Mammut1 Startet 16.Juni Del på Facebook Startet 16.Juni Hei! Eg har eit motorspørsmål eller tre, men tenkte først å ta ein liten introduksjon sånn at baat(plassen)folket som eventuelt responderer kjenner til bakgrunn og erfaringsnivå - eller mangelen på dette. Dette er mitt første innlegg her, men eg har våre ein ivrig lesar dei siste par månadane. Vi bur på ein plass der det er meiningslaust å ikkje ha båt, og i vår klarte eg å overbevise madamen om det samme. Vi har hatt ein gammal trebåt liggande (som følgte med når vi kjøpte hus), og denne har eg brukt til småfisking i ein radius på 500 meter frå heimehamn. Ingen av oss var egentlig interessert i trebåt, så vi spontankjøpte ein Rana 17 DC Lux som dukka opp på Finn i nærområdet. Bakpå heng der ein Yamaha 30AM (med el-start). Både båt og motor er frå 1985, men i tilsynelatande svært god stand. Motor ser ny ut når ein tek av det litt slitte plastdekselet. Målet er å sjekke ut om vi likar båtlivet, og å lære seg å handtere både båt og motor. Hadde den på land ei veke før sjøsetting i slutten av april, og gjorde følgande: - Bunnstoff - Polering - Nytt batteri - Ny lensepumpe - Skifta gearolje (og fiberpakningar) - Nye pluggar Vi er svært fornøgde med båten som vi synst var mykje for pengane (20k), men motoren har på dei siste par turane utvist eit par "quirks" som bekymrar meg noko: - 2 gongar har den latt vær å starte halv-varm (ca 45 min pause). Eine gongen venta eg 5 timar, og den starta fortsatt ikkje. Startgass har fått liv i den begge gongane. Mistenker at den har blitt våt/sur, men det er i så fall veldig fort gjort. - I går (når eg skulle ta med tilreisande svigerfar å fiske for første gong) nekta den å gå opp i turtal. Den gjekk et lite stykke over tomgang, men ikkje så mykje. Det var som om der var motstand (litt "brumming"). Etter eit par minutt feilsøking ga eg opp, og snudde mot heimehavn. Men då kvikna den plutseleg til (i litt sånn rykk og napp). Etter det oppførte den seg fint resten av turen, og hadde også ein tur i dag der alt var strøkent. Mistenker kanskje choke, som er elektrisk styrt frå førarposisjon (reknar med det er eit slags elektromagnet-spjeld?) Det kan ellers opplysast om at motoren er lettstarta, prosedyre på kald motor er: start med choke (går 2-3 sekund) --> stopp --> start uten choke --> du er i gong. Den "slår" litt på tomgang, men har aldri stoppa bortsett frå i går når den ikkje ville opp i turtal, då stoppa den på tomgang. Har nokon ein idé om kva som er gale? Eventuelt tips til vidare feilsøking? Er klar over at motoren er gamal og sikkert egentlig moden for utskifting, men har høyrt mykje bra om desse gamle Yamaha 2-taktarane, og her er autorisert Yamaha-verksted rett over fjorden (som det går an å ro - eller i verste fall køyre bil, til). Vil uansett mykje heller ha ein eldre motor av skikkelig merke i denne kompetansehevingsfasen av båtlivet, enn noko moderne billig ræl. Kjøpte ein splitter ny Mercury 6hk 4t til den gamle trebåten, og det må være den dårligaste mekaniske tingen som nokon sinne er konstruert. No må eg ut å halde fram med å spontan-restaurere naust og opptrekk - ein naturleg, men slitsom, konsekvens av spontankjøp av båt Sitér dette innlegget Link to post
Fantino Svart 16.Juni Del på Facebook Svart 16.Juni Ut fra lista di over vedlikehold og ukjent historikk på motoren kan gjerne en skikkelig rens av forgasser være en rimelig investering som også kan hjelpe på slike ‘nykker’. Så lenge motoren ser ‘ny’ ut under deksel skulle det være kurant å få den ut. Membran i bensinpumpa kan også være dårlig om den er gammel. Sleng ut noen bilder her så får du sikkert tips til hvordan du går fram. Er vel enkelte skruer på forgasser en skal være forsiktig med å røre, men er ingen ekspert selv. Sitér dette innlegget Link to post
