Jump to content

Skifte av mebran og zimmerringar på Yanmar SD20-segldrev


Ask

Recommended Posts

Hei

 

Eg har nett sendt på IM til Rolf, og legg teksten ut her slik at kanskje andre kan ha litt nytta av den.

 

Eg har høyrt at intervallet er 10 år. Membranane på våre SD20 var fine då me skifta dei etter ti år.

Eg kjem til å la det gå lengre tid før eg skiftar membranane neste gang.

 

Det er enkelt å skifta både membranar og simmerringar sjølv.

Tilkomsten bak og over motoren avgjer kor lett det er å demontera drevet. Drevet skal opp og akterover.

 

-Tapp av olja.

-Ta av propellen.

-Ta gjerne av stykket med propellakslingen. (Ikkje naudsynt men det gjer det enklare å ta drevet opp i båten om tilkomsten bak motoren er dårleg.)

-Støtt opp motoren med treklossar.

-Ta laus sensoren som varslar vassinntrenging i drevet.

-Ta av girwiren

-Ta av ledningen til turtallsmålar om drevet har det.

-Løys drevet frå motoren. 8- boltar.

-Løys motorfundamentene frå båten.

-Trekk motoren ca. tre cm. framovoer.

-Skru ut boltane som held flensen, som held membranen, til motorfundamentet.

-Løft drevet opp, inn i båten og akterover.

-Pass på å ikkje øydelegg mansjetten som er limt på utsida av skroget. (Om du må skifta denne så

er den sinnsjukt overprisa. Eg laga nye sjølv, og brukte den gamle som mal.)

 

Det er ein føremon å vera to mann når drevet skal ut.

 

Det er eit par oringar inne i drevet som bør skiftast samstundes.

 

-Monter dei nye pakningane på drevet.

 

-Sett greiene saman i motsatt rekkefølge.

 

Det kan vera eit godt alternativ å levera drevet til ein verkstad og la dei skifta innvendige o-ringar og montera membranane på drevet.

 

 

Zimmerringar på propellakslingen (To stk.)

 

Skru ut dei to boltane som held stykket med propellakslingen.

 

Ta ut stykket med propellakslingen, frå drevet. Bruk eit flatt skrujern og ein hammar for å splitta stykkt frå drevet.

Aluen er mjuk så det blir spor i drevet. Fil flatt før du set saman greiene.

 

Det er fira-seks boltar som held greiene saman. Ta laus desse og du kan splitta dette stykket.

Då kjem du til zimmerringane.

Ta desse av. Merk deg kva side som vender ut og inn på begge ringane.

Sett nye ringar inn med vassfast fett og dei på.

NB NB NB spiralfjørene på ringane skal vera mot trykksida. Dvs. mot drevet og mot sjøen.

 

Set saman greien i motsatt rekkefølge.

Det kan vera slitt spor i propellakslinga. Nye kostar 10 000+

Zimmerringane kan eventuelt flyttast litt ved å ikkje montera plastringen som er mellom ringane.

 

Dette fiksar normalt nevenyttige folk.

 

Lykke til.

 

 

 

Mvh.

Ask

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...