Fjordgubbe Startet 23.Mars.2018 Del på Facebook Startet 23.Mars.2018 (redigert) Monterte for eit par år sidan to SIMRAD NSS7 EVO2 plottarar for ekkolodd i båten. I fjor haust merka eg eit tydeleg rutemønster i høgre hjørna øvst oppe på eine plottaren når den var avslått. Etter ca ein månad dekka rutemønsteret heile skjermen. Det utvida seg med andre ord. Slik skulle det sjølvsagt ikkje vere og eg kontakta Høcom, det var der eg hadde kjøpt det. Ingen problem, dei er alltid positive: Berre send det til oss so skal me sjå på det. Dei sa og kva det var, men det har eg no gløymt. Dei var ikkje framande for problemet høyrdest det ut som. Men sidan eg hadde bruk for ekkoloddet på den tida, bad eg om å få levert det inn litt seinare. Det var heilt greitt. Det er ingen problem med å bruke det. Då eg so i dag var nedi båten for å demontere plottaren og sende den inn, såg eg til min skrekk det andre hadde fått tilsvarande mønster. Og no over heile skjermen her og. Har bruk for eit, so eg sender nr to inn når eg får tilbake det første. Er det nokon her på båtforumet som kjenner til problemet? Er dette spesielt for Simrad? Let det seg fikse, eller må eg ha nytt? (Betyr ikkje noko for meg sidan eg reknar med det går på garantien.) Det merkelege er og at eg ikkje har brukt kartplottar nr to på eit halvt år. Likevel kjem dette. Noko som har opplevd tilsvarande. Synest det er meir enn merkeleg problemet oppstår på begge skjermane nokolunde samstundes når dei til og med er nye? Redigert 23.Mars.2018 av Fjordgubbe (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Fjordgubbe Svart 24.Mars.2018 Emnestarter Del på Facebook Svart 24.Mars.2018 Ingen som har peiling? Sitér dette innlegget Link to post
Chris284 Svart 24.Mars.2018 Del på Facebook Svart 24.Mars.2018 (redigert) Kan ha noe med temperatur å gjøre. For kaldt eller varmt kan påvirke skjermen som består av et flytende krystall (lcd). Jeg har en tankmåler med lcd og om sol lyset får skinne direkte på displayet i en halvtime blir det helt sort og ingen tall vises. Når det blir avkjølt er det normalt igjen. Nå passer jeg på å dekke over eller skjerme for sol om jeg har solen i ryggen (kalesje båt). Bruker ikke båt om vinteren eller i kuldegrader, så vet ikke hvordan det er da. Redigert 24.Mars.2018 av Chris284 (see edit history) Sitér dette innlegget Chris Craft 284, 1988 mod. 2 x Mercruiser 4.2L 220hk diesel, Bravo 2, 100knop Link to post
Fjordgubbe Svart 24.Mars.2018 Emnestarter Del på Facebook Svart 24.Mars.2018 Takk for svar, men det er nok ikkje det sidan her knapt har vore sol i båten i vinter. Og skaden er permanent. Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.