ivar Svart 16.Juni Del på Facebook Svart 16.Juni Mammut1 skrev 54 minutter siden: - I går (når eg skulle ta med tilreisande svigerfar å fiske for første gong) nekta den å gå opp i turtal. Den gjekk et lite stykke over tomgang, men ikkje så mykje. Det var som om der var motstand (litt "brumming"). Etter eit par minutt feilsøking ga eg opp, og snudde mot heimehavn. Men då kvikna den plutseleg til (i litt sånn rykk og napp). Etter det oppførte den seg fint resten av turen, og hadde også ein tur i dag der alt var strøkent. Mistenker kanskje choke, som er elektrisk styrt frå førarposisjon (reknar med det er eit slags elektromagnet-spjeld?) Kan høres ut som at den plages litt med bensintilførsel. Kan i såfall være en ide å spandere på den en ny bensinslange. (den bør kjøpes fra båtforhandler, ikke biltema, dårlig erfaring med bensinkomponenter derfra) Om choke henger på, så vil otoren fort gå sur og stoppe. Kan du også legge ut bilde av motor? Jeg innbiller meg 30A modellen var 2 sylindret , men var modellskifte rundt 1985. Hvis det er elektrisk choke så er det som du sier, en elektromagnet kalt solenoid som aktiverer choke spjeldene Sitér dette innlegget Lurøy / Svalbard. Båter: Gromling 15/60 Yamaha / Wesling 490 m/80 Yamaha / Yamarin 5940 m/ F115 Yamaha / Achilles LS4 (RIP) Aquaquick MS265 West Commando 270 m/ 4hk Yamaha Link to post
Mammut1 Svart 16.Juni Emnestarter Del på Facebook Svart 16.Juni Legg ved eit par bilder frå då båten sto på land. Denne har som du seier @ivarto sylindrer. No viser vel ikkje forgassaren på desse bilda, men eg har tidlegare skrudd ut dreneringsskruen (når den ikkje ville varmstarte) og det gjekk fint. Andre skruar har også våre greitt å bevege på hittil. Slangane såg også fine ut - definitivt nyare enn 1985. Forgassar-rens har eg ikkje gjort før - er det «berre» å demontere i vei? Bensinpumpe - er det den vesle metallboksa under til venstre for bensinfilteret? Ellers byta eg også bensinslange før sjøsetting, glømte å nemne det. Frå Biltema.. Men det er gamal tank, og eg skifta heller ikkje bensinfilter fordi ein båtkyndig nabo meinte det var ok. Kanskje det er ein grei plass å starte? Takkar for tips så langt, mi einaste motorerfaring er på plenklipparnivå, så her skal/må det lærast. Sitér dette innlegget Link to post
ivar Svart 16.Juni Del på Facebook Svart 16.Juni min erfaring med biltemaslanger er bl.a at slangekoblingene er dårlige slik at det trekkes inn luft. Som igjen kan gi slike symptomer som du har Sitér dette innlegget Lurøy / Svalbard. Båter: Gromling 15/60 Yamaha / Wesling 490 m/80 Yamaha / Yamarin 5940 m/ F115 Yamaha / Achilles LS4 (RIP) Aquaquick MS265 West Commando 270 m/ 4hk Yamaha Link to post
dieselfan Svart 16.Juni Del på Facebook Svart 16.Juni ivar skrev for 22 timer siden: Hvis det er elektrisk choke så er det som du sier, en elektromagnet kalt solenoid som aktiverer choke spjeldene En forgasser Mammut1 skrev for 23 timer siden: Mistenker at den har blitt våt/sur, men det er i så fall veldig fort gjort. Det har du nok rett i Denne generasjonen Yamaha 2T har en særegen måte som de liker å bli startet på, de får relativt rikelig med bensin, så om du har manuell choke i tillegg så skyv denne inn, eller i halvstilling umiddelbart etter at den starter. Om du er sen med å deaktivere choke, så blir den raskt sur. Gjør du tre-fire mislykkede forsøk så blir den så sur at den ikke starter... på en stund. Men denne motoren så trenger du pluggnøkkel ombord... blir den sur, ut med pluggene og tørk dem. Kan godt tørkes med en lighter om det kniper. Denne motoren har en forgasser med relativt store hull i dysene. Det gjør at den ikke tetter seg like lett som dagens "hyper-leane" motorer. Mitt ønske er at du lærer deg å drenere forgasseren. Det er en tappeskrue i bunnen av