Jump to content


Skorgenes tresnekke frå 1969, for sal på Sunnmøre, kr 25 000


Recommended Posts

Vi vurderer å selje vår tresnekke frå 1969. Båten er 24 fot lang, og motoren er ein ferskvasskjølt 10 hk Sabb. Av utstyr så er der fastmontert VHF, ekkolodd, hovdeovn og anker. Båten har koparsaum under vasslinja.

 

20260620_200224.JPG.295362b8039a0652122d846d26353e6e.JPG

 

Båten kom til Sunnmøre på 80-talet, og forrige eigar fekk då utført eindel arbeid på båten hjå Valderhaug Slipp & Mek. Verkstad:

- skifta motor frå ein Marna til dagens 10 hk Sabb, inkludert ombygging av motorfundament

- det vart isett kne ved sida av nokre spant som var avrotna

- delar av overbygget vart skifta ut med aluminium

- ny aluminiumsrigg for mesanmast

 

Vi kjøpte båten i 2005, og har gjort følgjande med båten:

- fekk skifta resten av overbygget til aluminium hjå Furnes Båt i 2006

- skifta litt av motorfundamentet som var øydelagt av lutråte

- sett inn nytt ekkolodd

- montert VHF med antenne i toppen av mesanmastra

- skifta fleire spant, der vi laminerte nye av eikelamellar og epoxy

- jamleg skifta saum som har rusta av, så ettersom åra har godt har det vorte ein god del klinking. Vi har med få unntak sett inn koparsaum for å erstatte den som var avrusta

- skrudd inn syrefaste treskruar langs kjølbordet, etterkvart som kjølspikaren har gitt seg

- limt inn lusing i nokre sprekker

- la nytt akterdekk i 2024

- skifta lensepumpe og montert automatisk nivåbrytar

- skifta lyddempar og topp (kjøpte brukte delar)

- laga nye tiljer i 2026

 

På grunn av lite bruk dei seinare åra så har vi ikkje prioritert å kjøpe nytt batteri, så batteriet som står der no er ikkje bra nok til å starte motoren. Det er berre dimensjonert til lensing og lys. Vi har difor sveiva den i gong dei siste åra. Elles hamna delar av båten under vatn på grunn av snølast i 2016, og i etterkant av dette måtte vi utføre ein god del reperasjonsarbeid, skifte alt elektrisk og reingjere motoren grundig.

 

Berre ta kontakt om det er spørsmål. Bileta er teke no i mai & juni.

20260620_200237.JPG.ba714e119486facd382ee83a469b4aba.JPG

20260519_154437.JPG.e08d3b73a61a5c34bd5563f3b07e2d45.JPG

Link to post


  • 4 uker senere...

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...