AMI Startet 23 timer siden Link til dette innlegget Startet 23 timer siden (redigert) Eg har ein Wallas 2400 som ikkje fungerer. Feilen var igrunn at det ikkje kom straum til glødespiralen. Eg målte ved fleire høve, og glødespiralen kom aldri i gong. Pumpe og vifte gjekk slik det skulle. I samråd med Sunwind så sende eg difor apparatet inn til deira verkstad. Med min vanlege flaks så fungerte alt som det skulle når dei testa den, så dei sende den attende utan å gjere noko. Når eg mottok pakken, så hadde den fått sopass hard medfart at eine brytaren på operatørpanelet nesten var knekt (brytaren stakk ut av pappeska). Eg kontakta Sunwind, som sende meg eit nytt brytarpanel. Når eg skulle prøve apparatet igjen, så fungerte rett nok glødinga. Det var dessverre det einaste som fungerte no. Vifta går ujamt, pumpa slår ujamt og apparatet greier ikkje å tenne. Eg har no kontakta Sunwind igjen, som foreslår at eg sender inn apparatet ein gong til. Sjølv er eg litt i tvil om det er verdt 1000 kroner til å sende det inn, sidan eg erfaringsmessig kan telje på ei hand dei gongane har opplevd at fagfolk gjer ein jobb eg er fornøgd med. Er det nokon som har hatt tilsvarande problem med Wallas der det faktisk har løyst seg? Redigert 21 timer siden av AMI (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Faxen Svart 20 timer siden Link til dette innlegget Svart 20 timer siden Hvor tykke kabler har du til Wallasen? Du bør ha minst 6 mm. Sitér dette innlegget Fairline Mirage 29 er solgt. Link to post
AMI Svart 19 timer siden Emnestarter Link til dette innlegget Svart 19 timer siden 1 hour ago, Faxen said: Hvor tykke kabler har du til Wallasen? Du bør ha minst 6 mm. Dei er nok heilt sikkert tynnare enn det ja. Det er vel ein av dei få kablane eg ikkje har skifta etter at eg kjøpte båten i 2015. Eg skal teste med tjukkare kablar no i kveld og sjå korleis det går. Sitér dette innlegget Link to post
AMI Svart 11 timer siden Emnestarter Link til dette innlegget Svart 11 timer siden No testa eg å kople Wallasen sine leidningar direkte ned på eit laust batteri. Det hjalp ikkje noko på funksjonen. Kablane er nok likevel neppe meir enn 2,5 kvadrat, så dersom eg endar opp med Wallas vidare så får eg skifte dei. Når eg startar berre vifta for kaldluft, så går den nokonlunde normalt. Om eg aktiverer varmaren i tillegg, så stoppar vifta med ein gong. Pumpa slår eitt slag i det eg slår på brytaren, så er det jamt over stilt. I morgon skal eg opne Wallasen enda ein gong, og forsøke å måle litt meir med multimeteret. Sitér dette innlegget Link to post
Luske_Ludvig Svart 5 timer siden Link til dette innlegget Svart 5 timer siden Wallas krever sterkt batteri og tykke kabler. Batteri må også være godt oppladet. Dette gjelder alle varmere. Følg med spenning med multimeter under oppstart. Glødingen trekker ca 8 A og serlig det kan dra spenning ned. I tillegg må jeg nevne lithium batteri. Før måtte jeg ha motor i gang for å starte varmer..med lithium liggee spenning fjellstøtt på 13v åkke som. Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.