Ask Startet 8.Juli.2022 Link til dette innlegget Startet 8.Juli.2022 Hei. I går stogga den eine av våre Yanmar 2GM20F. 1997 mod. I forgår skjedde det eit par gangar at turtalet falt litt, men gjekk opp att til slik det var. Ca. 2600 rpm. I går så daua motoren brått av. Eg sjekka både vassutskiljar, grov- og finfilteret, Filtra såg ut som nye, og det var ingen teikn til vatn eller dieseldyr. Det var diesel i begge filterhus. Det fortel meg at det ikkje er blokkert dieseltilførsel som er problemet. (Tanken blei reinsa i 2020. Då hadde eg tanken ute av båten, og reinsa tanken så godt det lot seg gjera på ein tank som ikkje har mannhol. Det var ikkje noko som tyda på dårleg diesel då heller.) Etter å ha lufta systemet starta motoren på første forsøk, og gjekk fint ei stund. Dette skjedde 2-3 gangar. Eit par gangar falt turtalet. Då var eg rask med å lufta litt, og då gjekk motoren fint. Siste gang blei motoren noko varm, trur eg. Då stogga eg motoren og gjekk heim med den andre motoren. Eg lurar på om årsaka kan vera luft i systemet. Einkvan som har gode tips? Ask Sitér dette innlegget Link to post
Johannes Svart 8.Juli.2022 Link til dette innlegget Svart 8.Juli.2022 Det virker absolutt som at du få luft inn mellom tank og matepumpe. I og med at dette kom ganske plutselig er membranen i matepumpa et sted å begynne. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 8.Juli.2022 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 8.Juli.2022 Takk for tipset. Det skal eg sjekka. Er det noko eg bør vera merksam på når eg opnar matepumpa? Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 14.Juli.2022 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 14.Juli.2022 Hei. Eg skal avslutta denne tråden (håpar eg) med stil. Når eg har ute lufteskruen/bolten på toppen av finfilteret, og pumpar med matepumpa kjem det ein liten "geysir" med diesel. Matepumpa er såleis friskmeldt. Eg såg at det mangla pakning på den eine lufteskruen. Eg sette på ny pakning, og motoren gjekk fint. Eg lot motoren gå ein times tid, på 1200 omdreiingar medan båten var fortøydd til brygga. Det må ha mangla pakning i mange år, og det er ingen andre å skulda på enn meg sjølv Om eg ikkje postar meir i denne tråden var manglande pakning årsaka. Sitér dette innlegget Link to post
Johannes Svart 14.Juli.2022 Link til dette innlegget Svart 14.Juli.2022 Flott om det var feilen. ? Men den pakningen som manglet burde vel eventuelt ført til lekkasje av diesel, ikke luft i systemet? Matepumpen skal jo sørge for overtrykk. Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.