Jump to content

Korleis lufte diesel på Marna M2 motor


Tollak

Recommended Posts

Var litt i ørska i helga og stengde dieseltilførselen (har ventil på dieselslangen) i staden for å opne den. Etter ein liten halvtime på sjøen gjekk det som det måtte gå - motoren stogga, fekk hjelp til å komme meg i land og oppdaga feilen eg hadde gjort då eg skulle stenge ned båten. 

I går var eg uti båten for å prøve å få liv i motoren, og det var då lite tegn til liv (kinner godt, men ikkje antyding til tenning). Eg vil då anta at å lufte er einaste utveg? Forsøkte å opne det eg trudde var dysene, men det hadde ingen effekt. 

 

Fann også guiden til Marna https://marna.no/m-serien/m1-m3-lufting-av-dieselpumpe/ men utfordringa mi er at eg ikkje finn igjenn brennstoffpumpa som det her visast til. Eg ville trudd desse skulle være på toppen av motoren(?), men finn nokon nede på styrbordside, kan det være der dei er plassert?

I denne guiden står det også " 1. Skru av røret til dysen." Kvar finn eg dette røyret? 

 

Har lagt med eit bilete av motoren sett ovanfrå om det kan være til hjelp for å teikne. Tek gjerne i mot tips og triks som kan gjere jobben min så enkel som mogleg. 

 

 

69461865_1100436070151376_393515271710572544_n.jpg

Redigert av Tollak (see edit history)
Link to post

Løsne mutteren som holder røret til dysen litt. Kjør på starteren til det kommer ren diesel uten luftbobler. Stram til. Gjenta på sylinder nr 2. Start motoren.

 

Du bør ha fullt pådrag på gassen når du gjør dette, så du er sikker på at du får nok diesel fram.

"First they ignore you, then they ridicule you, then they fight you, then you win." - Mahatma Gandhi
Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...