Jump to content

Selva 100hk utenbordsmotor, Oljelekkasje


Nils

Recommended Posts

Eg har ikkje så mykje greie på motorbåt, er det nokon som har ein ide om kor denne olja kjem frå?

 

Selva blir produsert av Yamaha, om det kan vera til hjelp.  Bildet skulle vore rotert 90 grader til venstre, og oljelekkasjen kjem når motoren er løfta opp.

20210909_152224.jpg

Edited by Nils (see edit history)
Link to post

Ta av dekselet og bruk øya nøie, det er jo umuligt for oss her på internett å gjette oss frem til hvor den oljeflekken kommer ifra når det eneste bilde vi får er av en oljeflekk og dekselet gjemmer hele motoren 

Link to post

Takk for svar.  Eg må nok undersøka under dekslet, men sidan eg er litt lat, tenkte eg kanskje nokon hadde opplevd liknande.  Elles tviler eg litt på at dette berre er søl frå oljeskift, slikt søl burde bli borte etter eit par døgn.  

 

 

Link to post

Hei Eika. 

Beklager klønete språk.  Eg er på ingen måte lat, men når det er ting eg ikkje har lært enno, spør eg om råd:smiley:

 

Det er ikkje min båt, eg jobbar dugnad.  Første gong vi oppdaga lekkasjen, løfta vi båten på land morgonen etter.  Dessverre lak det ikkje olje når båt og motor stod på land, fordi motoren vart senka til kjørestilling.  Vi trudde den gongen at lekkasjen kom frå løftesylinder eller propellaksling, sidan utsleppet vart borte når motoren stod i vatnet.  Slik som det er no, reiser eg inn ein gong for dagen for å tørka opp oljesølet før det går ut i sjøen, så eg håper verkeleg at vi finn ut kor olja tek vegen ut or motoren.

Link to post

Så du har reist inn dit å tørka opp olje flere ganger, uten og ta av dekselet og se nøie etter hvor det er oljesøl inni motoren ? 

 

Ville heller brukt tid på å leite etter lekkasjen enn å tørke olje jeg da. 

 

Men det er sånn jeg tenker når det gjelder båt

Link to post

Eika, eg trur du og eg tenker likt når det gjeld båt. Eg spurte om hjelp.  Unnskyld.

 

Tilten på motoren fungerer ikkje.  Etter omfattande feilsøking og reparasjon av dårleg terminerte kablar, er feilen er lokalisert som jordingsfeil.  Vi venter på ny hovudstraumskabel til motoren, sjå bildet under.

 

IMG_7709.JPG.098a6f41fc71ef209451c9a3f2b1d55d.JPG

 

Utan tilt er feilsøking av oljesøl litt trøblete, all tid det berre er med løfta motor vi har lekkasje.

 

Prioriteten min har då vore- feilsøking/feilretting jordingsproblem på motoren, og å hindra oljesøl i sjøen fram til eg får sjekka kvar olja kjem frå.  Eg har jobba med problemet i to-tre dagar.

 

Når eg laga tråden hadde eg eit lite håp om at nokon hadde erfaring med same problem, slik at eg kunne spara litt tid.  

Link to post

Join the conversation

You can write a topic or comment now, it will be posted after you have registered. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...