forgasseren. Ha et lite beger av glass ombord og drener forgasseren i begeret, la det stå rolig i 10min og se om det er felt ut vann eller smuss. Det er en enkel forgasser med kun en "sårbar" komponent, det er lufttilskuddskruen( blandskrue/finstillingskrue) den regulerer forholdet mellom bensin og luft. Den har vanligvis en svært sårbar spiss, og setet den skal justeres mot er av samme bløte aluminiummateriale som resten av forgasseren, så derfor er det veldig viktig at en ikke skrur inn skruen med større kraft enn det som må til for å føle at skuen møter setet. Det er utgangspunktet for nullstilling. Denne stakkars skruen er statistisk det første en mann begynner å tukkle med.... Den får gjerne skylden for alt fra dårlig fiske til langvarig tørke, selv om det er vann i tanken fra en sløv eier, som er det egentlig problemet... Bruk en bitteliten skrutrekker og bruk kun to fingertupper om du velger å gjøre en grunnstilling på skruen... Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 16.Juni Emnestarter Del på Facebook Svart 16.Juni Pussig at du nemner dette @ivar. Eg kjøpte ein «ferdigterminert» Yamaha-slange frå Biltema og ein Yamaha-nippel til å skru på tanken (som også er frå Biltema). Slangen passa i motoren (syns det var hardt å få den til å sitte, men har ingenting å sammenligne med). Men den passa ikkje i nippelen. Mao: Yamaha-slange frå Biltema passa ikkje i Yamaha-nippel frå Biltema. Løysinga blei å ta av Yamaha-enden frå slangen å feste den på standard tanknippel med slangeklemme. Når eg tenker meg veeeldig godt om, kan eg faktisk ikkje utelukke at bensinslangen ikkje låg i klem i lokket til bakbenken der svigers satt . I panikken sjekka eg alt i frå tau i propellen til gassvaier. Men ikkje det. Ei lita stund etter at eg hadde flytta rundt på folk (for å sjekke for garn i propell ) så kvikna den jo til. I så fall er det jo ein smule skamfullt. Kan prøve å sjå om der er merke på slangen. Sitér dette innlegget Link to post
dieselfan Svart 16.Juni Del på Facebook Svart 16.Juni Mammut1 skrev 13 minutter siden: Forgassar-rens har eg ikkje gjort før - er det «berre» å demontere i vei? Det er en grei jobb om du har bygd modellfly eller duplo, så kan du rense en forgasser. Demonter på et sted hvor du full oversikt over deler om du skulle miste en del.... Jeg har et fat, omtrent som lokket på en skoeske som jeg bruker. Synes det fungerer bra. IKKE, bruk metall til å stake opp hull i dyser eller kanaler. IKKE, bruk trykkluft inn i bensininntaket før nåleventil og flotør er demontert. Vær også forsiktig med å bruke sterke såper. Jeg vasker alle deler i bensin og staker om nødvendig med bust fra pensel/malekost. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 16.Juni Emnestarter Del på Facebook Svart 16.Juni @dieselfan godt å få bekrefta at denne motoren går fort sur. Eg har endra startprosedyren min ved varm/lunken motor til at eg gir omtrent 50% gasspådrag før start - ingen choke. Vanlegvis med varm motor startar den på ett lite sekund. Har ikkje opplevd problemet etter dette. Då den ikkje ville starte hadde eg ikkje utvikla eigen prosedyre for varmstart, brukte samme som på kald; 0 gasspådrag (og choke). Drenering av forgassar har eg gjort ein gong (første gongen den ikkje ville starte), det var relativt grei skuring. Når det gjeld denne blandingsskruen: korleis veit eg om denne bør justerast? Og korleis går eg fram for å gjere det? Har tenkt litt på om blandingsforholdet kan være suboptimalt iom at den "slår" litt på tomgang, eventuelt at tomgangsturtal må litt opp - men det er vel kanskje to sider av samme sak? Dette har eg svært lite greie på.. Når eg kjøpte båten inngikk eg ei slags pakt med madamen om at eg ikkje skulle bruke så mykje tid på den i starten. Eg trur derfor eg ventar litt med total forgassar-rens (eg brukar jo fort nokre kveldar på det, nybegynnar som eg er). Eit anna moment er at eg ikkje er ferdig å reparere naust/opptrekk enda, så eg får ikkje båten på land (kan låne hengar og slipp i nødsfall). Er lite gira på å skru på 40 år gamal motor hengande over akterspeilet. Om ikkje eg går i vatnet, så gjer forgassaren det. Sitér dette innlegget Link to post
