Jump to content


Robertson AP40 Autopilot (frå 1986) seljast for 3000 kroner


Recommended Posts

Eg har demontert autopiloten i båten min, då den ikkje fungerer. Det kjem opp feilmelding i displayet som antyder at den manglar rorvinkelsignal. Dette kan truleg skuldast at rorgivaren ikkje fungerer som den skal, men leverandøren kunne ikkje garantere om ny rorgivar vil løyse problemet. Feilen kan potensielt liggje i computerboksen.

 

Feilmeldinga som kjem opp er "RUDDER FEEDBACK FAIL!"

 

På grunn av manglande kunnskap om elektronikk så greier eg ikkje å feilsøke på denne sjølv.

 

Kurssignalet frå kompasset til autopiloten fungerte slik det skulle før eg demonterte autopiloten.

 

Samla har eg demontert følgjande:

 

- Robertson AP40 autopilot

- Robertson J100-40 computer

- Robertson CD 109 kompassensor

- Magnetkompass frå Bergen-Nautik

- Robertson RF140 rorgivar (truleg ikkje i orden)

 

Dette oppsettet er meint for å styre magnetventilar på konstantgåande hydrauliske pumper. Hydraulikkopplegget følgjer ikkje med her.

20250215_110159.JPG.6465435053fecd07063b8b7dca10d0f6.JPG20250215_110213.JPG.b9b583b9191378c389521f39e26ce9d4.JPG20250214_214126.JPG.c78a0fc454ff8d893662869269066293.JPG20250214_214155.JPG.707c37d6cf8d23488c6d43beafd83a2e.JPG20250216_010446.JPG.4299792c3682c0adadd0bc91228f17ed.JPG20250214_213940.JPG.2daebdd3c1fec41c98508773fe7e3c6a.JPG20250214_213952.JPG.d15c6c1867cd24f21aa8a7512f1c735b.JPG

Link to post


Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...