Jump to content

Oljekjøler uten "ribber"?


Fjordgut

Recommended Posts

Då eg skulle fikse ein lekkasjone i kjølesystemet på min Perkins 4.107 måtte også oljekjølaren av. Fekk råd om å rense innsatsen med saltsyre (30%) som med varmevekslerinnsatsen. Det var ikkje lurt! Det var tre aluminumsribber utanpå røra i innsatsen, dei er no vekke! Ser ut som dei har hatt som misjon å stabilisere oljen i kjølaren eller utvide arelet for effektiv varmeutveksling. Får litt ulike svar frå motormenneske om det er nødvendig å bytte innsatsen eller om den kan brukast utan ribbene. Innsatsen er ganske dyr! Eg har trykktesta den - og den er tett.

 

Er det nokon som har erfaring med slikt - som kan gi meg eit råd?

Link to post

Har du ødelagt den, er dette eit alternativ.

http://www.kdtrading.no/tradingshop/produc...49f24f29f40865c

Men jeg trur nok jeg hadde prøvt først. Tru ikke det kan skje noe gale om du prøver.

Trur kanskje meir at desse aluminiumplate hadde til hensikt å holde røra i riktig posisjon til kvarandre,

og derfor kanskje berre eit hjelpmiddel under produksjon???

Ellers trur jeg nok TMe er inne på noe her ja. :sad:

Halco 29 1992 - 2007

Bayliner 2855 2007 - ?

CB 66 Racer + div. hver onsdag

 

Den største hindringa til visdom er ikkje ignoranse - det er illusjonen av å være vis.

Link to post

Takk for svar, TMe

 

Fare for at eg må ha ny innsats, ja. Har bestilt i dag. Dyr lærdom dette, f.. også, for innstinktet mitt sa at saltsyre blei for sterkt, men "fagmannen" var så overbevisande. Det eg ikkje forstår er korleis ein kan rense innmaten i saltsyre utan å få syra på oljedelen (utsida). Firmaet som importerer desse greiene seier også at loddinga i enden av innsatsen tar skade av saltsyre, dermed kan det oppstå lekasje. Vatn i olje er heller ikkje bra! Nei, den dyre lærdomen er: Ingenting sterkare enn kaustisk soda må komme nær kjølesystemet!

Link to post

Asso svarte i ein annan tråd at forskjellen på 4.108 og 4.107 i hovedtrekk at 4.107 har våte sylinderforingar,mens 4.108 tørre. Dette seier ein ukyndig som meg lite, men min lokale mekanikar seier at 4.107 eigentleg er ein industrimotor. Mekanikaren seier også at eg bør vere varsam med denne motoren utan skikkeleg oljekjølar. Han seier den i utgangspunktet har eit lite oljevolum, og det dermed krev kjøling. På den andre sida seier ein annan fagmann at vatnet hos oss jo er kjølig..så eg veit ikkje..

 

Uansett, sjølv om det kostar litt med ny innsats, er det viktig for meg å vite at motoren får den kjølinga den skal ha, ellers slappar ikkje eg av i båten, og det er jo difor eg har den!!

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...