dieselfan Svart 17.Juni Del på Facebook Svart 17.Juni Mammut1 skrev 55 minutter siden: Når det gjeld denne blandingsskruen: korleis veit eg om denne bør justerast? Og korleis går eg fram for å gjere det? Endelig en med et "logisk" forhold til den skruen Du kommer til å klare deg veldig bra med påhenger Det er klokkeklart for meg at jeg ikke rører den skruen om jeg ikke må. Om motoren gikk fint i mai, men plutselig går ille, så er det ikke den skruen som er skylden... med mindre nissen har bryte seg inn i båthavna.... Når en har overtatt en motor så blir det litt annerledes, men om du ikke kjenner hva grunnstillingen skal være, så er mitt råd å sjekke alt annet først... Når en 30A blir noen år så blir de fire gummidemperne i stammen slitt, og kan også løsne i vulkingen. Det i kombinasjon med at reedventilene på disse motorene kanskje ikke ble designet perfekt gir deg en litt rykkete gange på tomgang. Over 1200 omdreininger er normalt alle symptomer borte. Disse motorene Sitér dette innlegget Link to post
subwoofer Svart 17.Juni Del på Facebook Svart 17.Juni Ang startprosedyre ved varm/lunken motor: choke og gass anvendes bare når den er kald. 9,9 og oppover av denne generasjonen trenger bare et bestemt nøkk i snora for å starte på tomgang. Begynner du med choke gjør du livet surt for deg selv på to drag. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 17.Juni Emnestarter Del på Facebook Svart 17.Juni @dieselfan: Ja, eg håper eg blir ein person som klarer meg bra med påhengar. Prøvar å lære mest mulig. Iom at eg klarte meg SVÆRT dårleg med ein splitter ny Mercury for nokre år sidan så er eg open for at problemet er meg, og ikkje motorane eg brukar. Motoren går jo fint med litt turtal, kun litt "slåing" på tomgang (og dette har våre slik sidan april - som er så lenge eg kjenner historikken på denne). Kanskje ting er heilt i orden, og småproblema eg har hatt skuldast brukarfeil (min egen)? Det er eg heilt open for kan være tilfelle Viss problema gjenoppstår, trur eg - basert på m.a. råd her - at eg skiftar bensinfilter og evt slange/slangekoplingar (sjøl om dei var nye Biltema for to mnd sidan). Dette med startprosedyre er jo ein av tinga eg mistenker at eg kanskje gjer feil. @subwoofer, du seier at eg bør bruke gass på kald motor. Det er ikkje nødvendig på denne, med choke er den lettstarta som kald. Men når den er VARM, bør eg ikkje då gi på litt gass for å unngå at den blir sur? Vil ikkje meir gasspådrag på slike gamle motorar gi meir luft, og deirmed MINDRE sjanse for "surheit"? Dei to gongane den kødda ved varmstart, veit eg i alle fall at eg bruke 0% gasspådrag. Første gongen brukte eg sikkert også choke. Noværande prosedyre er alså: Kald: choke og 0 gass Varm: ingen choke og ca 50% gass Er dette feil? Motoren har som tidlegare nemnt el-start (som eg mistenker er ettermontert, for "AM" er iflg Yamaha manuell start, og motoren har styrekult). Eg har prøvd å starte den varm med snor (for å simulere batteridød ut på sjøen), den starta i det eg tok eit testdrag for å sjekke at ting gjekk rundt. Veeeeeldig lett mao. Sitér dette innlegget Link to post
