Jump to content

Penta MD17 - vatn gjennom sylinder til bunnpanne


PHdZ

Recommended Posts

Hei, eg er ny på forumene her då eg nyleg fekk ein Myra 22 frå 1987 med Volvo Penta MD17 motor til slikt og ingenting, og hamna dermed inn i noko eg har svært lite erfaring med; båt og motor. Håper nokon her kan hjelpe ein nybyrjar med eit lite problem:

 

Førre eigar hadde skifta sylindertopp og toppakning på sylinder nr. 3, og renska den direktekjølte saltvasskretsen med eit middel. Etter dette kom det mykje sjøvatn i olja, fleire cm over maks på peilepinn. Han mistenkte at rensemiddelet hadde laga hol i kjølesystemet, og meinte motoren var boss.

 

Fyrste eg gjorde var å løfte motoren ut av båten, tømte den for olje (grå graut pga. vatnet) og skrudde av bunnpanna. I bunnpanna var det forresten pittelitt rusk og spon. Så kopla eg til ein slange på kjølesystemet, og holdt den over motorens nivå mens eg fylte vatn på den. Når vatnet nådde omtrentleg nivå med eksosmanifoilden begynte det å piple vatn ut av sylinder nr. 2 og rett ned der bunnpanna var. Når eg snurra på svinghjulet rant det pittelitt vatn frå sylinder nr. 3, men heldt fram frå nr. 2 når eg stoppa.

 

Så demontert eg topplokket på alle sylindrane. Under topplokket på sylinder nr. 3, den som var byta, var det tørt og begynt å rust, ikkje antydning til olje. Dei to andre hadde litt olje. (Skal desse vere fylt med olje?)

 

Eg demonterte så eksosmanifoilden, sylinderhovuda og sylinderblokka (usikker om dette er riktig fagspråk). Her fann eg ein bøyd støtstang i sylinder nr. 2. I sylinderblokk nr. 2 var det også veldig mykje rusk i kjølekanalane, og desse virka tett. (Sylinder nr. 2 er også den det rant vatn gjennom.) Eg fekk ut rusket frå kanalane i sylinder nr. 2 (små rusta metallbiter virka det som), og fylte så vatn i kjølekanalane på alle tre sylinderblokkane. Lot dei stå over natta, og neste dag var det like mykje vatn i alle, så desse virka tett. Toppen på motoren såg også bra ut. Einaste anna eg reagerte på var at det blant anna på eksosmanifoilden var brukt ei oransj guffe på pakningen.

 

Ut frå denne informasjonen:

Er motoren slik førre eigar sa?

Er det ein dårlig pakning som gjer at vatnet kjem i olja?

Om det kan reparerast, kva meir bør eg sjå på mens motoren er såpass demontert?

 

Set stor pris på alle svar, på førehand takk!

Redigert av PHdZ (see edit history)
Link to post

Hei.

 

Dette var den motoren eg starta båtlivet med. Men heitte vel MD17C den gong. Alt frå fyrst av hadde eg problem med bøygde støtstenger på den nye motoren. Kjølevasspumpa var eit anna problen. Solid motor med utskiftbare sylinderforingar, men direktekjølt. Var likevel skuffa over motoren. Før du kostar for mykje på den er det rett slik du no gjer; undersøkje grundig.

Link to post

Hvor høyt i eksosmanifoilen sto vannivået når det begynte å renne vann igjennom? Vannet renner inn gjennom eksosventilen hvis nivået er høyt nok. Ellers er jo tæring i kjølekanalene et problem på disse, sjekk kanalen i overgangen mellom sylinder og topp, er det pitting her er det vanskelig å unngå at vann trenger seg forbi toppakningen og inn sylinderen. Bøyde/knekte støtstenger kan også være et tegn på vann i sylinderne med påfølgende store krefter ved forsøk på å tørne motor. Har hatt lignende problemer med eldre Volvo motorer! :)

Link to post

Speideren i Søgne har en MD17c med ferskvannskjøling og ny dynamo.

3 av 4 motorfester røk under vannkrig i Tvedestrand for en uke siden, så vi seilte hjem.

Motoren er slitt, men fullt brukbar. Festene koster orginalt nesten 15 000 kr.

Vi har vurdert tidligere å bytte motor, og hvis det blir til det går den gamle rimelig. Bestemmer oss antakelig i løpet av 14 dager.

 

Kan være et brukbart alternativ hvis du ikke får i orden din.

 

Mons

Mons

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...