Vestlandsfanden Startet 17.August.2012 Link til dette innlegget Startet 17.August.2012 No er det lenge siden eg har vore aktiv på forumet, men det skyldes at mykje anna enn båt har stått i fokus den siste tida. Uansett - Malo'en er solgt (med tungt hjerte), men eg har ein annan båt som har stått i naustet i mange år som eg no har forbarma meg over. Kjøpt av en kjenning som overtok den etter et dødsbo. Veit derfor lite om båten. Det er ein 22 fots Forlandsbåt. Veldig bra skrog, og noko mindre bra ellers;-) Har hatt ein slik båt før og, men solgte den dum som eg var. Dei siste par dagane har eg hatt båten på sjøen for å trutne den etter at den har fått både primer og bunnstoff. Er overraskende tett. Dørken og motorkassa ligg klart i naustet for å malast. Står eit heimelaga styrehus på den - eit uhorvelig stygt plastskur som ligg laust oppå esingen. Dette skal eg hive på land, og tenkte å ha båten åpen slik den er bygget. Liker dei best sånn. I går skulle eg vekke Sabben til liv. Den har ikkje vore i gang på kanskje nærmare 10 år. Båten er bygget en gang på 60-talet, men eg la merke til at motoren har vore bytta ettersom det var eit gamalt sjøvannsinntak som ikkje lengre var i bruk litt aktenfor det som no kjøler Sabben. Ringte Sabb og spurte kva år 21AE var, og det viste seg at det er ein 1985-modell. Det er jo ikkje så verst! Då har den kun vore brukt i 15-20 år før den vart sett i naustet. Bra utgangspunkt. Eg sjekka oljenivået, bytta regulatoren (som var øydelagt), har pussa rust på koblingshuset og malt opp, skifta alle smøreniplene på kobling og omstyring og pressa grease nedi, justert koblinga som var altfor stram, koblet til dieseltanken som av ein eller anna grunn var skrudd av, skifta trykkslange frå filter til pumpe (den med banjokoblinger, fekk laga ein ny for den gamle var heilt morken), skifta filter, og til slutt lufta heile systemet. Helte litt olje i startoljerøret, og tok til å sveive. Slo over dekompresjonshendelen og ut fra dvalen tok Sabben til å riste! Gikk som ein klokke. Utrulig fasinerande med desse evighetsmaskinane. Einaste som tydet på at den ikkje har slått eit einaste slag på lange tider var ein liten røykdott frå eksosen på første tenninga. Ellers alt bra. Men, så oppdaga eg at det ikkje kom vatn i eksosen. Motoren er direktekjølt - altså sjøvannskjølt, og eg tenkte at kanskje pumpa måtte leskast. Skrudde opp den store messingskruen oppå pumpa, men der var det vann. Tenkte at kanskje det tok litt tid å fylle heile motoren siden den jo var heilt tørr, så eg starta opp igjen og oppdaga at det slo ut luft mellom toppen og sylinderblokken!! Omtrent midt under der kor startesigaretthaldaren står. Det må jo bety at toppakningen er gåen. Høyrer eit kraftig støt for kvart slag når luften pressast ut. Merker ikkje noko dårleg kompresjon, men har jo ikkje kjørt med belastning... Kom framleis ingen kjøling, så eg tok til å løysa samme skruen igjen, og då var det stort trykk på kjølevatnet. Kan det være kompresjonstrykk i kjølevatnet som følge av sprukken topp? Håper ikkje det, men det var min første tanke. Uansett toppen må vel av, men er det nokon Sabb-mennesker som vil komme med meir eller mindre kvalifiserte gjetninger her? Når det gjelder toppakning er det vel bare en kobberring og to toppvannspakninger som skal til eller? Oppmuntringer og velmente råd tas imot med takk:) Sitér dette innlegget Link to post
index Svart 17.August.2012 Link til dette innlegget Svart 17.August.2012 Toppakningen kan som regel glødes og brukes på ny, med mindre den er fysisk skadet. Mens du har av toppen, stak ut all rust i kjølekanalene i topp og manifoil og mellom blokk og topp. Sjekk også at blandebendet ikke er tett. Se etter sprekk mellom ventilene, det er oftest der toppen sprekker om rusten får pakke seg for mye i kjølekanalene. Så ta av toppen og sjekk tilstanden før du begynner å handle deler. Har du litt flaks så kan både toppakning ov toppvannpakning brukes om igjen, og du slipper utlegg for å få den til å virke som den skal. Herlig enkle saker dette her... Sitér dette innlegget "First they ignore you, then they ridicule you, then they fight you, then you win." - Mahatma Gandhi Link to post
Vestlandsfanden Svart 17.August.2012 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 17.August.2012 Ja, toppen må jo uansett av, så eg får begynne med det. Skal ned i båten i ettermiddag, så får vi se korleis det går. Sitter vel sikkert j**lig godt fast den toppen tenker eg... Spent på å sjå korleis toppakningen ser ut. Bor jo heldigvis ikkje så langt unna Sabben sin fødeplass, så deletilgangen er god om det skulle bli behov:) Sitér dette innlegget Link to post
Vestlandsfanden Svart 5.November.2012 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 5.November.2012 Har tatt sin tid dette her, men dagane flyr og vips så måtte eg reise ut på sjøen igjen på jobben... Men noe er eg heime att, og har fått skrudd litt på Sabben igjen. Tok av toppen, og kjølekanalene var heilt - absolutt heilt potte tette. Både i toppen og nedover i sjølve blokken. Blokken staka eg opp med skrugjern, ståltråd og systemrens. Toppen har badet i diesel, og blitt staka med syl, skrugjern, ståltråd og stålpiperensar. Spylt gjennom med systemrens, tørket og malt. Kunne ikkje finna nokre sprekker heldigvis. Saltet hadde satt seg godt, og først var eg redd eg aldri skulle klara å staka det ut for det var knalla hardt, men det løsnet etterkvart. Lyddemperen har fått same behandling. Eine toppvannpakninga hadde røke, så eg bytta begge to. Toppakningen, den av kobber, hadde vorte oval. Var nok difor det lakk ut kompresjonstrykk. Satte på ein ny, så no er det klart for mange nye år! Skrudde saman alt igjen med riktig tiltrekningsmoment, og motoren startet på andre forsøk. Har ikkje el.start, så det var nok berre eg som ikkje sveivde raskt nok første gongen;) Justerte ventilene til 0,3mm, men har litt problemer med dekompresjonshendelen. Denne stod i en rar posisjon, sånn litt på skrå, og eg tenkte at eg skulle justere den inn. Leste at ein skal la den ligge nede i sporet, løsne mutteren og skru sylinderen nedover til vippearmene løfter dekopresjonsbolten ca 0,5mm når stempelet går over topp. Starter justeringa når begge ventilene er stengt, og dreier motoren forsiktig att og fram med å bevege svinghjulet. Når bolten er i riktig posisjon, skal sporet med hendelen peike rett fram. Men når eg justerte på denne måten, fekk eg ikkje kompresjonstrykk i det heile tatt. Har no forsøkt å justere både oppover og nedover, men finn ikkje attende til den eksakte posisjonen kor ein får full kompresjon i lukket stilling. Pga dette, får eg no ikkje start på motoren. Nåken som har erfaringer med dette? Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.