subwoofer Svart 17.Juni Del på Facebook Svart 17.Juni Har aldri måttet bruke gass når varm, bare et kontant røsk så pleier det ta igang på første eller andre kompresjon. Men det kan hende din motor har blitt skrudd på for å prøve å dekke over andre problemer? Om man må bruke gass på kald motor kommer litt an på, er det veldig kaldt i lufta trenger du litt mer. En vanlig sommerdag trenger du det antakelig ikke. Choken skal du være forsiktig med, den fungerer fint som stoppknapp hvis den vanlige stoppknappen krangler. Når det tar igang har du under to sekunder på deg. De gamle ensylindrete 4- og 5-hesterne var egentlig de vanskeligste, får du teken på dem er en større motor kjempeenkel. Sitér dette innlegget Link to post
ivar Svart 17.Juni Del på Facebook Svart 17.Juni startprosedyren ser grei ut, burde funke med mye mindre enn 50% gass også. Det at den reagerer slik den gjør på choke indikerer i mitt hode at forgasseren ikke er alt for gæærn på innstillingene. Mammut1 skrev 32 minutter siden: kun litt "slåing" på tomgang disse 2syl motorene er litt røffe i gangen på tomgang. Om du legger inn en videosnutt , så er det sikkert enklere for oss å si om det er innafor normalen Sitér dette innlegget Lurøy / Svalbard. Båter: Gromling 15/60 Yamaha / Wesling 490 m/80 Yamaha / Yamarin 5940 m/ F115 Yamaha / Achilles LS4 (RIP) Aquaquick MS265 West Commando 270 m/ 4hk Yamaha Link to post
Mammut1 Svart 17.Juni Emnestarter Del på Facebook Svart 17.Juni Normalt er det ikkje nødvendig å bruke gass ved varm motor her heller - den startar som regel berre du ser på den. Men iom at eg har opplevd start-nekt to gonger, og at eg då hadde 0% gasspådrag, så har eg begynt å gi den 50% for "sikkerheits skyld", sidan den blir så fort sur. Den startmotoren er hissige greier, den skal ikkje gå i meir enn et par sekund så har den jo snurra svinghjulet fleire gongar rundt enn eg hadde klart på ein time med snordraging. Meiner på at eg har lest her på baatplassen at ein IKKJE bør gi gass på kaldstart, for å unngå opprusing på kald motor? Tilleggsopplysning som eg kom på: dei to gongane den ikkje starta, så hadde eg tatt ut tenningsnøkkelen i mellomtida. I heimehamna (privat) står denne i konstant. Kan det ha våre tenningsproblem? Men i så fall; kvifor starta den med startgass? Eg stiller sikkert mange dumme spørsmål her, men når du er nybegynnar er det erfaringsmessig lurt å stille for mange dumme spørsmål enn motsatt. Tenker eg Sitér dette innlegget Link to post
ivar Svart 17.Juni Del på Facebook Svart 17.Juni bedre med dumme spørsmål enn dumme svar Sitér dette innlegget Lurøy / Svalbard. Båter: Gromling 15/60 Yamaha / Wesling 490 m/80 Yamaha / Yamarin 5940 m/ F115 Yamaha / Achilles LS4 (RIP) Aquaquick MS265 West Commando 270 m/ 4hk Yamaha Link to post
Mammut1 Svart 17.Juni Emnestarter Del på Facebook Svart 17.Juni @ivar Håper det Skal i alle fall supe til meg mest mogleg kunnskap. Ut i frå det som har komt fram i denne tråden, kan det egentlig hende at det ikkje er noko gale med motoren min. Det kan hende småproblema skuldast brukarfeil (og eitt muleg tilfelle av svigers-på-bensinslange ). Eg ser kanskje litt spøkelser fordi den Mercury-motoren eg hadde aldri ville spele ball. Kunne dog fortsatt tenkt meg litt innspel og debatt på dette med startprosedyre på varm og kald motor. Sitér dette innlegget Link to post
subwoofer Svart 17.Juni Del på Facebook Svart 17.Juni Jeg tenker at du og motoren din må komme til en felles overenskomst om hvordan dere liker å gjøre det. Forgasser er ikke som injection, det krever litt håndlag og magefølelse til tider. Noen motorer er mer kilne enn andre, du må bare finne ut hva slags personlighet din har. Så lærer du etterhvert å høre på lyden om den er litt rå og må ha litt gass for å ikke slukne etter kaldstart, hvor lenge du kan holde choke på uten å drukne den når du kjører på starter, hvor mange drag i snora den tåler med choke før du drukner den, osv osv. