MrLockertsen Startet 18.Mai.2015 Del på Facebook Startet 18.Mai.2015 Det er den tida av året... Ferske båteigarar registrerer seg på forumet med all slags teite spørsmål... Her kjem mitt første! ;) Min bakgrunn: Eg har vokst opp med båt på hytta til foreldra mine. 14 fot og Yamaha 6HK motor. Eg er no ein vaksen mann på 45, har budd i Oslo i mesteparten av livet mitt utan båt, men har for tre år sidan flytta til Telemarkskysten, og etter tre sumarar her utan båt var det i år på tide å koma seg utpå. Eg har teknisk innsikt litt over gjennomsnittet, veit korleis ein motor fungerer, sjølv om eg ikkje har skrudd så mykje på motorar etter at eg solgte ein Ford Granada på starten av 90-talet. ;) Eg har no i helga kjøpt meg ein rimeleg båt. Ein 1986 KMV With Dromedille 1700 HT med ein 1988-modell Evinrude VRO 50HK bak. Båten er i bra stand, men med skjønnhetsfeil som eg skal fikse etter kvart. Motoren er litt meir tvilsam, og eg lurar på erfaringar og om den er noko å spare på. Tidlegare eigar har tatt service på denne sjølv i dei siste åra, og den har vore i drift til og med i fjor sumar, men i samband med at båten blei lagt i opplag, skulle han køyre motoren i ferskvatn. Då han gjorde det, hang motoren seg opp med fullt turtal, og han fekk ikkje stansa motoren på anna vis enn å dra ut bensinslangen. Kan dette ha ødelagt motoren? Den har ikkje vore starta sidan. Eg skulle gjerne hatt ei proff vurdering av motoren, med evt overhaling, men å få plass på verkstad i starten av mai er nok rimeleg fånyttes, så spørsmålet er om eg kan gjera noko sjølv, og er det noko de vil tilrå her? Er ein 80-tals Evinrude lett å skru på, og kva må eg evt passe på? Tips og råd mottakast med takk! Sitér dette innlegget Link to post
ivar Svart 18.Mai.2015 Del på Facebook Svart 18.Mai.2015 en gammel sliter dette her, og faktisk i salg til innpå 2000 tallet. Ser jo temmelig fin ut under dekselet til å være fra 80 tallet. Men litt mer sjabby utvendig - sola har nok tatt godt på lakken. Heller ikke bra at det er bunnsmøring på braketten (galvanisk tæring). ikke godt å si hva som evt kan ha skjedd med at den ruste opp uten belastning. Du får ta en komp test , samt ta ut pluggene og dreie på svinghjul å kjenne om alt går smooth Sitér dette innlegget Lurøy / Svalbard. Båter: Gromling 15/60 Yamaha / Wesling 490 m/80 Yamaha / Yamarin 5940 m/ F115 Yamaha / Achilles LS4 (RIP) Aquaquick MS265 West Commando 270 m/ 4hk Yamaha Link to post
MrLockertsen Svart 18.Mai.2015 Emnestarter Del på Facebook Svart 18.Mai.2015 Takk for svar! Kompresjonstrykk skal målast, som du skriv. Det går vel greit med ein billeg måler som dei har på f.eks. Biltema? Eg glemte å skriva at det var observert sotete tennplugger etter denne hendinga. Kan det vera symptom på årsak eller kan det vera resultat av rusinga? Det er jo litt rart at den ikkje lot seg stoppe ved å slå av tenninga. Har nokon opplevd noko liknande? Sitér dette innlegget Link to post
