Jump to content

Spørsmål ang. VHF-antenne


JanB

Recommended Posts

Gode baatplass-medlemmer (spesielt dei med teknisk VHF-kompetanse :wink: )!

 

Skal det vera elektrisk forbindelse (kortslutning) mellom midtleiar og skjerm på antenne/kabel???

 

Bakgrunn for spørsmålet:

For ei tid sidan tok min gamle Kelvin Huges-VHF kvelden (omtalt annan stad på forumet). Reperasjon var umogleg, og ny (med DSC og greier) blei innkjøpt. Under feilsøkinga fann eg ut at det var korstslutning mellom skjerm og midtleiar på antennekabelen. Fleire meinte (også her på forumet) at dette kunne vera årsaka til at den gamle VHF'en blei øydelagt.

 

I samband med at eg no skulle montera den nye VHF'en, fann eg ut at "kortslutninga" sit i sjølve antenna. Eg har difor no kjøpt ny (av typen der kabelen alt er kobla til sjølve antenna). Men også her måler eg kortsluning mellom skjerm og midtleiar... :confused:

 

Kanskje er den gamle antenna i orden likevel? Ingenting er betre. Men eg skulle gjerne hatt eit svar eg kan stola på, - før eg koblar til den nye VHF'en.

Redigert av janb (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Du må ha et SWR (standbølgeforhold) meter for å måle en antenne.

Ja, den slags utstyr er vel ikkje standard i så mange båtar.... :wink:

 

Er det nokon annan måte eg kan finna ut om min gamle antenne er i orden? Må eg rett og slett berre kobla til den nye VHF'en og sjå om det virkar? :confused:

Redigert av janb (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Prøv med en 1/2 Watt for å se om den virker da. De fleste nye apparater skal vel tåle å bli kortsluttet på utgangen, men bare for å være på den sikre siden. 25W kan muligens ødelegge utgangen på senderen din hvis den er kortsluttet.

 

Håper du får det til.

Joda 24 T m/49Hk P4.108 Åpen båt m/15Hk Yamarin 5150BR 80Hk Yamaha Nimbus 3000 VP TAMD41P 192Hk Skorgenes Sonic 375

Link to post
Share on other sites

Hei !

 

Vekselstrøm er vanskelig ! I vekselstrømsverdenen (AC) kalles motstand impedans, men det kalles resistans i likestrømsverdenen (DC). Begge måles i ohm. Har du en kondensator, vil den i DC se ut som åpen, mens det i AC vil se mer og mer ut som en kortslutning ettersom frekvensen øker. En spole oppfører seg motsatt.

 

Derfor kan en antenne måles DC-messig både som kortslutning eller som åpen. Det kommer an på konstruksjonen. Skal du måle impedansen i antenna trenger du et kapasitans/impendans meter.

 

-koh

Link to post
Share on other sites

Det er riktig som det vert sagt her at dei fleste VHF antenner er DC-jorda. Dette er gjort for å hindre at det skal bygge seg opp statisk elektrisitet i antenna. Statisk elektrisitet kan i verste fall bli så høg at den svir av inngangstrinnet på mottakaren i radioen. Den statiske spenninga kan f.eks oppstå ved at det er høg statisk elektrisitet i lufta og at det samtidig snør eller regnar. For å utligne denne spenninga som du ellers ville fått mellom senterleder og jord på koaksialkabelen så er det kopla ein spole mellom antenna og jord i nærheita av der du koplar til kabelen. Spolen har den eigenskap at for VHF signalet (som er ei vekselspenning med frekvens rundt 160 MHz) så er det svært stor motstand gjennom spolen slik at dette signalet ser spolen som om det ikkje er nokon forbindelse i det heile. Den spenninga som evt ladar seg opp i antenna vil derimot vera ei likespenning og den vil flyte fritt gjennom spolen. Her er motstanden avgrensa til den ohmske motstaden i tråden som spolen er lag av.

