Jump to content

Pendlarbåt - atter ein gong, valgets kvaler


Gulenpower

Recommended Posts

Først av alt vil eg berre sei at eg har lest igjennom alle trådane om pendlarbåtar, både 1, 2 og 3 gongar. I tillegg så har eg lest alle trådar om alle båtar eg har vurdert, og alle trådar om motorane som har stått i dei båtane eg har vurdert. Heldigvis har det vore dårleg vêri sommar :-)

 

 

Min bakgrunn for at eg ynskjer ein pendlarbåt er at eg kan pendle 8,5 nautiske mil til jobb og 8,5 nm heim igjen. Har eg då ein båt som brukar 1 liter pr nautiske mil så brukar eg under 200 kroner i diesel kvar dag. Med maksimum 20 arbeidsdagar i månaden så blir det billegare enn å leige leilighet på arbeidsplassen.

 

Mine startkrav til pendlarbåt:

- Lukka/tett kabin

- Dieselmotor

- Marsjfart på minimum 20 knop

- Forbruk på maksimum 1 liter pr nm.

- Helst ein liten helgeturmoglegheit

 

 

Før eg i det heile tatt visste at eg hadde bruk for ein pendlarbåt, så hadde eg sett på fleire Saga 25 med lukka kabin og nyare dieselmotor, frå det glade åttital. Denne båten har utestyring, toalett, stikkabin, dobbeltseng i baug, kjøleskap og koke- og vaskemoglegheitar. Utstyrar du den i tillegg med ein grei motor, så går den 30+ på maks. Korleis forbruket er på desse på marsjfart det veit eg dessverre ikkje, men det er jo avhengig av motoren.

 

200000 kroner er gjerne masse for ein 25 år gammal båt når du for 100000 kroner meir kan få ein 10 år gammal båt. Men ingen av desse båtane, sjølv i same storleik, har det same som ein Saga 25.

 

Spørsmålet mitt er som fylgjer, er det nokon som kan anbefale ein båt til meg som svarar til krava mine? Om ikkje dei svarar direkte til krava, er det nokon som veit om båtar som svarar til så lavt forbruk?

 

 

Budsjettet mitt var eigentleg på 250000 kroner, men i sommar så har vi lånt mine foreldre sin 30 fotar på ferie. Så både min sambuar og eg kunne tenkt oss ein "feriebåt" sjølv. Gjerne ikkje så stor som 30 fot, med tanke på forbruket. Derfor har vi tillatt oss å plusse på 150000-200000 kroner til, dersom vi kan finne ein brukandes båt. I absolutt ytterste naud så kan vi gå til 500000, men då må båten vere eit røvarkjøp! Helst håpar vi å unngå det.

 

 

Så dersom nokon har orka å lese gjennom denne posten, så takkar eg audmjukt for det, og mitt nye spørsmål er då om det nokon som har ein pendlar-/feriebåt å anbefale? Saga 25 er fortsatt ein vinnar hos meg...

Redigert av Gulenpower (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...