Jump to content

Rana 17, oppussing light


Mammut1

Recommended Posts

Vidar F.H. skrev On 31.1.2026 at 23.27:

 Det er ingen vits i å ha gelcoat på slike hull. Det gjør du bare når du skal reparere et skruehull du ikke trenger lengre.


Takk, det var det eg trudde, men eg blir som ein autist når det kjem til epoxy/glasfiber. Må ha det med teskei, og likevel går det voldsomt med tid til spekulering. Slik er det å prøve nye ting, det blir bedre når ein har gjort det ein gong eller tre. 

 

Vidar F.H. skrev On 31.1.2026 at 23.27:

om det er null grader tenker jeg at du kan la båten være til det blir litt varmere i været. Alternativt varmer du opp skroget med en vifteovn, og lar den stå på til det har herdet ferdig.


Optimalt sett; ja, eg burde vente til det blei varmare. Det er berre det at neste veke reiser eg vekk, så startar eit prosjekt på huset, og vipps er vi langt ut i mars og det nærmar seg sjøsetting. I tillegg har værgudane bestemt at det skal være usedvanleg kaldt i veke etter veke etter veke. Ski- og fjellentusiastane er euforiske over dette «nydelege» været, men eg veit at vi her nordvest får straff for dette kroniske høgtrykket i vår/sommar. 
 

Det ser uansett ut til å herde, men det tek lenger tid. Eg tetta hola i det ekte akterspeilet på fredag, og var nede og sjekka no (mandag). Det er hardt. Eg sette opp ein vifteovn som bles langs akterspeilet for sikkerheits skuld. 
 

I dag har eg også bora opp hol for badestige (gjennomgåande) og svingar, og fyllt desse med epoxy. Det blir litt trangt å ha stigen og svingaren på samme side, men det går. Har lyst å ha brakett til ekstramotor på babord side. Flagget er også på babord, og det er jo teit å klatre rett opp i det. No skal det få herde eit par dagar, og så er det på tide å ha gelcoat på dei hola som skal tettast permanent. 
Denne økta tok for øvrig nesten tre timar :forvirret: Rett og slett fordi eg er nybegynnar, og brukar tid på alt. F eks:

- prøvemontere badestige - måtte tilbake til huset og hente tvinge for å feste den såpass at eg fekk markert skruehola. 

- svingarbraketten besto av to forskjellige delar (takk Lowrance), så alt måtte settast sammen før eg kunne lage hol. Trengte to 14mm piper/nøklar, hadde kun ei. Tilbake til huset igjen. 
 

Neste økt blir å prøveslipe/prøvepåføre gelcoat på prøvetrestokken i kjellaren, deretter gjere det samme på båten. 

Link to post


Det er lurt å varme opp området som skal fikses på. Da går herdingen raskere. Du kan evt. lage deg et telt med en presenning - men tenk nå for Guds skyld på brannfaren! Du gjør mye godt bare ved å "senke taket" over området du skal holde varmt. Varmen stiger jo som kjent oppover. Ikke at vi er forvent med det i Nordnorge - en av mange gode grunner jeg hadde for å utvandre til Vestlandet! :)

 

Ellers er det OK med teskje-spørsmål. Hvis alle kunne alt fra før hadde livet vært kjedelig. Du er smart som prøver deg fram på en trebit før du gyver løs på noe som koster mye mer penger.

 

Det kjekke er jo på side 2 av dette - når du har fått gjort en masse kjekke oppgraderinger på båten og sitter der med en rekke erfaringer. Det er jo slik at jo mer du kan, jo flere muligheter ser du. For min egen del er det med skrekkblandet fryd at jeg skal gå til innkjøp av ny brukt båt i år. Budsjettet er ikke avklart ennå, så jeg vet ikke om det blir prosjektbåt eller det blir båt som bare trenger litt kjærlighet, og SÅ kan Vidar-prosjektene begynne.
Prosjekt blir det uansett. Jeg kan litt for mye om litt for mange ting, så intet er umulig. Det tar bare mer tid og koster flere båtpenger.