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 17.Juni Emnestarter Del på Facebook Svart 17.Juni @subwoofer Den må ha litt gass på kaldstart for å ikkje stoppe umiddelbart, men dette har eg slutta med fordi eg las at opprusing av kald motor var farlig. Det stemmer kanskje ikkje? Brukar berre å starte den en gang til så går den.. Ja dette med «å bli kjent med» gammal motor har eg skjønt er ein greie. Ut i frå all kjærleiken folk her på baatplassen gir til motorbanen sine, skulle dei jo hatt navn i staden for båten Eg vil ikkje være noko dårlegare og har forstått at det er lurt å skaffe kunnskap FØR du faktisk står der til havs med ein liten Rana og motorstans. Derfor denne tråden Har allereide blitt litt glad i den 40 år gamle Yamahaen, og vil lære mest muleg. Har lest meg til at om du ikkje er milliardær så må ein kunne litt motor for å ha båt (liten båt no, men fekk sjølsagt 3-fotssyka umiddelbart etter sjøsetting). Målet er å i alle fall skaffe noko litt større på sikt. @ivar Sorry, eg såg ikkje det forrige svaret ditt når eg posta i sta. Takk for verifisering av varmstartprosedyre. Må nok ikkje være 50% nei, men tomgangsspaken min (rett ord?) er like presis som et solur i skyggen. Eg fører den oppover til den byrjar å ta, deretter litt til. Tek ned umiddelbart etter start. Dette er då KUN preventivt for å sleppe surheit. Eg likar å stoppe motoren når eg pilkar. Dei to gongane den har tøysa har eg heldigvis berre våre ein svipp på butikken, så den har våre fortøyd på flytebrygge i sentrum. Skal poste video, men det kan bli eit par veker til fordi vi skal på bilferie…. Mitt forslag om å ta Ranaen til Danmark vart nedstemt. Er forøvrig veldig forsiktig med choke, kun på kald som sagt, og kun fram til første antydning til tenning. Det er ein fjøra vippebrytar under tenning/start. Då lurer eg oppsummert kun på dette (i alle fall angående starting): - Er det skadeleg for motoren å bli opprusa når den er kald? - Eg har alltid startgass i båten etter dei to «episodene». @dieselfan nevnte pluggnøklar for å kunne tørke pluggane. Er dette bedre? Er startgass skadeleg for motoren? Eller er det ja takk, begge deler? Sitér dette innlegget Link to post
dieselfan Svart 17.Juni Del på Facebook Svart 17.Juni Mammut1 skrev for 2 timer siden: Er startgass skadeleg for motoren? Overdreven bruk og feil bruk kan være skadelig men det er jo ikke slik at motoren "eksploderer" ved litt forsiktig bruk, men jeg foretrekker å tørke pluggene om jeg har tull, så kan jeg sjekke gnist samtidig. Mammut1 skrev for 2 timer siden: - Er det skadeleg for motoren å bli opprusa når den er kald? Det er ikke gunstig. En 2T motor blir fortere varm enn 4T, men den har også mer avansert geometri så en 2T har mer utfordringer rundt varmeutvidelsen, derfor tar jeg det pent til den har lunk, og jeg skrur ut og sjekker termostaten hvert tredje år ish, så smører jeg godt med vannfast marinefett når jeg monterer, så er det mulig å få opp neste gang... Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 18.Juni Emnestarter Del på Facebook Svart 18.Juni Takk for enda et kjempegodt svar @dieselfan Då let eg kaldstartprosedyren min være som den er med 0 gass. Det med termostat var eit godt tips. Eg skriv det på lista over ting eg skal gjer neste gong den er på land. I tillegg til bensinfilter, bensinslange og -koblinger, og impeller. Brukar forøvrig å starte den å la den gå på tomgang et par minutt mens eg løsnar fortøyninger og slikt. Deretter går eg på lavaste «komfortable» turtal - dvs uten slåing - minst fem min før eg gir på. Køyrer aldri full gass anna enn i korte perioder. Er dette ein ok aproach? Må ha det med teskei og sonde Men det er fordi eg ønsker å bli komfortabel og kompetent på båtmotor, og har 0 erfaring frå før - bortsett frå som tidlegare nemnt ein Mercury6, men vi hata kvarandre Sitér dette innlegget Link to post
