Jump to content

Spørsmål ang. VHF-antenne


JanB

Recommended Posts

Ja, helga har gått med til diverse sjekking og fundering. Og resultatet blir at VHF-antenna på "Terzo" blir skifta ut uansett. Under ein nærare inspeksjon fann eg nemleg ein stor sprekk (hol bør det vel helst kallast...) i den gamle glasfiberantenna.

 

Når det gjeld plasseringa av den nye VHF'en, så har eg vurdert mykje fram og tilbake. Men det har nok sine grunnar at den gamle stod der han stod, og eg kjem difor ikkje til å endra plasseringa.

 

Dermed må det trekkast ein del ny kabel, men i same spor som den gamle. Eg skal sjølvsagt nytta meg av rådet om å bruka den gamle kabelen som "trekke-fjør".

 

Men den nyinnkjøpte antenna må bytast uansett. Den passa nemleg ikkje heilt i festet på targabøylen. Men eg får vel ei ny i morgon ( eh, - dvs i dag...).

 

No ser eg fram til å snart kunna gå på lufta med totalt nytt VHF-anlegg.

Takk til alle som har bidratt på denne tråden i samband med "VHF-prosjektet" mitt.

Link to post
Share on other sites

  • 2 uker senere...

Ja, då er jobben gjort.

 

Ny VHF og antenne er montert. Testa mot Rogaland radio i kveld og alt ser ut til å fungera som det skal.

Tilkobling av GPS og DSC-funksjonen gjenstår, men no kan i alle fall tradisjonelt samband gjenopptakast.

 

Men jobben med å trekka ny kabel blei som eg frykta eit h....... Metoden med å bruka gammal kabel som "trekkefjør" skar seg. Måtte gjera alt på nytt, ned med targabøylen og kryping under dei underlagaste plasser. Men det er godt når det er unnagjort og funkar... :cheers:

 

Dessverre var kabelen på den nye antenna litt for kort (5 m) og eg måtte dermed laga ein skøyt. Til det brukte eg ein skøytekontakt for koaksialkablar (skru-type) som eg fann på Clas Ohlson. Skøyten ligg tørt og fint innombords. Men er det godt nok? Kva elles blir brukt til skøyting av antennekabel for VHF?

Redigert av janb (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Ja, då er jobben gjort.

 

Dessverre var kabelen på den nye antenna litt for kort (5 m) og eg måtte dermed laga ein skøyt. Til det brukte eg ein skøytekontakt for koaksialkablar (skru-type) som eg fann på Clas Ohlson. Skøyten ligg tørt og fint innombords. Men er det godt nok? Kva elles blir brukt til skøyting av antennekabel for VHF?

Hej janb

 

Det er sikkert helt OK !

 

Dom fleste seglare har en skarvkontakt nere vid mastfoten, för att kunna plocka ned masten!

 

jag har en hun/han kontakt som denne på bilden

 

Bilde

S/Y Gunga Din

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...