Hansvik 14 -> Rana 15 DC -> Rana 17 DC -> NB 800

NB 800 på tokt 2026

Hjemmeside med artikler innen trehobby / finsnekring.

Link to post

Ja det blir spennande å sjå kva skute som endar i dine hender @Vidar F.H.. Forventingane frå forumet til nye trådar er jo skyhøge :glimter: Det går ein del velholdte NB-båtar på Finn, men dei er jo ikkje akkurat kjempebillige. 
 

På mitt prosjekt herdar ikkje epoxyen 100%. Så den får stå til over neste helg medan eg er vekkreist. Det er meldt nokre få plussgrader gjennom neste veke så vi satsar på det går. Det må vel herde til slutt(?) Ventar også med gelcoatsparkel til det blir stødige plussgrader. 
 

Eg har dog fått Epoxy alle stader det skal være (unntatt der motorboltane kjem, men der blir til slutt). Brukte same Epoxylimet på kappflatene på motorplata, samt i det gamle lenseholet nemnt lengre bak i denne tråden. Klissete greier, men smurte det utover med ein billigkost og trur det blir greitt. 
 

Har også øvd på sliping med kulefil. Det funka utmerket - i alle fall på tre - med drillen 45 grader på skrå og lavaste gir. Full kontroll. Og det er vel ikkje store fordjupinga som trengs - 1 mm eller 2?

 

Så står eg og ser på denne gelcoatsparkelen min. «20000 Hvit» står der. Ein Rana 17 er jo ikkje kvit, den er beige. Er der noko eg kan blande i for å få den gulare/brunare/beigare?

 

Eg hadde ikkje tenkt å lakkere i denne omgang, sjøl om «Mammut1 lærer seg tokomponentlakk med teskei» forhåpentlegvis er eit framtidig emne. Utsida av båten er ein ting, men innsida… Rana har altså i fullt alvor lakkert (mala?) innsida av båtane sine lakserosa med små kvite prikkar. Både valget og utførelsen er ein prestasjon, men det får bli seinare. 

Link to post

1-2 millimeter er rikelig.

 

Maling: mattslip, vask med aceton, rull med mohair-rulle (som er vasket godt på forhånd slik at den ikke røyter) og stryk ut med fordriver (fiiin, flat pensel). Fordriveren brukes med løftet lillefinger og med innlevelse fra din hemmelige drøm om å være sjefs-ballerina i "Svanesjøen", kombinert med samme teknikk som ørna bruker når den snatcher seg fisk som er oppe for å trekke frisk luft.

 

Da blir det knallbra. I alle fall godt nok for en tilårskommen båt som kler cellulitter og rynker. Det blir litt høyere krav om man har et Rowenta dampstrykejern.

 

Innsiden av båten: Hva enn du gjør, ikke lakker snykvitt. Velg en farge som tåler skitt. Personlig hadde jeg vurdert å drite i det, eventuelt blir jobben mattsliping før lakkering. Og jeg hadde trolig valgt å smøre på gelcoat, ikke lakk. I mitt hode er det litt mer å slite på; dørken er jo unektelig utsatt for slitasje. Selv om vi som kommer fra møblerte hjem ikke går med sjystøvlan på ombord i båten. Nei, det skulle da ta seg ut!

Hansvik 14 -> Rana 15 DC -> Rana 17 DC -> NB 800

NB 800 på tokt 2026

Hjemmeside med artikler innen trehobby / finsnekring.

Link to post
  • 1 måned senere...

I dag bikka det 10 celcius for første gong sidan sist. Båten har stått sidan då. Eg tenkte kanskje det nærma seg gelcoatsparkel-vennlig temp, så tok ein tur til båten for å sjekke ståa. Og båten står der, det er jo positivt. Men epoxyen som eg har fyllt hola med har ikkje herda. Tippar at enten har det våre for kaldt, eller så har eg ikkje klart å blande dei to komponenta godt nok. Evt ein kombinasjon. 
Så då er det vel berre å bore ut den nesten herda epoxyen og gjere det på nytt. Ikkje all verdens med jobb det, men no ventar eg til det blir 10 grader i minst 3 døgn, så gjer eg heile prosessen i ein smell. Det kan fort bli juni før vi får gleden av slike syden-aktige temperaturar her nordvest, men det får så vær. 

