Jump to content

Vetus 16 hk motor vil ikkje starte (mulig problem på strømsida?)


psivert

Recommended Posts

Hei kjære båtplass.

 

Eg har ein seglbåt, en ALO 28, der det står ein Vetus 16 hk fra 2003. Denne fungerte plettfritt i fjor -- starta fint med berre litt gløding, og gjekk jamnt og påliteleg. I år er situasjonen ein annan.

 

Har nylig tatt båten ned fra Askvoll til Bergen, og motoren vart i løpet av turen stadig meir gjenstridig. Det begynte med at han var litt tungstarta, måtte gløde lenger og kinne meir før han kom i gang, men dei siste dagane har problema blitt meir prekære. No får eg ikkje start, ikkje eingong alarm når eg vrir på tenninga, dette til tross for at batteria er fullada, og det eine heilt nytt. Eg får heller ikkje start sjølv når eg har ladaren tilkopla landstrøm.

 

Eg er ikkje spesielt kyndig på motor eller straum, men med litt vegleiing kan eg sikkert finne ut av ein del ting. Det eg veit så langt:

 

Batteria er lada, og viser spenning både på voltmeteret og når eg måler manuelt mellom polane (har fått 14V når eg har målt no i dag)

 

Batteria er kopla saman på minussida, og eg byttar batteri ved å flytte ein kabelsko på plussida. Har tatt fra kvarandre alt og skrudd det saman igjen, det verkar fast og greit, og eg vil tru det er kontakt.

 

Sikringa på motoren er ok.

 

Minusledning til motor er fast og ok.

 

Har gått gjennom tavla ved tenningsnøkkelen -- alt verkar fast, og utan slark.

 

 

 

For meg verkar det som om problemet ligg ein stad på strømsida. Motoren i seg sjølv har fungert bra når han først er i gang. Diesel er full, olje full, kjølevatn full, drivreim passe stram.

 

Så altså. Kva skal eg gjere? Er det noko eg bør prøve, eller må eg få fagfolk ombord? Er det i så fall nokon som vil anbefale nokon? Dette er altså i Bergen, på Laksevåg.

Link to post
Share on other sites

Har starteren dratt motoren rundt med samme hastighet hele tiden? eller har den gått tregere og tregere?

 

Prøv og måle spenningen rett på starteren, både når du kinner og ikke. Du skal ha samme spenning på + kabelen som går inn på starteren som på batteriet.

Kan ingenting om noe, litt om mye og mye om litt.

Link to post
Share on other sites

Hei

Du sier du måler 14 volt på batteriet, da må laderen være tilkoblet. Kutt ut laderen og belastningsmål batteriet om mulig.

Spørsmål: på turen til Bergen ble motoren vanskeligere å ha med å gjøre skriver du. Iforbindelse med start eller gikk den dårligere også?

Mvh

Arne

Båthavn: Onsøy Marina, Gressvik

Totalmedlem av RS

Lagune, Sigyn, nå Stella Polaris

Brukererfaring: Yamaha, Marna, Volvo og Yanmar

Link to post
Share on other sites

Kalle: startaren har vel gått treigare og treigare. Det begynte med at han var tungstarta, no er det ingenting. Det meste eg har fått til i dag er å få startaren til å lage eit klikk før han gjer seg. Og no får eg ikkje eingong alarm når eg vrir på tenninga. Det at eg ikkje klarte å starte sjølv med landstrøm tilkopla kan vel tyde på at det ikkje er batteria i seg sjølv som er problemet. Feilen ligg ein annan stad?

 

Korleis måler eg spenning rett på startaren? (Som sagt har eg ikkje mykje greie på motor).

 

Arne: Eg kan gå ned i båten og måle batteria. Problema med motoren er utelukkande knytta til start. Han gjekk fint og heilt jevnt i ti timar med ein del sjø, motstrøm og motvind. Det verkar òg som dynamoen virkar, eg fulgte med spenninga etterkvart som vi gjekk, og den kom heilt opp på 14,4 etter ein lang dag. Er det noko eg burde tatt bilde av så de kan sjå på? Med tanke på korleis ting er kopla opp og så vidare? Andre ting eg kan prøve å finne ut?

 

Tusen takk for svar!

Link to post
Share on other sites

Haha! Eg fann ut av feilen. Veldig pinlig å ha oversett dette, men nettopp den kabelen var ikkje ordentlig inni kabelskoen, slik at startaren ikkje har fått strøm. Så enkelt, så pinlig, men no startar motoren lett på begge batteri.

 

Tusen takk for hjelpa folkens, de er ein flott gjeng!

 

Alt godt og ha ein trivelig sommar.

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...