Jump to content

Trimflaps på alubåt og behandling


Terje338

Recommended Posts

Hei,

 

Har ein Buster XXL som eg vil sette på trimflaps på.

Grunnen til eg ønsker trimflaps på båten er at den legger seg mot vinden når vinden kjem inn skrått framifra.

 

Har etter litt spekulering og lesing bestemt meg og bestilt Lenco sine 9"-12" eletriske flaps.

 

Flapsene er laget av rustfritt stål, og det skulle ikkje gje noko problemer på ein alubåt ifølge selger.

Har og sett at Anytec har Lenco flaps på sine mindre båter.

 

Det som eg er usikker på er korleis eg skal behandle desse flapsa.

 

Eg har behandla båten under vannlinja med International gelshield 200 og Trilux som bunnsmørring.

 

Etter litt surfing på nettet kom eg tilfeldig vis over denne linken: http://www.jeloy-baatsenter.no/no/quickinfo/Trilux.pdf

Der står det at Trilux ikkje må brukast på rustfritt stål....

 

Nokon som har ei formeining om kva eg bør behandle dei rustfrie flapsa med som skal monterast på ein alubåt?

 

Ser og at på Finn ligger det 2 stk Bustere med flaps montert, begge båtane har ikkje behandlet flapsa med noko bunnsmørring som eg kan sjå.

Kan det vere ei løsning og ikkje behandle flapsa med noko?

Link to post
Share on other sites

Ingen som har ei formeining om kva eg bør behandle flapsa med?

 

Etter og ha kikket på brukermanualen til ein Anytec båt så var det nemnt at skulle ein ettermontere trimflaps på den alubåten måtte ein ha på eit plastshims mellom skrog og trimflaps.

Dette var for og unngå unødvendig korrosjon.

Link to post
Share on other sites

  • 2 uker senere...

Hei,

 

Da har eg fått montert flapsa og fått testet ut litt.

 

Eg tok både kontakt med erfarne skipsutstyr malere på jobben og kontaktet Internasional for og få råd om behandlingen.

 

Eg valgte og først pusse over flapsa med smergelpapir, for så og sandblåse med olivinsand.

Deretter grunnet eg med gelshield 200.

 

Så monterte eg flapsene på båten.

 

Skar meg ut shims ut av fiskekasser for og ha mellom båt og dei syrefaste trimflapsa for og unngå tæring.

Hadde og på godt med tec-7 mellom lagene før eg skrudde dette isaman med nokre store plateskruer som var med flapsene.

 

DSC06229.jpg

 

DSC06231.jpg

 

Så grunnet eg eit nytt tynt strøk over flapsene før eg smurde eit lag med Trilux bunnstoff på.

Og her er nokre bilder av ferdigt resultat:

 

DSC06233.jpg

 

Når eg monterte flapsa kom desse i konflikt med badestigen, men det løste eg med og lage eit nytt nedre feste på badestigen som var litt lengre slik at badestigen ikkje berører flapset under bruk.

 

DSC06234.jpg

 

Eit annet problem var at for og montere sylinderen i riktig posisjon så kom det øvre feste midt på den plateknekken på bakspeilet.

Dette løyste eg med og lage meg eit shims av plast som hadde samme form som speilet på innsiden og flatt på utsiden.

 

DSC06236.jpg

 

Bryteren/trimindikatoren monterte eg slik:

 

DSC06249.jpg

 

Etter eit par turerer ute på havet kan eg trygt anbefale at dette var vel invisterte penger.

Før trengte eg ca 17knop for og halde båten i plan, men no om eg tilter flapsene heilt ned kan eg halde den i "plan" i 13-14knop.

Dette er eit stort plus spesielt når ein må begrense farten på grunn av vær,forhold eller at ein har gamelt folk ombord :giggle:

Det andre store pluset er og få rette opp båten når eg kjører i sterk sidevind.

Link to post
Share on other sites

  • 11 år senere...

Er i utgangspunktet ingen problem å bruke rustfrie trimplan på aluminiums båt, men kan være litt kranglete å få maling til å sitte. Et godt alternativ er Lectrotab sine trimplan i aluminium. De har også en tett plasthengsel, så man risikerer ingen vannsprut opp i gjennom hengslene.

Link to post
Share on other sites

  • 3 uker senere...

Trimflaps er eg fremdeles svært fornøyd med på alubåter. Eg solgte Busteren for ca 8år sia, men har samme trimflaps på Anytec båten.

 

Etter mange år med testing og feiling med bunnstoff på flapsa, trur eg det beste løsningen er og ha desse ubehandlet.

 

Noko meir du ønsker å vite?

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...