Link to post
  • 4 uker senere...

Då har våren komt til Møre med svimlande 12 plussgrader og kun frisk bris frå nordvest. Snasent. Som nemnt i førre post, herda aldri epoxyen eg fyllte hola med. Årsaken er at eg gjer alle feil som er muleg å gjer, og hadde ikkje blanda den godt nok. Men pytt pytt - det var fort gjort å bore ut den nesten-herda gugga og dermed være tilbake til scratch.

 

Eg eksperimenterte så litt med «fyllemetodikk for epoxylim i små hol». Prøvde først å dytte det inn med den medfølgande minispaden. Det gjekk ræva, så då var det fram med apoteksprøytene igjen. Prøvde først å suge opp ferdig blanda lim med sprøyta. Det gjekk også ræva - sprøyta tetta seg umiddelbart. 
IMG_0550.jpeg.73c468a7acf6f821fec72399019c2343.jpeg

Tett sprøyte (bilde tatt etter herding)

 

Då gjekk eg tilbake til å fylle sprøyta med base+herdar og blande limet i sprøyta med ein tynn pinne. Dette går, men det må rørast masse og godt.


Båten har også nokre hol etter fråfalne kalesjeknappar. Desse vart preparert med nålefil, og fylt med samme limet. 
IMG_0557.jpeg.c5ed726db1c78c6e7776e72c528138a3.jpeg
Klart til epoxy. 
 

Denne gongen herda limet, og neste fase kunne starte :flag_no:

Brukte kulefila som @Vidar F.H. anbefalte, og filte ei grop på alle epoxypluggane. Denne fila var eit godt tips, det gjekk fort og den var tåleleg enkel å kontrollere. 
IMG_0552.jpeg.ae14806d25e756d1db726a0927f5ff72.jpeg
To epoxypluggar, den øvste er slipt. 
 

Då var det klart for gelcoatsparkel, som eg heller ikkje har våre bort før, og dermed også klart for nye tabber. Sparkelen - Biltema sin «gelcoat putty» - var grei og jobbe med, men eg brukte eitt standard 70mm breitt verktøy til jobben. Det førte til at det kom sparkel på stader det ikkje var nødvendig, men eg tenkte det kunne slipast vekk…

Og det kunne det. Eg såg for meg at dette var fryktelig harde greier, så eg gjekk laust med eksenterslipar og 80-korning. «Dette går kjempebra» tenkte eg, heilt til ein heilt anna farge brått og uventa dukka opp:

IMG_0559.jpeg.07d21925977995049d73c587044b7f3d.jpeg


No er eg heldigvis i såpass fint driv at pågangsmotet er på topp, så eg la ei ny runde med sparkel oppå. Dette skal få herde eit par dagar, så skal eg gå myyykje snillare til verks med pussinga. 
På babord side der det kun var fire små skruehol, vart resultatet faktisk heilt ok :tommel_opp:

Link to post

Det fine med å ha 10 tommeltotter er at man, etter litt omgang med ting som er skarpe og går fryktelig fort rundt, etter hvert ikke har like mange tommeltotter...:fniser:

 

man lærer. Sånn er'e bare.

 

Tips til epoxy inn i hull: legg tape over hullet. Brei, blå maskeringstape er gull. Skjær vekk tapen som dekker åpninga. Bland epoxy, bruk en tynn, lang treflis, snurr opp epoxyen på pinnen og stapp inn i hullet. Gjenta. Til slutt drar du raskt over åstedet med ei pappskive eller noe slikt, og klasker en bit tape over sånn at det ikke renner ut igjen og du slipper å slipe herdet epoxy (et superlurt triks er å vente til epoxyen akkurat slutter å klisse når du tar på den, og så skjærer du vekk overflødig epoxy før den blir steinhard - men ikke vent for lenge. Og ikke vær for rask, ellers går det dårlig!).
Det gjør ikke noe om det blir en og annen luftboble, så lenge overflata er tett og hullet er godt dekket innvendig med epoxy. Ikke overtenk dette. ;)

 

Det samme gjelder for gelcoat. Bruk maskeringstape. Etterpå HANDsliper du kantene FOR HAND og "blender" overgangen FOR HAND. Da blir det fint.

