Jump to content

Korleis få laus boltar til mastevinsj?


Ask

Recommended Posts

Hei

 

Eg må få denne vinsjen laus frå masta for å få skifta deler på den.

(Ein av akslingane må dunkast ut frå baksida,)

 

Boltane sit som sveist fast.

Boltane er av syrefast stål, og eg reknar med at vinsjen er av alu, bronse eller ei legering.

Det er dei fem boltane som er markert på biletet under.

 

Det er jo mange trådar om å lausa faste boltar/skruar.

Essensen er vel:

-vera raus med 5-56, eller liknande, over tid.

-slagtrekkar

-varme.

 

Er det fleire triks?

 

Eg har ikkje prøvd varme enno.

Kan eg bruka varme her, utan å risikera å øydelegga noko?

Er varme frå elektrisk varmepistol nok, eller må det ein gassbrennar til?

Eg har ein slagtrekkar. Når eg slår på den dreiar den maks eit par tre grader. Er det nok?

 

Ved bruk av varme: 

-Skal eg varma både bolten og området rundt, eller berre bolten eller godset rundt? (I den grad det er mogeleg å berre varma ein av delene.)

-skal eg bruka slagtrekkaren medan bolten er varm, eller skal eg venta til den er kald?

 

Kva skal eg smørja boltane med når eg skal setja dei på plass att?

 

 

Eg er takksam for svar.

Vinsjboltar.jpg

Link to post
Ask skrev 1 time siden:

Hei

 

Eg må få denne vinsjen laus frå masta for å få skifta deler på den.

(Ein av akslingane må dunkast ut frå baksida,)

 

Boltane sit som sveist fast.

Boltane er av syrefast stål, og eg reknar med at vinsjen er av alu, bronse eller ei legering.

Det er dei fem boltane som er markert på biletet under.

 

Det er jo mange trådar om å lausa faste boltar/skruar.

Essensen er vel:

-vera raus med 5-56, eller liknande, over tid.

-slagtrekkar

-varme.

 

Er det fleire triks?

 

Eg har ikkje prøvd varme enno.

Kan eg bruka varme her, utan å risikera å øydelegga noko?

Er varme frå elektrisk varmepistol nok, eller må det ein gassbrennar til?

Eg har ein slagtrekkar. Når eg slår på den dreiar den maks eit par tre grader. Er det nok?

 

Ved bruk av varme: 

-Skal eg varma både bolten og området rundt, eller berre bolten eller godset rundt? (I den grad det er mogeleg å berre varma ein av delene.)

-skal eg bruka slagtrekkaren medan bolten er varm, eller skal eg venta til den er kald?

 

Kva skal eg smørja boltane med når eg skal setja dei på plass att?

 

 

Eg er takksam for svar.

 

Det er jo gjerne den ytterste delen som skal varmes, men det er veldig vanskelig å få tilført varme da masten er en stor kjøleflate.

 

Kanskje kjølespray på skruene?

 

Men jeg tror du må finne fram drillen.  Enten drille ut skruene eller popnaglene?

 

Ved monterining er det vel greit å bruke samme grease som på vinsjen. Og torx skruer. Evt kan du bruke locktite nederst på gjengene og grease ved skruehodet.

Link to post
Ask skrev for 1 time siden:

Ved bruk av varme: 

-Skal eg varma både bolten og området rundt, eller berre bolten eller godset rundt? (I den grad det er mogeleg å berre varma ein av delene.)

-skal eg bruka slagtrekkaren medan bolten er varm, eller skal eg venta til den er kald?

Når du varmer skal du varme opp mutteren. Er det slik at disse skruene er skrudd inn i gjenger i vinsjen? I så tilfelle så er det godset i vinsjen som skal varmes. Teorien er at hvis du varmer både skrue og mutter, så vil begge deler utvide seg. Du skal ideelt sett bare varme mutteren, ikke skruen. Det du varmer utvider seg. Samme teori ved montering av lager, foringer, boss med krympepasninger osv. Problemet kan være at du ikke klarer å varme opp godset med gjenger uten at skruen også blir varm. Men det er bare en ting å gjøre, det er å få på varme. Når du har varmet opp så mye du tør banker du til med slagtrekkeren. Du må da bruke feisel eller slegge, ikke hammer. Du skal ha et slag som er så tungt som mulig, ikke små puseslag fra en snekkerhammer. 

