Jump to content

Yanmar 2GM20F, luft i dieselsystemet?


Ask

Recommended Posts

Hei.

 

I går stogga den eine av våre Yanmar 2GM20F. 1997 mod.

 

I forgår skjedde det eit par gangar at turtalet falt litt, men gjekk opp att til slik det var. Ca. 2600 rpm.

 

I går så daua motoren brått av. Eg sjekka både vassutskiljar, grov- og finfilteret,

Filtra såg ut som nye, og det var ingen teikn til vatn eller dieseldyr.

Det var diesel i begge filterhus.

Det fortel meg at det ikkje er blokkert dieseltilførsel som er problemet.

 

(Tanken blei reinsa i 2020.

Då hadde eg tanken ute av båten, og reinsa tanken så godt det lot seg gjera på ein tank som ikkje har mannhol.

Det var ikkje noko som tyda på dårleg diesel då heller.)

 

Etter å ha lufta systemet starta motoren på første forsøk, og gjekk fint ei stund.

 

Dette skjedde 2-3 gangar.

 

Eit par gangar falt turtalet. Då var eg rask med å lufta litt, og då gjekk motoren fint.

Siste gang blei motoren noko varm, trur eg. Då stogga eg motoren og gjekk heim med den andre motoren.

 

Eg lurar på om årsaka kan vera luft i systemet.

 

Einkvan som har gode tips?

 

 

Ask

 

 

 

 

Link to post

Hei.

 

Eg skal avslutta denne tråden (håpar eg) med stil.

 

Når eg har ute lufteskruen/bolten på toppen av finfilteret, og pumpar med matepumpa kjem det ein liten "geysir" med diesel.

Matepumpa er såleis friskmeldt.

 

Eg såg at det mangla pakning på den eine lufteskruen. Eg sette på ny pakning, og motoren gjekk fint.

Eg lot motoren gå ein times tid, på 1200 omdreiingar medan båten var fortøydd til brygga.

 

Det må ha mangla pakning i mange år, og det er ingen andre å skulda på enn meg sjølv:smiley:

 

Om eg ikkje postar meir i denne tråden var manglande pakning årsaka.

 

 

Link to post

Join the conversation

You can write a topic or comment now, it will be posted after you have registered. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...