Jump to content

230 v ac elmotor får ikkje opp turtalet


Ask

Recommended Posts

Hei

 

Dykkekompressoren min blir (eller rettare sagt blei) dreve av ein 230 v, vekselstaumsmotor, 16 A, ein fase.

Kompressoren er ein Bauer Junior II, frå 2001.

Brått ville ikkje pressa gå i normalt turtal. Det er så vidt motoren går rundt.

Eg fekk eit tips om at det truleg var kondensatorane som hadde tatt kvelden, men i dag har eg bytta kondensatorane.

Motoren går like tregt som før.

Eg har tatt for gitt at det er motoren som tøysar, og ikkje kompressordelen.

Er det einkvan som har tips?

 

(No held eg på med å skru på hondamotoren (bensin) som eg tok av for 8-10 år sidan.)

 

Ask

Link to post

Gjelder det samme dersom du kjører den med åpne dreneringskraner?

 

Det første du kan gjøre er å ta av reima og kjøre motoren ubelastet. Sjekk også at motoren sviver lett rundt for hånd uten motstand. Når motoren går tar du en stor skrutrekker og setter inn på lagerskjoldet, samtidig som du legger øret eller setter kraniet mot håndtaket. Gjør dette på begge sider av motoren. Da vil du høre dersom et lager er defekt. Åpne alle tre dreneringskranene på kompressoren og sjekk at den er lett å turne rundt uten at du får mekaniske skrapelyder. Disse kompressorene har et siste trinn på et av stemplene som bygger opp siste del av trykket. Har vært borti at dette stempelet har skåret seg og kilt seg fast. 

 

Jeg vil tro at motoren du har egentlig er en trefaset motor som bruker en kondensator for å erstatte den ene fasen. En ting du kan gjøre er å koble fra alle ledningene på klembrettet på motoren og ohme hver vikling. Det er relativt lett hvis du vet litt om strøm. Hvis du ikke vet hvordan du gjør det kan jeg forklare deg det, bare ta av lokket på koblingsboksen og ta et bilde inni lokket og av koblingen på klembrettet. Hvis du skal sjekke den grundigere må du få den megget. Du må i alle fall finne ut om feilen er i motoren eller i kompressoren. En induktiv turteller kan hjelpe deg med det. 

Link to post

Hei Komodo

 

Mange takk for svar og råd.

 

Eg er rimeleg dykkekåt for tida, og brukte går kveld til å montera på bensinmotoren i staden.

 

Eg tok det rett og slett for gitt at det var elmotoren som hadde feilen.

 

Det er mykje skruing for å bytta motor, så eg har lite lyst til å bytta tilbake berre for å testa.

Eg har ikkje freista å starta hondamotoren enno, men dersom feilen er i kompressordelen, vil risikerar eg større skadar om eg freistar å starta med bensinmotoren.

 

No tek eg ein tur ut i garasjen, og freistar å starta elmotoren utan belastning.

 

Fortsetjing føl.

 

Ask

Link to post

Hei igjen.

 

Elmotoren går fint utan lastning/ utan at reima er kopla til.

Motoren durar, og dreg knapt rundt når reima er på/ motoren har last.

Dette sjølv om dreneringane, på kompressordelen, er opne.

Når eg freistar å starta kompressoren, med last, blinkar det i lyset i garasjen.

(LED-arbeidslys.)

Det er dårleg straum her på halvøya, så eg mistenkjer at det kan vera årsaka.

Eg finn ikkje måleinstrumentet mitt, så eg har ikkje målt spenninga.

 

Når eg dreg kompresoren rundt for hand så går det fint, men for kvar omdreining er det litt motstand. Det virkar som om luft blir komprimert, og det synest som om det er slik det skal vera.

 

No flyttar eg kompressoren, og ser om den startar.

 

Ask

Link to post
Ask skrev for 12 timer siden:

Eg fekk eit tips om at det truleg var kondensatorane som hadde tatt kvelden, men i dag har eg bytta kondensatorane.

Motoren går like tregt som før.

Kondensatoren er det ikke noe feil med om motoren drar rundt. Den er bare i bruk i starten. 

Motoren kan være delvis  brent, hvis du kjører med for lav spenning. Da får du dårlig kraft.

Lukter det brent, så er den det.

Redigert av L0L (see edit history)
Link to post

Hei

 

Motoren luktar ikkje brent.

Det er to kondensatorar.

 

Kompressoren har stått i oppvarma bu i garasjen, og er brukt der før.

No har eg flytta kompressoren til hytta, og pressa starta på andre forsøk.

No fyller eg dykkeflaska nr. 3.

Det er dårleg straum/liten kapasitet her på halvøya.

Det er lengre spenn til garasjen, og nokre fleire skøytar, og truleg litt spenningsfall.

 

No blir det meir dykking i jola:-)

 

Mange takk for alle tips.

 

Ask

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...