 

Sa jeg at du skulle slipe FOR HAND?:knuserh:

Hansvik 14 -> Rana 15 DC -> Rana 17 DC -> NB 800

NB 800 på tokt 2026

Hjemmeside med artikler innen trehobby / finsnekring.

Link to post
Vidar F.H. skrev On 14.4.2026 at 15.25:

Sa jeg at du skulle slipe FOR HAND?:knuserh:

Du nemnte det.. :fniser:

Eg gjekk over til handslip etter å ha innsett tabben - for eg innser alltid tabben, berre ikkje tidsnok. Då blei det greitt. 
 

Elles eit godt tips om å berre dekke til større flater med maskeringstape, og dermed berre dra av sølet. Ergerlig at eg ikkje har komt på det sjøl, spesielt etter å ha følgt @Hakkannen sin spektakulære slepebåttråd gjennom vinteren. Men igjen takk for eit godt tips @Vidar F.H. :tommel_opp:

Eg gjorde også ein feil til, og den må det jo skrivast om. Det skal lagast gjennomgåande hol med bolt gjennom til badestige og motor. Gjekk fram etter gode tips fått tidligare i denne tråden. Til badestigen tenkte eg å bruke 6mm bolt, så då bora eg 8mm hol og fyllte med epoxy. Det gjekk fint. Men eg droppa @Vidar F.H. sitt (sett i etterkant) glimrande tips om å sette inn ein fyrstikk i senter. Når eg då skulle bore opp 6mm i den 8mm epoxypluggen, var det sjanselaust å holde boret i senter heilt gjennom, sjøl om eg brukte ein jig-kloss.  Skal derfor gjere eit nytt forsøk med større plugg (10mm) og fyrstikk i senter. 

Link to post

Har våre ei ny runde i naustet i dag, og håpar - veldig - at å lære seg å mekke båt er om lag som å lære seg å spele gitar. Første 18 månadane er übervanskelige, og så går ting av seg sjøl. Eg er uansett ikkje der enda. Kvar økt startar så bra, med optimisme, glede og eufori over at det er vår. Men endar som regel med tårer og sår (nødrim der). 


Dagens økt oppsummert:
The good:

- motorplate er montert

- hekksvingar er montert

- opplevelsen av at «gelcoatsparkel, det kan eg faktisk lære meg å handtere»

- alle skruehol som skulle tettast permanent, er no tetta og sparkla

- resultatet av sparklinga blei ok. Det viser jo, men ikkje på litt avstand. Oppdaga først i dag at skroget er sparkla fleire stader frå før. 
 

The bad:

- gjekk tom for batteri så fekk ikkje tatt bilder

- får ikkje til gjennomgåande hol, i dette tilfellet til badestige. Enten herdar ikkje epoksyen, eller så bommar eg på holet. Som regel det første. Har prøvd fire gonger. 
 

The ugly:

- epoksy, søl i nord og søl i sør. 
- epoksy, må truast med restskatt og kjølhaling for å ville herde

- epoksy, generelt

 

To steg fram og eitt tilbake med andre ord. Skal tru om det fins meir tyntflytande epoksy, og om ikkje det er lettare å blande ut? :usikker:

Link to post

Gjennomgående hull: smør inn skruen med grease (omtrent som når du smører ei kakeform, ikke mer), sett i hullet og klem inn epoxy. Da slipper du å tutle sånn med det. Jeg hadde brukt helt vanlig Araldit, Locktite eller hva enn slags 15-minutters epoxy du får tak i hos Europris, matbutikker og så videre. Hele vitsen med å bruke epoxy er å forsegle kjernematerialet mot fukt. That's it. Sånn sett kan du bare bore opp 1mm større hull enn du trenger, smøre innsiden med epoxy, og så monterer du skruen så fort epoxyen har herdet nok til at den ikke klisser lengre.