 

Reint praktisk vil du måla ein ohms motstand på typisk eit par ohm mellom senterleder og skjerm i pluggen på antenna. For å finna ut antenna er i orden så må du bruke eit standbølgemeter (VSWR-meter) som da kan måle forholdet i mellom den effekten som går til antenna og den som blir reflektert av antenna. Viss det er feil på antenna så vil deler eller mesteparten av effekten bli reflektert og standbølgeforholdet blir høgt (typisk høgre enn 3 til 1) Ved full tilpassing vil ingenting av effekten bli reflektert og du har da eit standbølgeforhold på 1 til 1.

 

MEN obs obs, full tilpassing er ikkje noko garanti for at antenna fungerer, du kan få full tilpassing med å setta ein 50 ohms motstand i enden av kabelen også, og den fungerer dårlig som antenne.

 

Dei fleste radioer tåler ganske høgt standbølgeforhold før det blir problemer, men direkte kortsluting på pluggen ut av radioen blir nok for mykje for dei fleste.

 

Viss du ikkje har noko standbølgemeter og vil testa om antenna virkar så kan du jo prøve følgande:

 

1. Kople på antenna, slå på radioen på lytting, sett effektbryter til lav (1w)

2. Sjekk om du høyrer trafikk på kanal 16, eller andre kanalar du veit det normalt går ein del trafikk på.

3. Viss du høyrer trafikk og den er utan altfor mykje bakgrunnsus (avhengig av kor langt unna det er kystradioanlegg eller båter), så kan du prøve å kalle opp kystradiostasjonen på trafikk-kanal og be om ein signalrapport.

4. Viss du spør fint så kan du kanskje få kystradiostasjonen til å gi deg ein signalrapport på eit anna radioanlegg (trafikk-kanal) som ligg lengre borte.

5. Viss dette fungerer greit så burde antenna vera i orden, og du kan prøve høg effekt

 

Lykke til.

 

Rossicus

Link to post
Share on other sites

Dette KAN være utført på 2 måter:

Lengden på tilførselskabelen fungerer som motvekt (jordplan) (må IKKE kuttes), eller antennen er beregnet montert på ledende metall!

Eller: Det er lagt inn passive komponenter i "foten" på antennen, som ordner impedanse-tilpasningen.

(Forøvrig har Rossicus fine forklaringer på dette også!!)

 

Til koh: Hvis jeg ikke misforsto deg... (Og litt for uinnvidde)

Det er 5 "typer" motstand: Resistans, induktans, kapasitans, impedans og konduktans... (Oæouhhh)

I rekkefølge:

Resistans er en "Ohmsk" motstand; Den får lik strømgjennomgang enten det er DC eller AC den påtrykkes.

Måles i Ohm og med bokstaven R.

 

Induktans er den motstanden en spole utgjør i en vekselstrømskrets; Men den varierer med frekvensen; Måles i Henry (ü-henry) og med bokstaven L.

 

Kapasitans er den motstanden en kondensator utgjør i en vekselstrømskrets; Men den varierer med frekvensen; Måles i Farad (ü-farad) og med bokstaven C.

 

Impedans er den "samle"-motstanden en spole/kondensator (eller en kombinasjon av R-L-C) utgjør i en vekselstrømskrets; Og den varierer også med frekvensen; Måles i Ohm og har (ikke vanlig brukt) bokstaven X

 

Konduktans (brukes skjeldnere) er et uttrykk for ledningsevne. Uttrykkes i Mho med bokstaven Ro (gresk).

verdien er invers av Ohm.

 

Som andre her også sier: En spole leder likestrøm, en kondensator sperrer; På vekselstrøm KAN det være omvendt, men dette er avhengig av frekvensen. (DERFOR kan du måle "kortsluttning" i antennetilkoblingen på ei VHF-antenne: En spole "kortslutter" avlest på et ohm-meter, mens radiosignalet (vekselspenningen) passerer. Spolen er der som en impedasetrasnformator mellom antennens impedans og koaxialkabelens....

 

(Håper dette ikke ble FOR omstendelig...)

 

 

(Redigert: No går æ på sang-øvels! Ætterpå smør æ opp snøfræsern; No kjæm svineriet snart ramlandes!!)

