Jump to content

Wallas 2400 vil ikkje tenne - varierande problem


AMI

Recommended Posts

Eg har ein Wallas 2400 som ikkje fungerer. Feilen var igrunn at det ikkje kom straum til glødespiralen. Eg målte ved fleire høve, og glødespiralen kom aldri i gong. Pumpe og vifte gjekk slik det skulle. I samråd med Sunwind så sende eg difor apparatet inn til deira verkstad.

 

Med min vanlege flaks så fungerte alt som det skulle når dei testa den, så dei sende den attende utan å gjere noko. Når eg mottok pakken, så hadde den fått sopass hard medfart at eine brytaren på operatørpanelet nesten var knekt (brytaren stakk ut av pappeska). Eg kontakta Sunwind, som sende meg eit nytt brytarpanel.

 

Når eg skulle prøve apparatet igjen, så fungerte rett nok glødinga. Det var dessverre det einaste som fungerte no. Vifta går ujamt, pumpa slår ujamt og apparatet greier ikkje å tenne. Eg har no kontakta Sunwind igjen, som foreslår at eg sender inn apparatet ein gong til. Sjølv er eg litt i tvil om det er verdt 1000 kroner til å sende det inn, sidan eg erfaringsmessig kan telje på ei hand dei gongane har opplevd at fagfolk gjer ein jobb eg er fornøgd med.

 

Er det nokon som har hatt tilsvarande problem med Wallas der det faktisk har løyst seg?

Redigert av AMI (see edit history)
Link to post
1 hour ago, Faxen said:

Hvor tykke kabler har du til Wallasen? Du bør ha minst 6 mm.

 

Dei er nok heilt sikkert tynnare enn det ja. Det er vel ein av dei få kablane eg ikkje har skifta etter at eg kjøpte båten i 2015. Eg skal teste med tjukkare kablar no i kveld og sjå korleis det går.

Link to post

No testa eg å kople Wallasen sine leidningar direkte ned på eit laust batteri. Det hjalp ikkje noko på funksjonen. Kablane er nok likevel neppe meir enn 2,5 kvadrat, så dersom eg endar opp med Wallas vidare så får eg skifte dei.

 

Når eg startar berre vifta for kaldluft, så går den nokonlunde normalt. Om eg aktiverer varmaren i tillegg, så stoppar vifta med ein gong. Pumpa slår eitt slag i det eg slår på brytaren, så er det jamt over stilt. I morgon skal eg opne Wallasen enda ein gong, og forsøke å måle litt meir med multimeteret.

Link to post

Wallas krever sterkt batteri og tykke kabler. Batteri må også være godt oppladet. Dette gjelder alle varmere. 

 

Følg med spenning med multimeter under oppstart. Glødingen trekker ca 8 A og serlig det kan dra spenning ned.

 

I tillegg må jeg nevne lithium batteri. Før måtte jeg ha motor i gang for å starte varmer..med lithium liggee spenning fjellstøtt på 13v åkke som. 

 

 

Link to post
5 hours ago, Luske_Ludvig said:

Wallas krever sterkt batteri og tykke kabler. Batteri må også være godt oppladet. Dette gjelder alle varmere. 

 

Følg med spenning med multimeter under oppstart. Glødingen trekker ca 8 A og serlig det kan dra spenning ned.

 

I tillegg må jeg nevne lithium batteri. Før måtte jeg ha motor i gang for å starte varmer..med lithium liggee spenning fjellstøtt på 13v åkke som. 

 

 

 

Eg forsøkte eindel gongar med motoren i gong, og hadde då omlag 13V på leidningane inn til Wallasen.

 

I går oppdaga eg forøvrig relativt lite fart på eksosen. Eg funderer på om vifta for forbrenningsluft kan levere for dårleg, og skal sjekke den nøyare no.

Link to post

No fekk eg rigga meg til i kjellaren og testa litt til. 

 

Eg kopla på nye, korte tilførselskablar direkte på kretskortet for å utelukke evt. problem i straumkablane. Vidare målte eg spenninga inn på kretskortet under forsøka, og den var alltid 12,0-12,4 volt.

 

Først testa eg dei to ulike viftene kvar for seg, og begge dei fungerte godt når ein pluggar dei frå kretskortet og set straum rett på pluggane. Forbrenningsvifta dreg omlag 0,5 A og varmluftsvifta dreg omlag 1,3 A. Eg konkluderer og med at forbrenningsvifta ikkje har starta nokon gong når eg har prøvd.