 

Sett på en vifteovn på området som skal limes, og hold det varmt til epoxyen herder. For slike hull ville jeg nok ikke brukt tyntflytende epoxy; erfaringsmessig blir det mye søl dersom den stikker av. Jeg har brukt epoxy til noen prosjekter i snekkerboden, og har selv slitt litt med både herding og at epoxyen fant en liten sprekk i tapen som den lakk igjennom.

Så jeg foretrekker altså epoxylim på sånn dobbeltsprøyte. Den fungerer aldeles utmerket, og den kan du dytte på plass med fingeren om så - bare bruk nitrilhansker. Ikke latex; nitril er sterkere og mer motstandsdyktig mot kjemiske stoffer.

Maskeringstape rundt, så slipper du søl - fjernes så snart epoxyen har herdet til "ikke-klissete". Skjær av overskytende med en skarp kniv når epoxyen ikke lengre får merker etter neglen din, men FØR den er steinhard. Dette får du raskt erfaring med.

Hansvik 14 -> Rana 15 DC -> Rana 17 DC -> NB 800

NB 800 på tokt 2026

Hjemmeside med artikler innen trehobby / finsnekring.

Link to post

Takk nok ein gong for støttande og konstruktive ord @Vidar F.H.! 
 

Skal gjere eit nytt forsøk i nær framtid. Har prøvd tre sortar epoksylim, også Locktite sitt som Europris har. Trur nok det er brukaren som er problemet og ikkje merket :fniser:

 

Så er det jo tross alt progresjon her då. Om eg får til desse totalt seks gjennomføringane er akterspeil-arbeidet ferdig. Då blir det ei runde i motorbrønnen med litt sparkling og veldig masse vasking. Montering av ekkoloddskjerm, en sjekk av styresnekke og remontering av motor. Prøve å polere litt her og der, så skal den få seg ei runde med bunnstoff i år - utelukkande grunna slitasje, der er null (0) groe. Biltemas svarte, påført i april 2024 :tommel_opp:

Link to post

Progresjon! Fekk det til nokon lunde med badestige no, så då er vi her:

IMG_0573.jpeg.bd4804308595b636af05b9395c26273c.jpeg


Eg fyllte skruehola med CT1 for ekstra sikring. Det burde ikkje være nødvendig dersom epoksyproppa er korrekt og inntakt, men som fersking er det vanskelig å føle seg heilt sikker. 
 

Vidar F.H. skrev On 20.4.2026 at 22.11:

tyntflytende epoxy; erfaringsmessig blir det mye søl dersom den stikker av.

Det trur eg på. Dei kvite vertikale stripene på bunnstoffet på bildet over er uherda epoksy frå første runda som var gjort i 0 grader. Når det blei varmare, kom det rennande. 
 

No skal motoren heisast på plass på sivilisert vis, og så blir det å få til dei to siste hola for gjennomgåande 8mm boltar så ikkje motoren forlét meg midtfjords. 

Link to post

Profesjonelt gjort! :tommel_opp:

 

Nesten så jeg fikk lyst til å få tak i en Rana og fikse den opp! :fniser: Men jeg tror jeg har mer enn nok prosjekter å ta tak i på NB'en, når den kommer "him te' Etne". :)

Men det var veldig kjekt å bygge opp Pappa sin Rana til en skikkelig fin båt - vi ble bare aldri helt ferdig, dessverre. Jeg flytta sørover og Pappa ble sjuk og døde.

Livet. Noe dritt innimellom, men totalt sett er det faktisk verdt å leve.

 

Spennende å se fortsettelsen! Så lenge du BRUKER båten innimellom de forskjellige stegene, skal jeg ikke si noe. Stegvis forbedring av bruksting, er av det gode.

Hansvik 14 -> Rana 15 DC -> Rana 17 DC -> NB 800

NB 800 på tokt 2026

Hjemmeside med artikler innen trehobby / finsnekring.

Link to post

Brukt skal den alltids bli. Eg blir vel klar til sjøsetting omtrent samtidig som dette høgtrykket gir seg, og då ventar nok stiv kuling frå sørvest til langt ut i juli. Men då - då skal eg være klar!