Redigert av Marwin (see edit history)

Kystskipper 1984. Marintek Tr.heim.

Link to post
Share on other sites

Takk Rossicus, men HVORFOR trenger ikke en halvbølge noe jordplan?

 

Geir

Hei Geir,

Det er to måtar sjå dette på, den eine er å godta at det "bare er sånn". Den andre måten omfattar litt meir antenneteori.

 

Litt forenkla kan ein sjå på antenner som treng jordplan som ukomplette antenner.

 

Me stiller krav til antenna at den skal omforma dei elektriske signalene som kjem frå radiosendaren til radiobølger i lufta på ein effektiv måte (og omvendt). Vi stiller krav til at den skal ha ein utstråling (strålingsdiagram) som er slik me ynskjer, og at antenna skal kunne koplast til fødelinja på ein fornuftig måte.

Strålingsdiagrammet vert forma av strømfordelinga i antennestrukturen, og fødeimpedansen er avhengig av strøm og spenningsforholda i antenna der ein koplar til kabelen (fødepunktet).

 

Halvbølgedipolen er den kortaste antenna som fungerar utan bruk av "hjelpemiddel". Desse hjelpemidla kan vera spolar i antennestrukturen eller jordplan. Når halvbølgedipolen vert føda på midten vil den ha ein fødeimpedans på ca 72 Ohm. Ein koplar då senterleder av kabelen til den eine kvarte bølgelengden,og skjermen til den andre kvartbølgen.

(For "puristen":

Halvbølgedipolen er ei balansert antenne så ein skal eigentleg kopla den til kabelen gjennom ein BALUN)

 

Halvbølgedipolen vil ha eit strålingsdiagram som ser ut som eit liggande 8-tall når du ser den frå sida, og er sirkulært når du ser den frå enden. Det er ikkje noko i vegen for å auke lengden på antenna utover ein halv bølgelengde, men då forandrar strålingsdiagrammet seg. F.eks viss me aukar til ein heil bølgelengde vil antennediagrammet bli firkløverforme når du ser antenna frå sida, og viss aukar lengda vidare vil det oppstå eit nytt "kløverblad" på kvar side for kvar halvbølge ein aukar antennelengden. Det er med andre ord ikkje noko særleg å henta på å auke antennelengden utover ein halv bølgelengde. Derimot kan me kopla saman fleire halvbølgedipolar for å auke antennevinninga, men det blir noko anna.

 

 

 

Me kan også føde halvbølgeantenna frå enden, men da treng me ein impedanstilpassing mellom kabel og antenne. Antenna er høgohmig i enden, men viss ein koplar til antenna gjennom en spole/kondensator så vil ein få tilpassning mellom kabel og antenne (låg-til-høgohmig impedanstransformator, ofte berre ein spole). Det er denne versjonen av halvbølgeantenne som er mest vanleg på båtar.

 

Viss me tar bort den kvartbølgen som er kopla til skjermen (me står då med ei kvartbølgeantenne utan jordplan), så vil ein del av signalet verta reflektert i fødepunktet. Det vil då bli ståande bølger på skjermen og kabelen vil også stråle. Utstrålinga frå kabelen vil ødelegge strålingsdiagrammet frå antenna, og ein del av signalet vil gå tapt på grunn av kopling mot det som kabelen er festa til.

 

Viss me derimot festar eit jordplan som strekker seg ca ein kvart bølgelengde eller lenger ut frå fødepunktet og koplar skjermen til dette, så vil antenna spegle seg i jordplanet og signalet "trur" antenna eigentleg er ei halvbølgeantenne. Sidan ein har tatt vekk halve antenna så vert også fødeimpedansen halvert, dvs ca 35 Ohm. Me får då rimeleg god tilpassing til kabelimpedansen på 50 Ohm, og det er berre ein liten del av signalet som blir reflektert i fødepunktet.