 

Vidare såg eg at så lenge viftene er fråkopla kretskortet, så går oljepumpe og glødespiral som normalt. Med ein gong eg koplar til viftene, så går verken oljepumpe, vifter eller glødespiral. Eg kan likevel starte varmluftsvifta ved hjelp av ventilasjonsfunksjonen, både på rask og låg fart. Med ein gong ein aktiverer varme, så stoppar igrunn heile apparatet opp. Det gjennomsiktige releet på kretskortet slår inn og ut igjen med ein gong. Når viftene er fråkopla så slår dette inn og står på jamt.

Link to post

Bra feilsøking det der men jaggu ikke lett uten skjema for kretskort. Det høres dog ut som om det en eller annen plass på kortet er dårlig kontakt/brent eller lignende, eller at en av komponentene trekker for mye strøm og dermed legger de andre døde fordi spenninga synker slik at releet slår ut igjen? Kan glødepluggen være for sulten f.eks? Målingene på viftene hørtes jo fornuftige ut. 

Link to post
5 hours ago, Fantino said:

Bra feilsøking det der men jaggu ikke lett uten skjema for kretskort. Det høres dog ut som om det en eller annen plass på kortet er dårlig kontakt/brent eller lignende, eller at en av komponentene trekker for mye strøm og dermed legger de andre døde fordi spenninga synker slik at releet slår ut igjen? Kan glødepluggen være for sulten f.eks? Målingene på viftene hørtes jo fornuftige ut. 

Kretskort er eg ikkje noko god på, men eg skal forsøke å måle straumen til glødespiral og pumpe i morgon.

 

Eg må kanskje bite i det sure eple og betale for enda ei feilsøking hjå Sunwind, men må innrømme at eg missa litt trua etter første runden.

Link to post
19 hours ago, Fantino said:

Kan glødepluggen være for sulten f.eks?

 

Då har eg målt litt til. Eg greidde ikkje å kople frå glødinga og måle den seperat på noko fornuftig vis. Det vart difor ei måling av total straum inn på apparatet.

 

Den målinga gir 4,8 A, som vekslar opp til 5,2 A kvart 5 sekund. Dette er då målingar på straum til kretskort, med viftene fråkopla. Om eg koplar til viftene så målar eg ein liten straum i starten, for så 0 A. Eg brukte dei originale leidningane inn til kretskortet, så spenninga inn på kortet var i overkant av 11,8 V.

 

Om ein legg i hop straumane, så ville eg fått (5,2 A + 0,5 A + 1,3 A) 7 A dersom viftene og gløding let seg køyre på ein gong.

 

Eg fann elles eit slags koplingsskjema for eit kretskort til 3200, og det kan sjå ut som det er nokså like kort i fleire av desse. Forstår det likevel slik at det på eit eller anna tidspunkt kom ein ny type kretskort. Eg har vel truleg den gamle typen.

Koplingsskjema Wallas 1800 3200.jpg

Component location 3200.jpg

Component list 3200.jpg

Link to post

Total strøm var jo i størrelsesorden som forventet da. Snodig at ikke glødeplugg lar seg kople fra. Den må jo ha en kopling et eller annet sted som indikert på skjemaet. Hadde vært fristende å prøve oppstart uten den men med vifter tilkoplet. Uansett så ville jeg prøvd å måle meg fram til hvorfor det releet ikke holdes inne når alt er tilkoplet. Det ser ut til å få pluss/12V direkte og 0V via transistor T5 som videre får signal fra T4 osv. Men blir fort tung materie å finne ut hele ‘kjeden’ av signaler som skal spille sammen..

Link to post
3 hours ago, Fantino said:

Hadde vært fristende å prøve oppstart uten den men med vifter tilkoplet.

 

Då fekk eg lirka ut pluggen for glødespiralen, og oppførselen var mykje godt lik. Releet held seg berre innkopla om viftene er fråkopla. Med viftene tilkopla slår releet berre inn og ut igjen med ein gong.

 

Eg skal prøve å skru kople frå og skru laus heile kretskortet for å kome til å måle på det.

Link to post

Blir interessant. Om skjema stemmer så får jo både glødeplugg og i alle fall hovedvifta (tror jeg det må være siden den har high/low) og releet 12V direkte fra inngangen (releet via dioden d1). Jeg ville målt spenningen over reléspolen og prøvd å finne ut hvorfor den evt dropper. Den burde være lik innspenning minus kanskje 1V grunnet dioden. 

Link to post

Eg har konkludert med at kretskortet mitt neppe kan vere det same som skjemaet eg fann på nettet.

 

No når kortet var laust, så oppførte det seg litt annleis. Ved fleire av forsøka så fekk ikkje glødespiralen spenning i det heile, sjølv med viftene fråkopla.