 

Elles følger eg - som mange andre her inne - påskekrimen din med stor spenning @Vidar F.H.  Ville berre vente til du offisielt står ved roret (med vatn under kjølen) før eg slang meg på gratulasjonane. 

Link to post
  • 3 måneder senere...

Jaja, no sit eg her og les spådomen min frå 22. april. Og eg fekk rett i begge deler. Etter å ha måtte prioritere spontanbygging av hønsehus (ja, eg har ein sambuar utan impulskontroll) fekk eg båten omsider klar:

IMG_0807.jpeg.7086f37a57a2522d5282f49e97674faf.jpeg
 

«Så flott det er på Vestlandet», seier folk. Jauda, men eg er glad eg sjekka værmeldinga før eg vinsja den heilt ut. Så langt fram i tid yr.no melder ser det slik ut:

IMG_0840.png.cac445a80ab9b751edb5386cd04a0bc4.png
 

Ikkje noko særleg kos i 17 fots kalesjebåt. 
 

Eg gjenopptok arbeidet med båten forrige veke. Eg gjekk heile tida med ein gnagande følelse av at den nye motorplata ikkje var skikkelig montert - der sto att ein rest av ein popnagle som heile plata vippa på. Kunne ikkje leve med det, så av igjen med den svært godt limte plata. AI påstår forøvrig at Tec7 ikkje funkar på bengalakk. Det er løgn. Plata delte seg under avriving og der satt igjen klattar av lim og plate. «Dette gidd eg ikkje» tenkte eg, heilt til eg surfa litt på BP og oppdaga at det fiks noko som heiter flapdisc. Ein biltur og 10 minutt med vinkelslipar seinare, var både lim, platerestar, popnaglar og ein del gelcoat borte vekk. På med ny plate (igjen), og montering av motor. 
IMG_0806.jpeg.618a79b5c908d8d485cac79c6263f96b.jpeg

 

Og brått hadde eg komt til eit punkt der gjenståande arbeid som montering av ekkoloddskjerm, sjekk av vassutskiljar og innvendig vask var lettare å få til etter sjøsetting. Båten står nemleg i ei alt for lita og ussel krybbe, så eg er minst mulig oppi den når den står på land. Så då satt eg batteriet på lading og gjekk laust på litt båtpuss. Dette er utelukkande kos og kompetanseheving for min del, fordi det er ein gamal Rana og det skal lite til for at den blir god nok. 
 

Sjekka først om det var muleg å gjere noko med dei ekstremt tilslørte pleksiglasrutene. Har prøvd å vaske dei tidlegare, noko som har hatt null effekt. No prøvde eg å polere, med mikrofiberklut og båtpolish frå Biltema.

IMG_0801.jpeg.6b161c3faacc1034bf76c176f818a20c.jpeg

Vinduspolering in progress. Sidevindu er polert på begge sider, styrbord vindu kun på utsida og det midterste ikkje påbegynt.
 

O hildring, det blei jo «ny» båt. Motivasjonen steig. Eg vinsja ut båten, og gjekk laust på fordekket. Dette har eg prøvd å vaske før, med varierande hell.

 

Gjekk laust på fordekket med svamp, børste og Hugos. Funka meir enn godt nok. 
IMG_0811.jpeg.795e9fac2fb78ff42460725452cd5bca.jpeg

Sidefelt vaska, midtfelt ikkje. 
 

Fekk tatt alt over fenderlist inkludert motorbrønnen - som var überbesudla etter vinterens eskapader. Den største suksessfaktoren her er nok bruk av børste (takk for tipset @Komodo). Spesielt på antiskli, men egentlig på resten også. 
 

Prøvde meg på ein vask under fenderlista også, men det var berre å gløyme utan tilgang på rennande vatn. Må ordne meg ein patent med regnvatn til neste vår. 
 

Så no står båten der i fjøresteinane, klar til å bli vinsja ut dersom sommaren skulle finne på å kome hit til Møre i år også. 

Link to post

Du har jo kalesje! Det er jo bedre enn paraply!

