Jump to content

Problem med autopilot AP40


AMI

Recommended Posts

Eg har ein autopilot av typen AP40 i båten. Denne er vidare utstyrt med ein J100 styringsboks og rorfølar av typen RF140. Når eg prøver å aktivere autopiloten, får eg feilmelding om at rorsignalet vantar. Forstår det slik at autopiloten ikkje får informasjon om kva stilling roret står i. Dette kan type på at rorfølaren er defekt, sjølv om ein ikkje kan utelukke at der er feil i resten av systemet og. Autopiloten har hatt denne feilen i mange år, og igrunn aldri fungert etter at eg kjøpte båten.

 

Eg prøvde å kontakte Navico, og dei kom med god hjelp. Dei anbefalte at eg fekk testa med ein ny rorfølar, for å sjå om det er den som er gåen. No har eg ikkje funne nokon forhandlar nært meg som har slike til utlåns, så eg har dermed ikkje fått testa enda. Det eg likevel forstår, er at ein ny rorfølar eg nokså kostbar.

 

Er det verdt prisen å reparere ein så gamal autopilot? Er det nokon som har erfaring med slikt, og kor lenge dei varer dersom ein set den i stand?

 

Dersom eg kjøper ein heilt ny autopilot i staden, er det nokon som veit om gode autopilotar som kan brukast på båtar med påhengt hydraulisk pumpe? Slik det ser ut for meg, så har dei fleste moderne anlegg elektrisk pumpe, der pumpa berre går når roret skal svinge.

Link to post
11 hours ago, Roger jo said:

Raymarine er et bra merke.

Det drar på seg mange kroner å kjøpe nytt, så en må vurdere alder på det en har og hvor fornøyd en har hvert med det.

Send en mail til  post@gsmarine.no og spør, fikk veldig god service der i vinter.

Eller her.

https://www.facebook.com/gsmarineproduksjon/

 

 

Takk for gode tips, eg skal sjekke opp her.

 

11 hours ago, Lunde14 said:

Jeg fikk et slik problem på min og det viste seg at indikatoren hadde gått over endeslaget når jeg svingt har over den ene veien slik at rorindikatoren var 180 grader feil

 

Takk for respons, det kan tenkjast det er noko så enkelt med meg og. Kom den i normalt lage igjen når du fekk den i rett posisjon?

Link to post

Er ikke disse rorfølerne bare variable motstander/potensiometer? Da skal det være mulig å måle motstanden gjennom disse når man vrir på roret, eller føleren om du har demontert den. 

 

Andre med mer peilig kan sikkert bekrefte/avkrefte dette og evt. komme med informasjon om hva måleverdiene skal være.

Link to post
2 hours ago, "LISE" said:

Er ikke disse rorfølerne bare variable motstander/potensiometer? Da skal det være mulig å måle motstanden gjennom disse når man vrir på roret, eller føleren om du har demontert den. 

 

Andre med mer peilig kan sikkert bekrefte/avkrefte dette og evt. komme med informasjon om hva måleverdiene skal være.

 

Slik eg forstod dei på NAVICO, så var AP40 og J100 avhengig av ein rorfølar som gav frekvens (?). Akkurat kva det vil seie forstår eg ikkje 100%, men tolkar det dit at det ikkje er ein variabel motstand. Vil tru det må vere slik at det er eit signal der frekvensen på det vert endra når ein dreiar roret?

Link to post

Dessverre utenfor mitt kompetanseområde. Men vil tro det kommer flere på banen her inne etterhvert som kan gi bedre svar. Robertson AP40 var jo en relativt utbredt autopilot, så finnes sikkert kompetanse og deler der ute å få tak i.

 

Selv hadde jeg en AP100 som jeg byttet ut og solgte for noen år siden til en som trengte deler.

Link to post
4 hours ago, fannefjord 2 said:

er ikke rf 140 en ror indikator og ikke en ror føler ?

 

Det er godt mogleg. Eg sendte berre nokre bilete av utstyret til NAVICO, og fekk følgjande svar: "Samme med rorføler, jeg ser ikke typen, med det er sannsynligvis en RF140."

 

Biletet av følaren prøver eg å leggje inn under her:

 

DSC_0430.JPG.b86169536a5f59c9913c6f6d27ea77f0.JPG

Link to post

ble litt feil dette . det er en rf 140 rorføler . den skal gi 3400 hz når den er sentrert og øke og minske med 20hz pr grad . det må da gå an å demontere den og teste den hos et båtelektronikk firma . har du konstantgående pumpe siden du har en j100 koblingsboks det skal også finnes en rf14 rorføler som kan brukes på ap40

Link to post
8 hours ago, fannefjord 2 said:

ble litt feil dette . det er en rf 140 rorføler . den skal gi 3400 hz når den er sentrert og øke og minske med 20hz pr grad . det må da gå an å demontere den og teste den hos et båtelektronikk firma . har du konstantgående pumpe siden du har en j100 koblingsboks det skal også finnes en rf14 rorføler som kan brukes på ap40

 

Pumpa går konstant ja, reimdreven frå dieselmotoren. Forstod det slik at både RF14 og RF40 skulle gå an å bruke, men veit ikkje om det stemmer? Når eg søkjer på nett ser det ut som RF45 har frekvensmåling.

 

7 hours ago, Roger jo said:

Ser merkelig ut på bilde. er boksen løs ser ut som den er ute av senter.

