Jump to content

Justera ventilane på ein 1sylindra FM 4hk frå 1952


Beduinen

Recommended Posts

Hei alle motorkyndige og andre interesserte!

 

For nokre år sidan vart eg lukkeleg eigar av ei gamal, open snekke med ein 4hk FM. Eg er ikkje kjent med kvar-, eller kvatid båten er bygd. Motoren er ein støypejernsklump på over 100 kg frå 1952 og av typen C2; èin heilstøypt sylinder med eit digert stempel.

 

Heile prosjektet har stått langt bak i løa i fleire år, men i vinter tok eg motoren med til Bergen og byrja overhalinga. Motoren vart plukka frå kvarandre, gjort rein og no held eg på å setja den saman att. Overraskande nok såg motoren ut til å vera i veldig god stand, det einaste eg har bytta er stempelringane som knakk under demonteringa. Elles har me hona sylinderen, slipt ventilane og ventilhaldarane, skifta pakningar o.l. Forgassaren ser bra ut og magneten gir fin gnist.

 

Stempel og ventilar er på plass, men me slit litt med å finne ut kvatid dei to stempelene skal opna- og lukka seg. Skal innsugingsventilen opna seg akkurat når stempelet er på veg opp, og kva tid skal eksosventilen opna seg?

 

Vonar det er nokre hjelpsame sjeler her på dette ypparlege forumet som har nokre råd.

 

Eg kjem til å leggja ut nokre bilete av prosessen så langt, og sjølvsagt den vidare prosessen.

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...