Ask Startet 13.April.2023 Link til dette innlegget Startet 13.April.2023 Hei I denne tråden spurte eg om å "bøya ut" krom i ein catwalk av glassfiber. Det har eg no gjort. Eg brukte vinkelslipar, og kappa nesten gjennom plata. Ved å bruka eit par jekkstropper fekk eg vinkelen slik eg ville. Eg skar bort slik at det blei skrå flater, la tre fira lag med glasfibermatter, skar til ein par bitar divinycell, limte dei fast med polyester, og la eit par tre lag med glasfibermatter over der. Eg har sparkla ein gang, men må nok sparkla eit par tre gangar til. Det er òg nokre hol som må sparklast att. Catwalken har glatt, og fin, topcoat undersida. Der er det no eit felt på ca. 25*30 cm som ikkje har topcoat. På oversida er det bar glasfiber. Dette med unntak av eit lite felt i den eine enden. Der har plata vore lakka. Eg veit ikkje om det er ein- eller tokomponent lakk som er brukt. Eksisterande topcoat tenkjer eg ikkje å gjera noko med. Dette med unntak av boning og polering. Spørsmålet er om eg bør ha lakk, eller topcoat på flatene der det er bar glasfiber? I følje pusharen på Maritim er det slik at: Eit lag med topcoat blir tjukkare, og truleg glattare. Ulempa er at topcoat er vanskelegare å få fint. Føremonen er vel at topcoat ikkje krev grunning, og dermed berre eint strøk? Topcoat krev òg minimum 16 grader celsius. Eg har plata inne, og temperatur er ikkje noko problem. Lakk krev vel grunning, og det må fort leggast på eit par tre lag med lakk? Lakk blir såleis dyrare, og meir arbeidskrevjande. Kva bør eg velja? Oversida er såpass ujamn at eg ikkje vil få denne sida jamn og glatt uansett. Eg tenkjer å bruka antisklitape, slik at det er tryggare å gå på catwalken. (Siktemålet med prosjektet er å kunne gå på plata, slikt at det blir myyykje lettare å pakka storseglet. Eg er takksam for alle svar. Eg er takksam for tips. Sjå bilete Sitér dette innlegget Link to post
Arne Henriksen Svart 14.April.2023 Link til dette innlegget Svart 14.April.2023 Du bør vel ha noen form for antiskli på dette om du skal gå på det? https://www.biltema.no/batutstyr/batpleie/batmaling/grunnmaling/antisklimaling-075-l-2000039746 Sitér dette innlegget mvh, Arne www.tiarora.no Link to post
Kanalkapteinen Svart 14.April.2023 Link til dette innlegget Svart 14.April.2023 Gelcoat og topcoat blir jo mest «riktig» men krev mykje arbeid for å bli fint. Dersom du skal ha på tape eller kiwigrip eller liknande på oversida uansett, ville eg vurdert å bruka tokomponent polyuretanlakk. Eg har bruka Biltema sin på fleire prosjekt, og er veldig imponert over utflyting og slitestyrke. Eg har ikkje grunna, men pussa lett, vaska med aceton, og tatt to strøk rett på glasfiber og epoxy eller eksisterande gelcoat. Eg har ikkje tynna den ut heller, så då fyller den litt. Men sikkert mest riktig å tynne slik det står på boksen ? Så kan du jo alternativt tilsetje antiskliperler i eitt av stroka. https://www.biltema.no/redirect/productrelative/2/nb/2000046181 Sitér dette innlegget Tråden om Livet med Windy 8600MC Tråden om Livet med Draco Summerwind 24 Det er vel, det er vel med min sjel. Link to post
Ask Svart 14.April.2023 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 14.April.2023 Hei. Takk for svar. Kanalkaptein. Brukte du rulla eller pensel når du lakka? Skumrulla? Kor lang tørketid bør det vera mellom strøka? Sitér dette innlegget Link to post
Kanalkapteinen Svart 15.April.2023 Link til dette innlegget Svart 15.April.2023 Eg brukte både pensel og rulle, det flaut ut likt uansett. Hugsar ikkje heilt tid mellom stroka, men full gjennomherding etter to strok tok nok ei veke ved ca 10 grader temperatur. Eg la då tjukke strok, som sagt utan tynnar. Sitér dette innlegget Tråden om Livet med Windy 8600MC Tråden om Livet med Draco Summerwind 24 Det er vel, det er vel med min sjel. Link to post
Ask Svart 15.April.2023 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 15.April.2023 Takk kaptein. Eg trur eg føl ditt råd. Eg tenkjer å bruka antisklitape på oppsida, men tapen vil sjølvsagt ikkje dekka heile flata. Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.