Hut dæ på sjøen, mann! :knuserh: :fniser:

 

Jeg var en tur utpå i dag. Skikkelig bygevær. Jeg har ikke kalesje, så jeg stakk innendørs når det stod på som verst. Ny kalesje koster 20 båtpenger, så til neste ååååår.... Kanskje.

 

Samtidig finnes det jo sydvest. Bor man på vestlandet, så må man tåle litt ekstra luftfuktighet...

 

Men ser poenget ditt. Det er tross alt koseligere UTEN kalesje.

Hansvik 14 -> Rana 15 DC -> Rana 17 DC -> NB 800

NB 800 på tokt 2026

Hjemmeside med artikler innen trehobby / finsnekring.

Link to post
Sinvano skrev for 9 timer siden:

Satser på du kommer deg ut noen turer nå


 

 

Vidar F.H. skrev 53 minutter siden:

Hut dæ på sjøen, mann! :knuserh: :fniser:


Galningar :fniser:

Regnet tåles. Faktisk er det jo ganske koselig å være på tur i regn under kalesja. Kan til og med rulle opp akter og slenge ut ein pilk. Men det var den vinden da. Oppjustert til 23ms neste tre døgn (akkompagnert av 30mm daglig nedbør). Det er klart at det går an, sjøl i ein Rana frå 1985, å plaske litt rundt i bølgene her rett utfor naustet. Men eg er ein sånn ein som alltid tenker «kva visst motoren stoppar akkurat no». Utomskjærs blir det fort ein overnattingsdate hos fiskane, innomskjærs blir det vel berre flaut. 
 

Dessuten har eg komt fram til at eg er ein finværs-båt-person. Båt skal være kos og hobby. 
 

Kalesje er, som du er inne på @Vidar F.H., snedige greier. Og eg trur eg har gløymt å skrive om den i denne tråden, sjøl om det er ein av dei større oppgraderingane. Den originale kalesja rauk i 24 (i tilsvarande værforhold som no sjølsagt). Ny vart kjøpt i 25. Ca 13 båtpengar frå Agder Kalesje. Litt justeringar i forhold til originalen; delt på anna plass, større vindu og moglegheit for full opning på alle kantar så der blir omtrent som ein bimini topp. Fleksibelt og fint. Er meget nøgd; måtte flytte to knappar heilt akter, elles sat den stramt og fint rett frå fabrikk. 
 

Den nye NBen din @Vidar F.H. virkar som ein veldig fin plass å gå inn i når det plaskar. Virkar som ein veldig fin og allsidig båt i det heile tatt. Eg les trådane dine med omhu, og driv og vurderer om min drømmebåt skal dreie meir over i den kategorien der. Pr i dag er vi meir på Fjord 880 el. Det fristar veldig med lukka styrhus, men eg skulle helst hatt 5 sovelugarar. Ranaen har for øvrig null. 

Link to post
  • 1 måned senere...

2026. Året då sommaren faktisk ikkje kom til Sunnmøre i det heile tatt. Men det er jo litt å rapportere likevel. 
 

På sjøen må man, så båten vart vinsja ut første veka i august, og eg fekk ein - 1 - tur på ein knapp time.

IMG_0867.jpeg.1269a86e96f3a8c282f8444d33d00eb3.jpeg

Nyleg sjøsett båt på full fjøre
 

Andre veka i august kom båten på land igjen, heilt av seg sjøl! Då hadde det viktigste fortøyningstauet tatt kvelden, og båten låg fleire meter for nær land. Altså på  land, når det er fjøre. 
IMG_0865.jpeg.3843d1d40c3ff5a55477936c7435e593.jpeg

Restane av fortøyingslina ligg og skammar seg på ein stein 

 

Dette er eit sånt 32 kordels 16(?) mm tau frå Biltema, og det var slitt tvert av ved knuten som var festa i kjettingen under vatn. Erstatta knuten med løkke med kause, prisa meg lykkeleg for at eg har gamaldags båt med kjøl, og båten har holdt seg på plass sidan. Bortsett frå når eg faktisk har brukt den. Og det har blitt nokre fine turar. Aleine. Med fireåringen. Morgon og kveld. 
IMG_0853.jpeg.7a3c06f298349b7c0cfa42c25c44278e.jpeg

