Jump to content

Miniprosjekt. Lys under flytebrygga.


Ask

Recommended Posts

Hei

 

Det er mørkt på flytebryggene mine.

 

Mange har vel opplevd at lys på land blendar ein når ein skal legga til.

Då er det like greitt å lysa opp under brygga. Då ser ein godt kor ein skal køyra, og blir ikkje blenda. 

 

Mange har sikkert sett (motor-)båtar som har blått lys under vasslina. Det er rimeleg harry etter mi meining, og om lag like vakkert som (gamle) damer med blåfarga hår.

 

Skal det vera lys under brygga skal der vera skikkeleg lys.

 

Først må ein få tak i ei passande lanpa. Det kan sikkert vera vanskeleg, om ein ikkje er så heldig som meg, og har ein god venn som jobbar med service til oppdrettsnæringa. Gratis, lampa, og kompisen blei glad då han fekk 10-12 kamskjell.

God kvalitet på lampa. Legg merke til sinkanoden på lampa.

Led.

Kabelen blir ikkje det miste stivare sjølv om det er sju minusgrader.

 

Lys.JPG.d9be3e60b5aeee2fbf597130d84084a2.JPG

 

Lampa har vore kopla i eit straumskap. Montering av støpsel var naudsynt.

Sjølv ein advokat klarar det. Dette kunne eg faktisk før eg tok grunnkurs i elektro.

 

Lys2.JPG.58f26c0e5d38a202378ba64eb7db287b.JPG

 

Ferdig kopla. Test på arbeidsbenken. Eg slit òg med bilete som ikkje vil legga seg rette vegen.

 

+

Lys2a.JPG.ef5a9b11eb3151ffa5dd3b422391195e.JPG

 

Lampa er snart klar til å vippast uti. Observante lesearar ser kanskje at denne lampa er mindre enn den første på biletet. Eg fekk to lamper, og tok ikkje bilete då eg monterte støpsel på leidninga til den minste lampen.

 

Lys4.JPG.8259776f4d82e860f13063214a27c6e7.JPG

 

 

Lampa heng under ytste enden på flytebrygga. "Uklårt" vatn øvst på biletet er ikkje dårleg biletkvalitet, men kjem av ei tynn hinna med is på sjøen. Det har no gått ein times tid frå førre bilete, og det har blitt mørkt.

 

Lys5.JPG.ef3fac5d4206a3dbcf593a3273228806.JPG

 

Opplyst brygga. Bilete tatt på litt avstand. Godt opplyst, ingen fare for å bli blenda, og det er kult å sjå på.

 

Lys6.JPG.3469733feac49d05c5f43c726cfac8a2.JPG

 

 

Lyset er visstnok så sterkt at det ikkje gror på glaset.

 

Ein brytar med fjernkontroll hadde vore gildt, i desse tider med rekordhøge straumprisar.

Det får bli ein annan gang.

 

Dette var dagens prosjekttråd. Ha ei lysande jul!

 

 

Link to post
Komodo skrev 8 minutter siden:

Artig "miniprosjekt", men jeg er mer interessert i den UV-scooteren som  står på garasjegulvet ditt i bilde nr. 3. Hva slags type er det? Kan du si litt om erfaringene med den?

Minner om de gamle Aquazeep ...tror det var slik det staves...😉

 

Om det er en slik, så disponerte jeg en slik en på 70 tallet...

Bare dårlige minner.. druknet ustanselig.. 

Redigert av Ida Marie III (see edit history)
Link to post
Ida Marie III skrev 3 minutter siden:

Aquazeep ...tror det var slik det staves

Nesten, tror det skal være Aquazepp. 

 

Ida Marie III skrev 4 minutter siden:

Om det er en slik, så disponerte jeg en slik en på 70 tallet...

Bare dårlige minner.. druknet ustanselig.. 

He he, ja, tror det var mange som måtte ha to av de der for å hele tiden kunne ha en som fungerte :giggle: Jeg kjenner ikke Aquazeppen i detalj, men minns den hadde planetgear mellom motor og propell. Mye støy, lite effekt. 

 

@Ask sin scooter er nok av en mer moderne konstruksjon, men jeg ser ikke på avstand hva det er. Jeg hadde også en scooter for mange år siden, det var vel tidlig 2000 tall. Vi var en kameratgjeng som lagde våre egne scootere basert på motor, propell og dyse fra en Tekna (=Mako/Oceanic). Scooteren ble nærmest en kopi av Gavin (som WKPP gutta brukte i årevis i utforskningen av grottesystemene i Florida), men vi forbedret våre på flere punkter, så det ble faktisk en veldig god scooter. Jeg solgte min etter et par år, det angrer jeg på ennå. Begynte nemlig å bygge tre til, men da fikk jeg ikke tak i motor og deler lenger. Alle komponentene ligger i kjelleren som halvfabrikat ennå...

Link to post
Ida Marie III skrev 33 minutter siden:

Bare dårlige minner.. druknet ustanselig.. 

Her er en som har motsatt erfaring. Tore Lien mistet Aquazeppen sin på Blücher for 20 år siden, og i fjor ble den funnet og tatt med opp. Det måtte jo selvfølgelig være Hans Petter som fant scooteren ved siden av vraket, ingen kommer vel i nærheten å ha dykket så mye på Blücher som han. Hans Petter og Tore er forøvrig kompiser, noe som gjør historien ekstra artig :smiley:

https://www.dykking.no/bransjeregister/dykkekurs/79-nyheter/1450-uv-scooter-funnet-pa-blucher-etter-20-ar 

 

Goddis77 skrev 7 minutter siden:

Tipper dette er en Suex Xjoy scooter.

Hadde en lik en selv tidligere :smiley:

Ja, det kan tenkes. Venter spent på svar fra TS... 

Link to post

Hei.

 

Det er ein Suex Xjoy 14.

 

Eg er svært nøgd med scooteren.

Det er min tredje scooter sidan 2005, og min andre Xjoy 14.

Eg selde den første fordi eg hadde tenkt å bytta til Bonex, men av ulike grunnar blei det ikkje noko av. Eg kjøpte då ein ny Xjoy 14.

 

Det einaste eg ikkje er nøgd med er at scooteren bråkar litt for mykje, og meir enn min første Xjoy 14.

Eg trur det er fordi Suex har skifta til kjipare motorar.

 

Min dykking er hovudsakleg jaktdykk på 60-75 minutt, og dykk med mange små stopp.

Eg har aldri hatt problem med scooteren.

Ladaren tok kvelden i fjor sommar. Lang leveringstid, men eg fekk kjøpt tilbake ladaren frå min gamle scooter.

Link to post
Cerberus skrev for 5 timer siden:

Lysforurensing kaller man sånt.

 

Tja. Smak og behag sjølvsagt, men i røynda er det nok kulare enn på biletet. Ikkje minst så er det veldig lett å sjå brygga når eg skal legga til.

 

Det er artig å sjå fisk og krabbar òg.

 

Det er ikkje eit lys som står mykje på. Eg skrur det berre på når eg veit eg kjem att etter at det er mørkt.

 

Takk for tips om wifi.

 

I første omgang skal eg freista med tidsur.

Link to post
Ask skrev for 1 time siden:

 

Tja. Smak og behag sjølvsagt, 

Nei. At det er lysforurensing er ikkje et spørsmål om smak og behag. Det blir et spørsmål om kor lenge og når det står på. 

Ellers synes eg ideen er fin den om det bare brukes når man kommer og går. Men sjøl har eg mykje større sans for dette på båten da man ser på alle brygger og ikkje bare i hjemmehavn. Kor en strengt tatt er godt kjent med rådende forhold.

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...