Du kan jo prøve nå som du har stillaset oppe. Det må jo bare ikke bli sånn at bagen blir tung å glidelåse sammen fordi lazyjacksene trekker ut til hver sin side Sitér dette innlegget Jeg vet ikke hvorfor min båt lekker, men en dag kommer jeg til bunns i problemet! Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.