Og, som i fjor; alt fungerer. Og då er all kavinga verdt det. Med splitter nytt ekkolodd (etter at den gamle svingaren valgte å forlate skroget på siste tur i fjor) kunne ingen fisk i fjorden føle seg trygg! Det viste seg at det faktisk ikkje var fisk i fjorden, men no har eg i alle fall instrument for å bevise det. 
Skikkelig remontering av motor har også redusert støy og vibrasjon. Eg kan ikkje forklare det, men det er brukt langt kraftigare boltar og motoren er også flytta lite grann. 
 

IMG_0900.jpeg.86b2ca23f1b56fff3a9a523940fe4106.jpeg

Enkelte morgonar MÅ eg berre på sjøen

 

Og no, når vi er inne i september, værmeldingane kan få den tøffaste mann til å grine, og ein så smått må begynne å tenke på opptak igjen; ei strålande nyheit. Eg har stått på venteliste på den lokale småbåthavna sidan eg nesten mista båten i storm i fjor, og no var der ledig. Ikkje ein 2,60-plass som eg var førespegla, men 3,40. Lysopning. Det er jo plass til eit skip der. (1)3-fots-sjuka har meldt seg med umiddelbar virkning…

Link to post
  • 2 uker senere...
Vidar F.H. skrev On 7.9.2026 at 22.58:

Eller gjør som meg - oppgrader fra 17 til 26 fot. :kul:


Etter anskaffing av den alt for store båtplassen har eg våre på Finn ja. Kvar dag. Og det verste er at dei einaste realistiske modellane eg har funne, som eg har virkelig lyst på er NB800 og forgjengaren Norline 26. Der ligg en - 1 - kalesjebåt i hamna her, og det er min. Er vel en grunn til det :dykker:

 

Men ny båt blir definitivt ikkje før det er gjort litt meir hus. Dum som eg var bygde eg enda eitt hus (til høner rett nok, men svært skal det vær) i sommar, eit prosjekt som no er i byggetrinn 7. 

 

Hittil har omtrent 40% av mitt båthald gått til å gruble på, anlegge og reparere fortøyingar. Med skikkelig båtplass såg eg fram til at dette skulle bli ein saga blott - men den gang ei. Ranaen har eitt kryssholt på fordekket, ringen i baugen (som egentlig er til opptrekk) og to usle jolle-ringar inn mot senter på akterspeilet. 
 

Akter er den då festa i ringane og til enden av utriggar på kvar side. Då var der ikkje så veldig mykje plass att framme, og det er foreløpig løyst såpass klønete som dette:

IMG_0932.jpeg.004fae532130856d9468ecae25bc4c52.jpeg

 

Betre forslag vert mottatt med takksemd. Å selge Ranaen og gå temporært over til 9-fotsjolla og ligge longside blir vurdert. 

Link to post

Monter kryssholt bak. Framme kan du jo montere to ringer på brygga; det er jo doble hull i gangplata for bøyler. Da kan du enklere løsne fortøyningen på venstre side i bildet, og dra båten inntil gangbrua på høyre side.

Jeg ville også lagt båten off center i båsen. Du trenger jo ikke et hav av plass på siden.

Hansvik 14 -> Rana 15 DC -> Rana 17 DC -> NB 800

NB 800 på tokt 2026

Hjemmeside med artikler innen trehobby / finsnekring.

Link to post

Ja jaggu kan hende det går an å montere ringar på brygga. Det vil funke. Eg har våre inne på tanken på å montere kryssholt bak, men kvar? Så vidt eg huska monterte du @Vidar F.H. kryssholt i overbygget der det skråar ned akter. Det er ei praktisk plassering, men fryktar det ikkje blir Sterkt Nok (tm). Men kanskje blir det det, no når eg ikkje lengre skal ligge fortøyd til havs. Var borti havna i stiv kuling no, og det er jo berre så vidt det er bevegelse. 

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...