Er rød strek senter , sort strek   her er akslingen og ute av senter. 

Ser ut som det har hvert vannskade også.

Er boksen til å åpne, bør rettes opp på nytt også.

DSC_0430.JPG.b86169536a5f59c9913c6f6d27ea77f0.jpg.74db077dc76f4f26a106ec11b5380111.jpg

 

Den har stått slik så lenge eg har hatt båten, men det kan godt tenkjast at den er ute av lage likevel. Boksen verkar fast, men tilkomsten er heilt elendig. Når eg tok biletet så haldt eg telefonen opp mellom bjelkane heilt opp under dekk. Eg skal prøve å løyse heile stasen og sjå kva som skjer då. Når det gjeld vatn, så trur eg det er oljesøl frå arbeid med styresylinderen som har medført farge på treverket. Nevnte tilkomst gjer det heilt nyttelaust å prøve å samle opp noko søl.

Redigert av AMI (see edit history)
Link to post
16 hours ago, Roger jo said:

Det ser da ut som rust på lokket og rundt skruen.

Er ror utslaget like langt til SB og BB fra senter?  

Roret går litt lenger til eine sida, hugsar ikkje eksakt kor mykje det var snakk om. (Trur ikkje eg målte det heller, det var vel berre augemål eg brukte.)

 

På eine sida har ein nok på grunn av tilkomst ikkje fått skruen heilt inn, så der var lagt ei hylse mellom som ikkje var rustfri. Den er rusta. Klimaet på slike tresnekker er nok meir eller mindre perfekt for rust. Stadig tilførsel av salt sjøluft og dogg, kombinert med konstant skugge slik at det aldri tørkar opp. Det doggar muligens meir enn eg var klar over der bake, men regn kjem ikkje til.

 

Sjølve boksen er ein slags heilstøpt sak, skruane er berre for å feste den til treverket. Med mykje list og lempe greidde eg å få dei ut i dag. Boksen ser heil ut, men det er vel mogleg at doggvatn med tid og stunder finn vegen ned langs sjølve akslingen?

 

Elles vandra indikatorhendelen lett og fritt heilt rundt. Eg testa AP40en med hendelen i fleire posisjonar, men det verka ikkje som det spelte noko rolle. Alarm for "RUDDER FEEDBACK FAIL" var konstant.

 

Eg legg ved nokre bilete eg tok etter at eg demonterte den (ein ser tydeleg doggdropar på bileta):

 

20210928_124242.jpg.e139955a3e8977cf3e04e645aa07f289.jpg20210928_124432.jpg.5213c5c5b77e7e86ad1ace6b08fa4e5e.jpg20210928_124619.jpg.d940a4c767c4b9c919940f2fccdc1bb0.jpg20210928_124223.jpg.afc1152894810c96e5d6ee29bbacebcd.jpg

Link to post

 

AMI skrev for 7 timer siden:

Elles vandra indikatorhendelen lett og fritt heilt rundt.

Der Var jeg for sent ute, det er normalt merke for senter. 

Kjenner ikke den typenM men de jeg har hvert borti har fjærspend   Og vandrer bare et stykkede de to ovale sporene er for fin justering, men da skal sporet i akslingen også være i senter du kan måle se hva fannefjord skriver. han vet sikkert om den har fjærspend, har den det er den nok blåst eller spør Navico, normalt er senter tvers ovenfor ledningen.  

 

fannefjord 2 skrev On 27.9.2021 at 16.38:

det er en rf 140 rorføler . den skal gi 3400 hz når den er sentrert og øke og minske med 20hz pr grad . det må da gå an å demontere den og teste den hos et båtelektronikk firma . har du konstantgående pumpe siden du har en j100 koblingsboks det skal også finnes en rf14 rorføler som kan brukes på ap40

 

Redigert av Roger jo (see edit history)

Kokekyndig maskinist kjent på kysten.

Link to post
  • 1 måned senere...
On 9/29/2021 at 8:19 AM, fannefjord 2 said:

skal gå an å sentrere rorføleren via kontrollpanelet i et debug system . Hvis du laster ned manualen på nett står det der hvordan du gjør det på norsk

 

Då har eg lese eindel i manualen, og prøvd å sentrere. Menyen og slikt kjem opp i samsvar med manualen, men etter kort tid vert det avbrote av alarm med "RUDDER FEEDBACK FAIL". Eg prøvde vidare å kople frå heile rorfølaren, og det oppførte seg igrunn likt når den var fråkopla.

 

Elles las eg eindel/nøyare i manualen, og det er tydeleg at desse følarane kan vandre heilt rundt, utan noko endestopp. Reint mekanisk er nok difor ting som dei skal vere.

 

Eg ser at ein ny rorfølar RF45X er nokså dyr, så eg tvilar på om det vert aktuelt å koste så mykje på anlegget. I verste fall er det sjølve styringsboksen som er gåen, og då vil det ikkje hjelpe med ny rorfølar heller. Det einaste må vere om eg kjem over noko brukt utstyr til ein rimeleg penge.

Link to post
  • 4 uker senere...

Du må være innlogget for å kunne svare.

Logg inn med eksisterende, eller opprett ny, konto.

Opprett ny konto

Gratis og helt uforpliktende

Klikk her for å opprette konto.

Logg inn

Logg inn dersom du har konto

Logg inn


×
×
  • Create New...