 

Så kort oppsummert: Du treng jordplan eller andre hjelpemiddel på antenner som ikkje klarer seg på eigenhånd. (dvs gir det strålingsdiagrammet ein ynskjer, og er mogleg å kopla til kabelen på ein fornuftig måte)

 

Meir forvirra :rolleyes: ? eller :sleep:

 

 

mvh

 

Rossicus

Redigert av Rossicus (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Hva medlemmer her på dette forum ikke vet, kan da umulig være verd å vite!

 

:imponert:

 

 

:crazy:

Ser ikke båtene slik de er, men slik de kan bli!!

Forvalter "Aase II - N7" - en 52 kvm. Anker-båt fra 1917. Seil fra North Sails, Lowrance 3500c plotter og X51 ekkolodd.Medlem av KNS,KNBF,KTK,SA,DFÆL. Ønsker veldig å få tak på et skuteskrog på +/- 40 fot som jeg kan få sette istand.

Link to post
Share on other sites

Takk for mange og til dels svært "tekniske" svar. Naturfaglinja på gymnaset for over 20 år sidan er ikkje til så mykje hjelp... :wink:

 

Uansett, eg har blitt ein del klokare.

 

I første omgang skal eg no "finmåla" motstanden i den gamle antenna. Er det 0 ohms motstand, er det grunn til å tru at det er ei faktisk kortslutning og antenna bør skiftast ut. Er det nokre få ohms motstand, er det grunn til å tru at ho framleis er i orden og kan testast etter Rossicus si oppskrift.

 

No kunne eg for sikkerheits skuld uansett skifta ut den gamle antenna. Den nye kosta meg ikkje meir enn ca 400 kroner. Å skifta antenna er enkelt. Den store jobben (som eg kvir meg litt for) er kabeltrekkinga. Men no vurderer eg ei ny plassering av den nye VHF'en. Då må kablar trekkast på nytt uansett.

 

No dreg eg ut i båten for å måla og grubla litt...

Link to post
Share on other sites

låner av en radioamatör, dom brukar ha sådana!! :smiley:

Finst dei ennå? Eg trudde ikkje det var så spennande lenger å snakka med folk på andre sida av jorda på skurrande samband etter at internett kom... :wink:

 

Men takk for tipset. Eg kjenner nok ingen radioamatørar, men det sette meg på tanken om nokon andre...

Link to post
Share on other sites

Det er flere radioamatører på baatplassen, nevner bl.a. Gunga, Poseidon, Cassie, Rossicus (?) og undertegnede.

 

Jeg tror jeg har sett en "signatur" eller tre til også.

 

Geir

 

Det forklarer jo den høge kompetansen på antenne-spørsmål og liknande.

 

:blush:

Beklagar min litt sleivete kommentar om radioamatørar. Det var ikkje meininga å fornærma nokon...

Link to post
Share on other sites

(Denne kommentaren er litt på siden av hva strengen handler om...)

JEG ble IKKE fornærmet; Kanskje fordi det er noe sant idet du nevner?

Fåtall av DAGENS nye radioamatører har den kompetanse inne elektronikk som "gammelgutan" har / hadde! De færreste av dem har holdt i en loddebolt, ei heller har de bygd egen sender / mottaker eller antenne. Årsakene?? DE er mange! Bortfall av morse som krav, radiostasjonene er blitt ganske billige (slik at du ikke TRENGER så stor kompetanse som bygging av eget utstyr krever), det er blitt noe vanskeligere å skaffe komponenter og bruktmarkedet flyter over av brukbart utstyr. Fåtall av de nye radioamatørene i dag er i stand til å reparere egen radiostasjon hvis noe blir feil. Slikt synes i hvetfall JEG er litt trist; Kompetansen er utdøende!

WalkieTalkie-båndet hadde sin renesanse på -70 og -80-tallet. Intr. for denne aktiviteten døde dessverre etterhvert: Noen ble "ekte" radioamatører, resten forsvant kanskje p.g.a. at mobiltelefonen gjorde sitt inntog og behovet for slik kommunikasjon forsvant. (Internett og mail har sikkert også gjodt sitt..)

Kystskipper 1984. Marintek Tr.heim.

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...