Jump to content

Skal eg bruka lakk eller topcoat? Sjå bilete


Ask

Recommended Posts

Hei

 

I denne tråden spurte eg om å "bøya ut" krom i ein catwalk av glassfiber.

 

Det har eg no gjort. Eg brukte vinkelslipar, og kappa nesten gjennom plata. Ved å bruka eit par jekkstropper fekk eg vinkelen slik eg ville.

Eg skar bort slik at det blei skrå flater, la tre fira lag med glasfibermatter, skar til ein par bitar divinycell, limte dei fast med polyester, og la eit par tre lag med glasfibermatter over der.

Eg har sparkla ein gang, men må nok sparkla eit par tre gangar til. Det er òg nokre hol som må sparklast att.

 

Catwalken har glatt, og fin, topcoat undersida. Der er det no eit felt på ca. 25*30 cm som ikkje har topcoat.

 

På oversida er det bar glasfiber. Dette med unntak av eit lite felt i den eine enden. Der har plata vore lakka. Eg veit ikkje om det er ein- eller tokomponent lakk som er brukt.

 

Eksisterande topcoat tenkjer eg ikkje å gjera noko med. Dette med unntak av boning og polering.

 

Spørsmålet er om eg bør ha lakk, eller topcoat på flatene der det er bar glasfiber?

 

I følje pusharen på Maritim er det slik at:

Eit lag med topcoat blir tjukkare, og truleg glattare.

Ulempa er at topcoat er vanskelegare å få fint.

Føremonen er vel at topcoat ikkje krev grunning, og dermed berre eint strøk?

Topcoat krev òg minimum 16 grader celsius. Eg har plata inne, og temperatur er ikkje noko problem.

 

Lakk krev vel grunning, og det må fort leggast på eit par tre lag med lakk?

Lakk blir såleis dyrare, og meir arbeidskrevjande.

 

Kva bør eg velja?

 

Oversida er såpass ujamn at eg ikkje vil få denne sida jamn og glatt uansett.

 

Eg tenkjer å bruka antisklitape, slik at det er tryggare å gå på catwalken.

 

(Siktemålet med prosjektet er å kunne gå på plata, slikt at det blir myyykje lettare å pakka storseglet.

 

Eg er takksam for alle svar.

 

Eg er takksam for tips.

 

 

 

Sjå bileteCatwalk.jpg.ebe7f1052036d0585300de2f6875beba.jpgCatwalk2.jpg.ed41ca6fae2c26788f297b93152f7ea6.jpgCatwalk4.jpg.00e4d85e270e55d3ddd00307a18333d3.jpgCatwalk5.jpg.eb0262358de67b702982ae8d61a124bb.jpgCatwalk6.jpg.7e69c9b1eac7cd260f776c5c83131478.jpg

Catwalk.1.jpg

Link to post

Gelcoat og topcoat blir jo mest «riktig» men krev mykje arbeid for å bli fint. Dersom du skal ha på tape eller kiwigrip eller liknande på oversida uansett, ville eg vurdert å bruka tokomponent polyuretanlakk. Eg har bruka Biltema sin på fleire prosjekt, og er veldig imponert over utflyting og slitestyrke. Eg har ikkje grunna, men pussa lett, vaska med aceton, og tatt to strøk rett på glasfiber og epoxy eller eksisterande gelcoat. 
Eg har ikkje tynna den ut heller, så då fyller den litt. Men sikkert mest riktig å tynne slik det står på boksen ?

Så kan du jo alternativt tilsetje antiskliperler i eitt av stroka.

 

https://www.biltema.no/redirect/productrelative/2/nb/2000046181

 

 

ECB18E0F-FA0B-4924-8F51-EF937865906B.jpeg

Tråden om Livet med Windy 8600MC
Tråden om Livet med Draco Summerwind 24

Det er vel, det er vel med min sjel.

Link to post

Du må være innlogget for å kunne svare.

Logg inn med eksisterende, eller opprett ny, konto.

Opprett ny konto

Gratis og helt uforpliktende

Klikk her for å opprette konto.

Logg inn

Logg inn dersom du har konto

Logg inn


×
×
  • Create New...