dieselfan Svart 18.Juni Del på Facebook Svart 18.Juni Mammut1 skrev for 1 time siden: Brukar forøvrig å starte den å la den gå på tomgang et par minutt mens eg løsnar fortøyninger og slikt. Deretter går eg på lavaste «komfortable» turtal - dvs uten slåing - minst fem min før eg gir på. Køyrer aldri full gass anna enn i korte perioder. Er dette ein ok aproach? Ja, den motoren har det godt 👍 Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 18.Juni Emnestarter Del på Facebook Svart 18.Juni Det får vi håpe Tusen takk for alle gode svar og til dykk som har brukt eigen dyrebare tid på å hjelpe ein nybegynnar som meg. Respekt! Kjem tilbake med video av start og gange når eg er ferdig med bilferie. Då skal eg også lære meg å bruke dregg. Det blir vel ein ny (lang) tråd Sitér dette innlegget Link to post
ivar Svart 18.Juni Del på Facebook Svart 18.Juni Ankertråder her inne har en tendens til å bli lange ja Du får søke opp noen av de og lese gjennom dersom det skulle bli alt for kjedelig på bilferie Sitér dette innlegget Lurøy / Svalbard. Båter: Gromling 15/60 Yamaha / Wesling 490 m/80 Yamaha / Yamarin 5940 m/ F115 Yamaha / Achilles LS4 (RIP) Aquaquick MS265 West Commando 270 m/ 4hk Yamaha Link to post
Mammut1 Svart 9.Juli Emnestarter Del på Facebook Svart 9.Juli Då var bilferien ferdig, og i dag skulle eg endeleg ut med båt for å lage tidenes særaste motorgangevideo til bla deg @ivar. Men akk, det endte slik: Det var no ca tre veker sidan forrige bruk av båt og motor. Eg gjekk optimistisk ned på brygga, ordna kalesje og fiskeutstyr, og starta motoren. Den stoppa igjen umiddelbart, og ville ikkje starte igjen. Følgte gode råd frå denne tråden og skrudde ut pluggane. Dei såg slik ut(var nye i april!): Tørka dei godt, då starta den (måtte ha ein liten sprut startgass også). Så stoppa eg den, sette på «panseret», og starta den igjen på vanleg måte. All good. Løsna fortøyningane og for litt fram og tilbake i hamna. All fortsatt good. Så då for eg ut på fjorden for å fiske, som planlagt. Køyrde først ganske lenge, på varierande turtal. Så stopp for å fiske, restart, og ny fiskestopp. Starta igjen for å dorge, og stoppa igjen. Låg så og dreiv med motoren av i ca 30 minutt, og når eg då skulle starte for å køyre heim, ingen start! «Ok, den er vel sur igjen. Får repetere prosedyren frå i sta», tenkte eg. Av med pluggane, og då såg dei sånn ut: La også merke til at det var klissvått i gjengane også, kan virke som om noko druknar inni der. Tørka godt av pluggane, skrudde dei på plass, og prøvde start. Ikkje antydning til start. Startmotoren går så det susar. Prøvde igjen, og denne gongen drenerte eg også forgasseren som @dieselfan tipsa om, men fortsatt ikkje snakk om å få start. Eg er ikkje veldig båtvandt (under opplæring..), og no hadde skuta dreve såpass nærme land at eg byrja å få litt panikk. Er svaberg der, så eg var ikkje i livsfare, men var ekkelt å føle at eg mista kontroll. Ekkoloddet viste fortsatt 20m, men eg var kontroll-laus nok til at eg då ringte RS (som eg heldigvis er medlem av). Det første RS-mannen sa var: «Har du dregg?». «Dreggen!» Tenkte eg. Har jo ein dregg ombord, men ikkje lært å bruke den enda. Fram med den, og utfor akterspeilet. Rett ned, med for kort tau. Heldigvis tenkte eg dette kunne skje, så eg holdt det fast medan eg knytta på lenger tau (fekk bruk for ekstratau i båten - skal alltid ha det). Lettelsen var stor når det traff botnen og båten byrja å henge etter tauet. Ekkoloddet viste fortsatt nærmare 20m. Då slapp panikken litt, og i same øyeblikk runda R/S Idar Ulstein næraste nes på ein ellers fin båtkveld. Dei var veldig alrighte og taua meg heilt til heimehavn, hoppa i land og drog båten min heilt i båsen. Ei fantastisk teneste som eg aldri skal melde meg ut av. Men; kva i alle dagar er gale med motoren min? Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.