Jump to content

Lasteskipet Trans Carrier fekk stopp i Langenuen v/Stord!


bjoris

Recommended Posts

I går kveld kl. 2150 var eg ute i hagen og rydda litt då eg høyrte eit merkeleg spetakkel frå sjøen nedanfor oss. Det var flauvind så lyden bar godt... Når eg kom på framsida av huset mitt ser eg det store lasteskipet, Trans Carrier (Sea Cargo) legg anker midt i leia i Langenuen på høgde med sørspissen av Huglo (Huglehammaren) og Rommetveit. Her er bildet av båten... Ein tenkjer sjølvsagt på kva som kunne skjedd om det var kuling eller storm, dette er ikkje noko plass å ligge for anker, det er nært land og det er veldig djupt heilt inn til land... Det gjekk bra denne gongen, vindstille gjorde at det aldri på nokon måte var fare for at båten skulle nå land slik eg ser det, det skulle komme slepebåt og eg antar den er vekke no. Straumen førte den nordover slik at eg ikkje ser den frå huset lengre. Poenget er at ein ser her kor sårbart det er med skipstrafikken som går så nært land med enorme mengder tungolje ombord... det kan jammen fort gå gale...

 

trans_carrier_for_anker_i_langenuen_3.jpg

trans_carrier_for_anker_i_langenuen_5.jpg

Blogg:S/Y FRI -  (2008-2018: Hanse 350 - 2019: NB820 Sport og Bavaria B/One) 2020-: NB 870 Ardea D4-260 2012/2013 model

Link to post

Han burde nok bekymre seg meir for å ha ei potensiell miljøbombe liggande rett utanfor stova... enn om det vert litt dur ei natt. Refereringa til dette med hjelpemotorar og støy trur eg gjeld ei sak som nyleg var ei heit potet lokalt, skip som låg ved kai på Leirvik og som pga manglande landstraum måtte ha hjelpemotoren/aggregat i gang 24 timar. Det skjønar eg godt at er til plage for dei i leilighetskomplekset som ligger 10-20 meter frå båten. Det må ein ha respekt for syns eg.

 

Forstår at det nok var langt fra fare på ferde her og båten kunne nok muligens ha gått videre om det var fare på ferde sidan motoren(ane) var i gang. Det minner oss likevel på at det fort kan skje uhell som får stor betydning. Utan å ha peiling på skip og skipsmotorar syns eg det er svært beteknelig at dei får gå på tungolje og at denne tungolje tydeligvis lett renn i havet om skipet går på grunn. I tillegg er det utrulig store megder bunkers desse båtane har med seg. dei kan vel gå rundt verda på ein tank...? Vel, sikkert diskutert opp og ned i Full City saka...

Blogg:S/Y FRI -  (2008-2018: Hanse 350 - 2019: NB820 Sport og Bavaria B/One) 2020-: NB 870 Ardea D4-260 2012/2013 model

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...