MrLockertsen Svart 26.Mai.2015 Emnestarter Del på Facebook Svart 26.Mai.2015 No har eg denne på motorverkstad. Har fått ein fagmann til å bruke ein time på å starte og vurdere motoren. Når den går varm, rusar den opp på turtal. Han synst motoren ellers verkar bra, og det er bra kompresjon i sylindere. Han var usikker på årsak til kvifor den rusa opp og meinte han måtte plukke frå kvarandre forgasser og sjå. Veldig usikker på kva eg skal gjera. Det er seff no eg skulle tatt den heim og skrudd den frå kvarandre sjølv, men eg tvilar litt på eigne evner, og så er det det med tida... Vil jo helst på vatnet før sumaren er over! Burde eg berre kaste den, og kjøpa eit nyare objekt? - Men bruktmarkedet for 50-60hk er dyrt, synst eg. 25000 for ein 15 år gamal motor er stivt. Vil eg synst det er verdt å bytte i ein 4-takter? Er det mykje å spare på drivstoffutgifter om eg kjøper noko nytt? Ein 88 Evinrude er vel rimeleg tørst!? Sitér dette innlegget Link to post
tronds63 Svart 26.Mai.2015 Del på Facebook Svart 26.Mai.2015 For meg ser det ut som om tomgangen er justert for høyt. Jeg ville startet med å sette alle justeringer tilbake til utgangspunktet.Skru ut skruen for endestopp på tomgangen, den lengst bak /øverst ved svinghjulet slik at du får ned tomgangen.Tomgangsskruene på forgasserene 1,5 omdreining ut fra bunn. De finner du øverst i fronten på forgasserene.Da kan du se om den oppfører seg normalt. Derfra er det enkelt å justere tomgangen riktig (900-1000 o/mi) og justere blandingen på tomgang med skruene i front av forgasserene. Skru de forsiktig inn til den begynner å fuske, så en halv omdreining ut. Gjør det på begge forgasserene. Hvis den da stoppet når du setter den i gir, båten på vannet, så skrur du de enda en kvart omdeining ut til den ikke stopper når du setter den i gir. Dette er en amerikansk "traktormotor" som holder bortimot evig om den får kjøling og olje. Sot på pluggene SKAL det være på en totakter. Er de rene så kommer det vann inn i sylinderen og da er det tid for overhaling øyeblikkelig, uten ventetid. Det kommer nemlig også vann inn på veiva og det blir rust i lagre og veivhavari som resultat. Sitér dette innlegget Link to post
MrLockertsen Svart 26.Mai.2015 Emnestarter Del på Facebook Svart 26.Mai.2015 Takk for svar og gode tips! Her er problemet at motoren rusar opp av seg sjølv, så det verkar som det er lekkasje i forgasser. Eg har bestemt for å satse litt meir pengar på motoren i staden for å kjøpe ny, og reparatøren skal no demontere forgasser og ta ein skikkeleg rens. Kryssar fingre for at det gjer susen! No vil eg snart koma meg til sjøs... Eg har forresten blogga litt om båtkjøp og mimra om gamle dagar: http://lockertsen.blogspot.no/2015/05/vi-har-kjpt-oss-dromedille.html http://lockertsen.blogspot.no/2015/05/fridom-pa-14-fot.html Sitér dette innlegget Link to post
Janoho Svart 27.Mai.2015 Del på Facebook Svart 27.Mai.2015 til info så har en kjenning en 79 modell av samme motor og modell (55 hk tror jeg det er), selv om den er tørst så funker den helt fint og en god og pålitelig motor. Jeg ville lagt noen kroner i videre feilsøking.. Sitér dette innlegget Link to post
MrLockertsen Svart 27.Mai.2015 Emnestarter Del på Facebook Svart 27.Mai.2015 Ja no er forgasseren i delar, og blir rensa. Spent på resultatet! Sitér dette innlegget Link to post
MrLockertsen Svart 29.Mai.2015 Emnestarter Del på Facebook Svart 29.Mai.2015 Hurra! Mekaniker har fiksa motor og meiner den er gulle god! Får dessverre ikkje henta den før på mandag, men, men. Det viktigaste er at alt er ok! Såg forresten akkurat samme motor solgt som rep.objekt på finn. Den blei solgt i løpet av timar for 3500. Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.