Mammut1 Startet 16.Desember.2024 Link til dette innlegget Startet 16.Desember.2024 Eg har ein Rana 17 DC Lux 85 som eg har lyst til å fikse litt på. Der er småskader i plasten, bakre del av kalesja er gåen og eg kunne tenkt meg ei lita forsterking av akterspeilet. For å nevne noko. Eg er båt-fersking og må dermed konsentrere meg om ein ting i slengen. Så det første eg må sjå på er det elektriske (lanternene er gåen og lensepumpa er elendig tilkopla batteriet). Kunne tenke meg å flytte batteriet frå SB side i tverrbenken til under passasjersetet på BB side, fordi: - skille bensin og elektro (brannfare) - bedre balanse i båten (har sandsekk under BB sete i dag) - frigjort plass i tverrbenk er stort nok til å stue fenderar - det er potensielt tørrare under setet iom at bakre del av kalesja manglar. Minus med denne flyttinga er vel at det blir dyre straumkablar til motoren. Der står ein Suzuki DT40 97 på den, og kabelstrekket blir ca 4m (kvar veg). Enkelte nevner også at det blir eit problem med meir slag når batteriet er lengre framme. Eg trur dog ikkje at det er eit reelt problem i dette scenarioet. Denne båten er ikkje noko digg når det byrjar å slå uansett, så det brukar eg å unngå. Synspunkt? Eg må lande dette før eg kan gjere ferdig koplingsskjema og bestille det som trengs. Og eg blir ikkje einig med meg sjølv Sitér dette innlegget Link to post
Sjarkmann Svart 17.Desember.2024 Link til dette innlegget Svart 17.Desember.2024 Såpass liten båt så vil nok batteri fremme gjøre det litt mere komfortablet å med tanke på slag i motsjø. Mere vekt frem. Om du går for ett GELbatteri og stropper det godt fast vil nok det være bedre enn å ha det der det står idag. Anngående kabler så må du kanskje litt opp i dimensjoner iogmed at det blir langt strekk på dem. Men det finner du kalkulator for på nett. Minst mulig kableskjøt. Og prøv å lukk inn mest mulig av koblinger og slikt. Slik som lensepumpe om du vil ha det orntlig så sett inn en liten tett koblingsboks med wago inni. Lett å bytte om det skulle være noe og tett. Med skrunippelgjennomføringer å sett den litt høyt. Tenkt alltid dryppebue å at nippler og slikt peiker ned😉. Sitér dette innlegget Har du kontroll, kjører du ikke fort nok!! Link to post
Mammut1 Svart 17.Desember.2024 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 17.Desember.2024 Då har eg bestemt meg for å flytte batteriet fram. Det med tett koblingsboks var smart. Det skal brukast der det blir skøyt. Ellers tenkte eg 25kvmm kablar frå motor til batteri. Eit sikringspanel nært batteriet ala dette: https://a.aliexpress.com/_EQt3vRe med 1,5/2,5 kvmm kablar ut til dei få forbrukerane der er, via eit lite brytarpanel på dashboardet. Batteriet som står det i dag er eit nesten nytt 75Ah «marint» Biltema-batteri. Eg tenkte å bygge ein plattform av tre og putte ned i kassa under setet (bilde av motsatt sete): Så montere fast ei jekkestropp i plattforma og feste batteriet med den. Bra/dårlig plan? Har også lyst til å bytte ut Suzuki-kontrollboksa (som er litt herpa) med ein generisk gear/gass spak, og integrere elektronikken i dashboardet. Har funne dette fargeskjemaet: … men lurer på: - «TACH» - kan eg berre kjøpe ein turteller og kople til denne? - «WARNING TEMP» - kople på ein lampe og få temperaturalarm? Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 20.Desember.2024 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 20.Desember.2024 Då har eg fått bestilt masse elektro-greier. Bør straum til motor være kobla på hovedstraumbrytar? Har tenkt å bruke eit fjernstyrt 200A relé til formålet (med ein tradisjonell brytar i tillegg som manuell nød-bypass). Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 21.Desember.2024 Link til dette innlegget Svart 21.Desember.2024 Hei. På min Polarcirkel 15 har eg flytta batteriet frå sb akter til bb nesten heilt framme. Eg laga ei ramma av trykkimpregnert treverk som batteriet står på. Batteriet er stoppa fant mrd ei stropp. Det har funka bra i eit par år. Eg brukte kablar på 50 mm2. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 21.Desember.2024 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 21.Desember.2024 Godt å høyre at det er andre som har flytta batteriet fram også i små båtar. Korleis festa du den heimesnekra konstruksjonen din til «resten av båten» @Ask? I mitt tilfelle skal den ned i ei setekasse som vist på bilde over. Vurderer å lime den, men det vil gjere det umulig å komme til under - dersom det av ein eller annan årsak blir nødvendig. Vurderer også å skru gjennom sidene på kassa, men då er den ikkje lenger tett. Litt av tanken med denne plasseringa er jo at setekassa fungerer som batterikasse og at det då kan komme ~30cm vatn inn i båten utan at det flaumar inn til elektronikken. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 21.Desember.2024 Link til dette innlegget Svart 21.Desember.2024 Hei. Batteriet kviler på ramma. Eg skrudde eit par skruar gjennom eit skott, og inn i ramma. Eg bora eit hol i skottet litt lågare enn batteriet, og eit litt høgare. Ei lastestropp klemmer langsida på batteriet mot skottet. Eg brukte ei lastestropp utan krokar. Altså at stroppa blir ei løkka. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 21.Desember.2024 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 21.Desember.2024 Det høyrest fornuftig ut. Eg trur eg gjer noko liknande; festar heile trekonstruksjonen med fire skruar. Prøvar å få det tett rundt skruane. Droppar lim. Det vil være ok å kunne ta bort sulamitten for ytterligare modifisering - eller når eg mistar gifteringen ned i eitt av dei planlagte dreneringshola. Eg er forøvrig ikkje gift, men det kan jo også skje… Då er det berre å sette i gong å snikre. Framhald - og fleire bilder - følgjer (om ei stund). Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 5.Januar Emnestarter Link til dette innlegget Svart 5.Januar Ny el-sentral som skal under passasjersetet på gang: Det er eit fjernstyrt relé som hovedbrytar med manuell override som backup. Sikringar før og etter hovedbrytar (førstnemnte til lensepumpe). Føler eg bør ha hovudsikring, men har forstått det slik at dette ikkje er vanleg? Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 5.Januar Emnestarter Link til dette innlegget Svart 5.Januar Har plukka av nokre teak-lister mens eg venta på stæsj til el-anlegget. Ser slik ut etter nedpussing: Er der nokon måte å få vekk dei mørke felta på? Eg har funne ein passe retro lakk eg likar (Jotun Yatching Ravilakk), men prøvelakkering viser at dei mørke felta blir enda tydeligare etter lakkering: Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.