 

Til tider fekk eg ein nokså stygg skrapelyd frå det svarte releet på biletet. Når det skraper, så går viftene ujamt. Skrapelyden var avhengig av korleis eg heldt kortet.

 

Elles konkluderte eg med at det er det gjennomsiktige releet som styrer glødinga, men dette fekk eg sjeldan til å slå inn. I går så slo det inn kvar gong så lenge viftene var fråkopla.

20250620_214840.JPG

20250620_214900.JPG

Link to post

Hmmm, det var jo dessverre ikke oppklarende - heller forvirrende. Uten skjema er det forbasket vanskelig. Og disse kortene koster vel såpass at det har lite for seg å kjøpe nytt tatt alderen på apparatet i betraktning, at en er usikker på om det er kortet eller andre komponenter som er problemet og at det nå finnes veldig mange rimelige alternativer.. Eneste cluet jeg kunne foreslått å forfølge på egen hånd er relé som virker når noe last av frakoblet, og det andre som lager skrapelyd som vel kanskje er releklapring pga spenningsfall når releet slår inn. Alt dette tyder på svikt i strømforsyning et eller annet sted, altså rett og slett at spenning dropper når belastning øker, og dermed klarer ikke relespoler å holde relé inne. Du nevnte jo at pakken hadde fått såpass juling at kontrollpanel måtte byttes ut, men ville jo trodd at dette kortet lå godt beskyttet da. Uansett, klarer du å følge kopperbaner fra pluss og minustilkopling på kortet og fram til releer kan du kanskje lokalisere et spenningsfall ved oppstart og dermed et delvis brudd som skaper hele problemet?..

Link to post

Eg skal prøve å måle meg litt meir fram etterkvart. Eg er i tvil om apparatet vert verdt prisen på eit nytt kort ja. Det kan tenkjast at eg kan finne tak i brukte delar, så eg skal sjekke opp det.

 

Vidare har eg ein mistanke om at der må vere noko som var periodisk, men no har vorte meir eller mindre permanent. Når eg sende inn apparatet første gongen så kom det som skrive av at eg ikkje fekk spenning til glødespiralen. Eg testa eindel gongar, og fekk aldri spenning dit (målte 0 V). Når apparatet skulle testast på verkstaden fungerte det ifølgje dei som det skulle, noko det ikkje gjorde når eg fekk det i retur.

Link to post

Enig i det med loddepunkter. En annen ting som typisk er komponenter som gir seg over tid, spesielt med mye varmeeksponering, er elektrolyttkondensatorer. De kan kan nok også oppføre seg litt ulikt avhengig av fuktighet og temperatur når de er i ferd med å svikte. Det står to ganske store på kortet så vidt jeg kan se, den største sannsynligvis for å stabilisere spenning på kortet (kanskje begge). Er disse ‘toast’ er f.eks. releklapring osv sannsynlig. De burde være mulige å skifte og koster lite. Er selvsagt på måfå/sannsynlighet da, men kan rime med symptomene..

 

Red: Ser det er 3 elektrolyttkondensatorer, ikke 2. 

Link to post
  • 2 uker senere...
On 6/21/2025 at 10:32 AM, subwoofer said:

Lodd over alle loddepunkter, at symptomene varierer tyder på at noe vakler. 

On 6/21/2025 at 10:55 AM, Fantino said:

Enig i det med loddepunkter. En annen ting som typisk er komponenter som gir seg over tid, spesielt med mye varmeeksponering, er elektrolyttkondensatorer...

 

Red: Ser det er 3 elektrolyttkondensatorer, ikke 2. 

 

No har eg gått over alle punkta, utan at det ser ut til å ha nokon særleg effekt. Har og forsøkt å måle med multimeter at der er kontakt gjennom alle.

 

Om eg prøver å skifte kondensatorane, bør ein skifte alle 3 på ein gong eller ein og ein?

Link to post
On 7/5/2025 at 7:20 AM, Fantino said:

Om du har alle kondensatorene for hånden så ville jeg bare skiftet de. Det er uansett komponenter som ‘slites’ og dermed greie å fornye. 

Eg skal prøve å skaffe dei, har ikkje nokon veldig hastverk med prosjektet :-)

 

On 7/5/2025 at 11:08 AM, Ttopp said:

Bare sånn for sikkerhetsskyld du har sjekker termosikrings ved utløpsrøreret litten knapp som stenger ved over varme. Og sjekker om denne fungerer.

Denne vart skifta for ikkje så veldig lenge sidan, og eg har prøvd å trykke på den. Om eg hugsar rett frå då den svikta så kunne ein i prinsippet berre kople den frå og plugge leidningane i hop. Eg har forsøkt det no, og konkludert med at det neppe er denne som har svikta denne gongen.

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...