Jump to content

Vaskemaskin i båten


M/Y Ellen Marie

Recommended Posts

Hei

 

Eg har montert vaskemaskin i båten vår. Det er det beste utstyret eg har montert i båt nokonsinne. Billige er dei òg. Du får spesiallaga maskinar for båt. Dei er dyre 10000+ og vanskele å få tak i. Eg kjøpte den minste eg fann. Det var ein Candy. Kjøpt på Elprice. Villeiande pris ca. 5 500. Når eg fortalte at eg kunne kjøpa den same rimlegare i Danmark (me skulle på langtur) kom den på ca. 3000-3500. Då kjøpte me anna utstyr òg. Han som leverte ut maskinen banna over prisen...

 

Ikkje dropp sentrufugen. (Noko eg for øvrig trur er vanskelg.) Jo flerie omdr., jo raskare tørkar kleda.

 

Toppmata maskinar har ikkje motlodd. Dette fordi akslingen har to nav. Hadde eg hatt nok høgda hadde eg kjøpt ein slik.

 

Husk å festa maskinen godt. Me har festa vår med ei lastestropp.

 

Det er ein fordel at maskinen kan nyttast på 10amp sikringar. Då kan du bruka den i fleire hamner, enn om den må ha 16 amp.

 

Lykke til.

 

Ta kontakt om det er noko meir du lurer på.

 

 

Ask

Link to post
Share on other sites

Hei

 

Eg har brukt vår vaskemaskin i minst 50 hamner mellom Sørspania og Longyearbyen. Me har aldri fått ein einaste kommentar når det gjeld utslipp av vaskevatn. Eg trur dette er eit konstruert problem av båtfolk frå den pøyla som blir kalla "Indre Oslofjord".

 

For tida bur me i båten. Me har to små barn. I hamna her kostar vasken 30 kr (5 kg. tøy). Vaskemaskinen er spart inn minst to ganger alt. For ikkje å tal om all tida me har spart. Dersom behovet er til stades er eigen maskin best.

 

Vår Candu brukar 42 liter per vask. Vassforbruket er uintressant. Maskinen blir berre brukt i havn.

 

 

 

Ask

Link to post
Share on other sites

Hei. Vi har ei 40 cm bred Zanussi vaskemaskin med toppmating ombord. den veier vel ca 25-30 kg.

Vi tar varmtvann fra berederen via ett blandebatteri og kjører maskina på program for kaldt vann. Generatoren en mase 2.5 sørger for strøm.

En sånn kjekk å ha løsning på lenger turer og med små barn.

Link to post
Share on other sites

Vaskemaskin har me klart oss utan så langt (nyttar det som er i gjestehamner og manuell vask), men derimot har me veldig lyst på ein oppvaskmaskin for båtbruk. Frykteleg fort samlar oppvasken seg opp og mannskapet (innkl. skipperen...) vil heller bruka tida ombord på andre ting. Difor har me snakka om moglegheita for oppvaskmaskin i båten.

 

I første omgang tenker me på noko som kan nyttast under landstraum (men det gjer sjølvsagt ikkje noko om det kan gå på 12 V). Har sett såkalla hybeloppvaskmaskinar, på størrelse med mikrobølgeomnar. Nokon som har erfaring med slikt eller andre former for maritime oppvaskmaskinar?

 

PS: Akkurat no har me ingen båt å ha oppvaskmaskin i (eller vaska opp i, for den saks skuld...), men i vår neste båt skal alt vera på plass... (høyrt den før? :wink: )

Link to post
Share on other sites

men derimot har me veldig lyst på ein oppvaskmaskin for båtbruk

Vanligvis bruker jeg engangsbestikk dersom ingen vil vaske opp, men det har fungert å fylle vasken med oppvask, varmt vann og såpe Deretter legges lokket på vasken og ettter et par timer i stampesjø er alt rent. :crazy: Redigert av Sjøtummel (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...