AMI Startet igår klokken 11:41 Link til dette innlegget Startet igår klokken 11:41 (redigert) Eg har ein Wallas 2400 som ikkje fungerer. Feilen var igrunn at det ikkje kom straum til glødespiralen. Eg målte ved fleire høve, og glødespiralen kom aldri i gong. Pumpe og vifte gjekk slik det skulle. I samråd med Sunwind så sende eg difor apparatet inn til deira verkstad. Med min vanlege flaks så fungerte alt som det skulle når dei testa den, så dei sende den attende utan å gjere noko. Når eg mottok pakken, så hadde den fått sopass hard medfart at eine brytaren på operatørpanelet nesten var knekt (brytaren stakk ut av pappeska). Eg kontakta Sunwind, som sende meg eit nytt brytarpanel. Når eg skulle prøve apparatet igjen, så fungerte rett nok glødinga. Det var dessverre det einaste som fungerte no. Vifta går ujamt, pumpa slår ujamt og apparatet greier ikkje å tenne. Eg har no kontakta Sunwind igjen, som foreslår at eg sender inn apparatet ein gong til. Sjølv er eg litt i tvil om det er verdt 1000 kroner til å sende det inn, sidan eg erfaringsmessig kan telje på ei hand dei gongane har opplevd at fagfolk gjer ein jobb eg er fornøgd med. Er det nokon som har hatt tilsvarande problem med Wallas der det faktisk har løyst seg? Redigert igår klokken 13:07 av AMI (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Faxen Svart igår klokken 14:18 Link til dette innlegget Svart igår klokken 14:18 Hvor tykke kabler har du til Wallasen? Du bør ha minst 6 mm. Sitér dette innlegget Fairline Mirage 29 er solgt. Link to post
AMI Svart igår klokken 15:26 Emnestarter Link til dette innlegget Svart igår klokken 15:26 1 hour ago, Faxen said: Hvor tykke kabler har du til Wallasen? Du bør ha minst 6 mm. Dei er nok heilt sikkert tynnare enn det ja. Det er vel ein av dei få kablane eg ikkje har skifta etter at eg kjøpte båten i 2015. Eg skal teste med tjukkare kablar no i kveld og sjå korleis det går. Sitér dette innlegget Link to post
AMI Svart 17 timer siden Emnestarter Link til dette innlegget Svart 17 timer siden No testa eg å kople Wallasen sine leidningar direkte ned på eit laust batteri. Det hjalp ikkje noko på funksjonen. Kablane er nok likevel neppe meir enn 2,5 kvadrat, så dersom eg endar opp med Wallas vidare så får eg skifte dei. Når eg startar berre vifta for kaldluft, så går den nokonlunde normalt. Om eg aktiverer varmaren i tillegg, så stoppar vifta med ein gong. Pumpa slår eitt slag i det eg slår på brytaren, så er det jamt over stilt. I morgon skal eg opne Wallasen enda ein gong, og forsøke å måle litt meir med multimeteret. Sitér dette innlegget Link to post
Luske_Ludvig Svart 11 timer siden Link til dette innlegget Svart 11 timer siden Wallas krever sterkt batteri og tykke kabler. Batteri må også være godt oppladet. Dette gjelder alle varmere. Følg med spenning med multimeter under oppstart. Glødingen trekker ca 8 A og serlig det kan dra spenning ned. I tillegg må jeg nevne lithium batteri. Før måtte jeg ha motor i gang for å starte varmer..med lithium liggee spenning fjellstøtt på 13v åkke som. Sitér dette innlegget Link to post
AMI Svart 5 timer siden Emnestarter Link til dette innlegget Svart 5 timer siden 5 hours ago, Luske_Ludvig said: Wallas krever sterkt batteri og tykke kabler. Batteri må også være godt oppladet. Dette gjelder alle varmere. Følg med spenning med multimeter under oppstart. Glødingen trekker ca 8 A og serlig det kan dra spenning ned. I tillegg må jeg nevne lithium batteri. Før måtte jeg ha motor i gang for å starte varmer..med lithium liggee spenning fjellstøtt på 13v åkke som. Eg forsøkte eindel gongar med motoren i gong, og hadde då omlag 13V på leidningane inn til Wallasen. I går oppdaga eg forøvrig relativt lite fart på eksosen. Eg funderer på om vifta for forbrenningsluft kan levere for dårleg, og skal sjekke den nøyare no. Sitér dette innlegget Link to post
AMI Svart 3 timer siden Emnestarter Link til dette innlegget Svart 3 timer siden No fekk eg rigga meg til i kjellaren og testa litt til. Eg kopla på nye, korte tilførselskablar direkte på kretskortet for å utelukke evt. problem i straumkablane. Vidare målte eg spenninga inn på kretskortet under forsøka, og den var alltid 12,0-12,4 volt. Først testa eg dei to ulike viftene kvar for seg, og begge dei fungerte godt når ein pluggar dei frå kretskortet og set straum rett på pluggane. Forbrenningsvifta dreg omlag 0,5 A og varmluftsvifta dreg omlag 1,3 A. Eg konkluderer og med at forbrenningsvifta ikkje har starta nokon gong når eg har prøvd. Vidare såg eg at så lenge viftene er fråkopla kretskortet, så går oljepumpe og glødespiral som normalt. Med ein gong eg koplar til viftene, så går verken oljepumpe, vifter eller glødespiral. Eg kan likevel starte varmluftsvifta ved hjelp av ventilasjonsfunksjonen, både på rask og låg fart. Med ein gong ein aktiverer varme, så stoppar igrunn heile apparatet opp. Det gjennomsiktige releet på kretskortet slår inn og ut igjen med ein gong. Når viftene er fråkopla så slår dette inn og står på jamt. Sitér dette innlegget Link to post
Fantino Svart 42 minutter siden Link til dette innlegget Svart 42 minutter siden Bra feilsøking det der men jaggu ikke lett uten skjema for kretskort. Det høres dog ut som om det en eller annen plass på kortet er dårlig kontakt/brent eller lignende, eller at en av komponentene trekker for mye strøm og dermed legger de andre døde fordi spenninga synker slik at releet slår ut igjen? Kan glødepluggen være for sulten f.eks? Målingene på viftene hørtes jo fornuftige ut. Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.