Jump to content

Reparere trykklogg - går det ann?


Sinten

Recommended Posts

Eg har ein Faria trykklogg som ikkje har virka sidan båten sank i sommar. Eg håpte først at det berre var komt eit eller anna rusk i slangen, men den har eg no blåst i gjennom med ei sykkelpumpe og der var det ikkje noko rusk. Deretter prøvte eg å blåse luft gjennom slangen med trykkloggen kopla til for å sjå om det var noko utslag på den. Det var ingen reaksjon til å byrje med, men så spratt nåla opp til 15 knop og vart sittandes fast der sjølv etter at trykket i slangen var vekke. Når eg dunka litt forsiktig på glaset nokre gongar datt nåla tilbake til 0...

 

Så feilen ligg ganske sikkert i instrumentet her, men er det då noko eg kan gjere sjølv for å fikse det?

 

trykklogg_004.jpgtrykklogg_002.jpg

(ufattelig dårlig bildet, er eigentleg mykje blankare og finare enn dette :wink: )

 

Slik ser trykkloggen ut. På baksida har eg prøvt å løyse dei to skruane og muttrane som er å finne der, men det går likevel ikkje ann å opne trykkloggen(den heng i kromringen). Er einaste måten å opne den på å bøye til sides denne ringen og ta av glaset?

 

Nokon som har ein slik og veit om/korleis det går an å opne den?

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Jeg lurer også litt på hvordan man åpner disse, har et likt instrument (bare at det går til 85knop) der nåla av en eller annen merkelig grunn har klart og hoppe over "stopperen" som gjør at ikke den detter ned til under null. Så den sitter altså fast bak denne og kommer seg ikke over. har prøvd og ta ut de to skruene og dytte hele skiva inn og da kommer den nesten over (brukte trykkluft samtidig) men har nå holdt lenge på og jeg år den ikke over....

 

Så hvis noen vet enten hvordan man åpner instrumentet eller klarer og få nåla over så hadde det vært fint!

Link to post
Share on other sites

No har eg prøvd å suge, men det hjalp heller lite. Har og prøvt å veksle mellom å blåse med sykkelpumpa og suge, men får ikkje ut noko rusk. :nonod:

Er det noko delar inni her som kan ha rusta eller som glir treigt etter saltvatnet? Vil det i såfall hjelper å guffe litt 5-56 inni?

 

Hadde jo vore greit å høyrt kvifor "skilsø" har dårlig erfaring med å opne slike (og korleis ein opnar dei for så vidt) :smiley: . Er det umogleg å setje dei saman att, eller noko slikt?

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Har ikke vært borti Faria,men har åpnet Yazaki og Yamaha trykklogger. På begge to måtte jeg bøye opp falsen på frontringen. Innmaten på de 2 overnevnte var av noe som mest lignet messing, og som var irret fast.

Med noen generøse doser 5-56 og masse lirking, så fikk jeg liv i begge målerne igjen. Men nøyaktigheten (som ikke var allverden tidligere heller) ble ikke noe å skryte av etterpå....

Lurøy / Svalbard. Båter: Gromling 15/60 Yamaha / Wesling 490 m/80 Yamaha / Yamarin 5940 m/ F115 Yamaha / Achilles LS4 (RIP) Aquaquick MS265 West Commando 270 m/ 4hk Yamaha

Link to post
Share on other sites

No har eg opna den. Var eigentleg ikkje så vanskeleg, berre bretta opp falsen som Draco20 sa.

 

Tok nokre bilete sidan det heilt sikkert er fleire enn meg som har lurt på korleis desse ser ut inni :smiley:

 

2007_1228trykklogg0003.jpg

Tok meg tid til å tørke av alle delane når eg først hadde den oppe.

 

2007_1228trykklogg0006.jpg

 

2007_1228trykklogg0009.jpg

Innmaten ser akkurat ut som på teikninga til Naurstad

 

 

Det var ikkje noko synlege teikn til korrosjon av noko slag så veit ikkje kva som eigentleg var problemet, men etter å ha "raksla" litt med nåla fram og tilbake nokre gongar så kom den seg. Når eg no bles i den med munnen så får eg greit nåla opp til 12 knop, og den dett fint tilbake igjen til 5 knops merket. Eg har og greid å fått den saman att på eit vis, det var litt på same måten som å få eit dekk på ein sykkelfelg (berre at dette "dekket" ikkje var så veldig elastisk). Brukte ikkje så altfor mange forsøk heller, så med eit skrujern, ei knipetang og litt tolmod så skal nok dei fleste få til dette her :yesnod:

 

2007_1228trykklogg0010.jpg

Ferdig sett saman att (utan noko betydlige hakk)

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...