seko Startet 18.September.2011 Del på Facebook Startet 18.September.2011 Desverre har min 28 fots kommedalsnekke sunket ved brygga. Stedet den ligger på er litt vrien og komme til så jeg prøver nå og få tak på gravemaskin e.l som kan heve den. Det står en sabb 2G i snekka og nå lurer jeg på om noen har en grei "bruksanvisning" for hva som bør gjøres med motoren når båten blir hevet... Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 18.September.2011 Del på Facebook Svart 18.September.2011 Hei Sabbar toler mykje. Det er mange slike motorar som har vore under vatn og kome vel ifrå det. Har motoren el.anlegg? Det viktigaste er at du må ta fatt på motoren med ein gang. Dvs. ha klar rikeleg med ferskvatn, 5-56, filler, olja, dieselfilter, startsigarettar og rein diesel. Det kan vera enklare om du har klar ein rein tank med diesel, slik at du slepp å reingjera hovudtanken med ein gang. Spyl motoren, inkludert inn i sylinderen, pump ut olja, skru av luka slik at du kjem til veivhust, tørk opp olje- og vatnrestar, sku på loket og fyll på olja, sveiv utan pluggen til sigaretten i, sprut inn olja eller 5-56. Reingjer dieselsystemet, ha på rein ny diesel, sett i sigarett og skur til pluggen. Kryss fingrane og sveiv. På min 2G så tek det mange sveiv å lufta systemet. Når du får start på motoren så skift olja nokre gangar. Heile motoren har sikkert ikkje vondt av 5-56 "all over" Lykke til og del gjerne dine erfaringar. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.