Link to post

Du borrer ut ponaglene, tar med deg hele stasen til hobbyromet og dynker skruene med CRC eller lignende fra begge sider. La det et  virke over natten. Deretter legger du hele stasen på  et stabilt underlag og bruker  slagtrekker på skruene, gjerne etter varming av beslaget. Går det ikke må du bore ut skruene. 

Link to post

Komodo Teorien er at hvis du varmer både skrue og mutter, så vil begge deler utvide seg. Du skal ideelt sett bare varme mutteren, ikke skruen.

 

Rett det, men hvis en kjøler eller venter til materiale er kalt , så er erfaring at ting løsner.

 

Vil mene at en slagtrekker  gjør jobben, med en tung hammer.

Fin til Bergkilene også.

image.png.c481fc746ba430fdc0a95a82f9833bc0.pngimage.png.2ef0004096c97bf9f255337d5c0a272f.png

Kokekyndig maskinist kjent på kysten.

Link to post

Hei. 

 

Eg har slått frå meg å ha alle liner til cockpiten. Med tre rev, fall, og bomløftar blir det åtte liner. 

 

Braketten på masta er berre i kontakt med masta der den er festa. Under/bak vinsjen er det ei luftspalta på 4-5 mm. 

 

Det vil jo vera mykje enklare om eg kan ta av heile beslaget.

 

På eit beslag på bommen var det muttrar på innsida. 

Eg fryktar at det same er tilfellet her. Då vil eg ikkje koma til ,på innsida, utan å ta av masta. 

 

Det er jo store krefter som verkar oppover. Vil popnaglar vera sterkt nok? 

 

Er varme frå elektrisk varmepistol nok, eller må eg bruka gass?

 

Takk for alle svar.

 

 

Link to post

Det så ut som popnagler på bildet, men jeg ser nå at det er bolter nederst.  Da må en gjerne vurdere litt nøyere ja. Kanskje du er så heldig at det ligger en gjenget doblingsplate på innsiden festet med sikaflex?

 

Det kan være bedre å drille av hodene på skruene på vinsjen enn å risikere at de knekker helt nede ved braketten.

Link to post

Hei.

 

Ei lita oppdatering.

Eg har spraya godt med 5-56 kvar gang eg har vore i båten.

I dag har eg varma boltane med gassbrennar.

Eg har òg freista med slagtrekkar.

Boltane sit fast enno.

 

Eg har bora ut popnaglane, og skrudd ut ein av skruane som held braketten til masta.

Dei tre andre skruane knakk.

Det tek eg ikkje så tung. Eg slipar bort den delen som stikk utanforbi masta, og flyttar braketten litt opp eller ned.

Det var ikkje noko beslag på innsida av masta, men gjenga hol i masta.

 

No kosar vinsjen seg i ultralydvaskaren. Der skal den få så mange omgangar at den kjenner det.

Link to post

Hei.

 

Det kan eg nok, men no har eg fått ut skruane/boltane:smiley:

Slagtekkar, varme, og stygt snakk.

 

Det var ikkje lett å få ut boltane.

Boltane var eira godt fast, men det var ikkje gjenger i godset i braketten.

Det verka som om boltane var pressa inn i hol med litt for liten diameter.

(Det var muttrar bak fira av fem boltar.)

Det forstod eg ikkje før eg hadde fått ut ein av boltane.

Etter ei stund slo eg boltane ut frå baksida.

 

Då er det "berre" å få tak i nye deler.

Ein aksling var knekt, og eg må òg ha eit par nye splintar.

Det er ein fyr i Nederland som sel deler til Meissner vinsjar.

Då er det berre å setja det heile saman att, og montera vinsjen på masta.

 

 

Link to post

Hei.

 

Sjå bilete. Den knekte akslingen er markert. Akslingane har òg eit lite hol i enden, Der var det ein låsesplint.

Ved å ta ut splinten, og stikka eit lite skrujern, eller liknande, ned i holet skal det vera mogeleg å trekka ut akslingen.

Akslingen var òg knekt ved holet. Difor var det ikkje mogeleg å trekka ut akslingen.

Difor måtte vinsjen av braketten, og akslingen måtte dunkast ut frå baksida.

 

Det ligg ein lik, og heil, bolt ved sida av.

Vinsj9.jpg

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...