Jump to content


Erfaring med Hydratech i Stavanger?


Ask

Recommended Posts

Hei

 

På sikt vurderer eg å skifta motorar på båten. Difor har eg gjort nokre undersøkingar av kva motorar som kan vera aktuelle. 

 

Noverande motorar er Yanmar 2GM20F med SD20 seglbåtdrev. 

 

Om det blir bytte blir det bytte av både motor og drev.

 

VP er sjølvsagt heilt uaktuelt.

 

For enkel installasjon er det ønskeleg å bruka same motorfundament. 

 

To gode aternativ er Yanmar og Beta Marin.

Sistnemnte er basert på industrimotorar frå Kubota, og har eit seglbåtdrev som synest å vera bra.

 

Forhandlaren Hydratech utanfor Stavanger synest ikkje å vera veldig interessert i å selja. Er det einkvan med erfaring med dette selskapet?

Link to post


Komodo skrev for 5 timer siden:

 

Av nysgjerrighet, hvorfor tenker du på å bytte motorer, og har du vurdert full overhaling og kun bytte drev som alternativ?

@KomodoEg har tenkt å ha båten så lenge eg kan segla. Dvs. 15-20 år til. 

Motorane går like fint som når dei var nye for 30 år sidan, men eg er dritlei oljelekkasjar, og oljelukt i akterlugarane. 

 

Om nokre år er det òg tid for å skifta membranar, og dei kronene kan eg heller putta i nye motorar. 

Det er slitespor i propellakslingane. 

 

@Hulda Eg trur du har rett. Når dei virkar uintresserte i å selja ny motor spør eg meg om korleis servicen er når ein treng deler eller hjelp seinare.

 

@enslagsgjest

Har Nanni seglbåtdrev? 

Link to post

Om du først kikker kan du også kikke på Lombardini (Kohler), Craftsman (Mitsubishi), Vetus (Mitsubishi) og Solé (Mitsubishi) som alle er litt billigere. 

Men personlig hadde jeg nok gått for Nanni eller Yanmar om du har råd. Nanni har nok billigere deler, men Yanmar deler får du tak i over alt (men Nanni har også veldig god deletilgang). Du får nok en bra motor uansett! 

Jeg er en slags gjest

Link to post

Hei

 

21-hestaren til Beta kostar i følje Hydratech "Pris beror på konfigurasjon men som veiledende pris for en standard BETA25SD kan du bruke 179.815 inkl MVA. Fritt levert Sandnes."

Dette er med rustfritt eksosbend, men med ein pinglete dynamo på 40 amp.

Hydratech klarar ikkje å svara på om det er plass til ein større dynamo på same stad, eller om ein større dynamo må plasserast ein annan stad på motoren.

Dei klarar heller ikkje å svara på kven som produserer propellane dei sel som tilbehøyr til Beta.

I følje nettsida til Nogva kostar 21-hestaren til Nanni 95 000, men det er mest truleg utan seglbåtdrev.

Det er med 70 amp dynamo, men neppe med rustfritt eksosbend.

 

@HuldaNo er vel du rimeleg handy, men trur du at det er verdt arbeidet å marinisera ein motor sjølv?

Link to post
husky dane 85 skrev for 1 time siden:

Forhandlarar er svert kjekke og greie når ein er i ferd med å kjøpa noko,da er noko heilt anna når ein får problem, da er då du ser kor seriøse dei er,da har eg smerteleg erfart.

Når dei knapt gidd å svara før kjøp til 175k

(*2) gidd dei neppe obba overtid for å hjelpa ein seglar som treng ein vital del før ferien....

 

Hydratech har nok større, og viktigare, kundar enn seglarar. 

 

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...