S/Y Emma Startet 24.Mars.2010 Del på Facebook Startet 24.Mars.2010 (redigert) Tenkte eg skulle dele denne vesle gladhistoria om ei løysing på eit problem som fort kunne vore ganske stort. På båten min er det eit lite område på dekk (ca 0,5 kvm) som har svikta litt og knasa når ein har trakka på det. Slik har det vore sidan eg fekk båten. Har ikkje tenkt noko særleg over det før eg byrja lese om delaminering på nettet. Der kom det fort fram at dette var ikkje mindre enn ei stor katastrofe, og kunne vere særs krevjande, for ikkje å seie umuleg å reparere (link, link, link). Då dekket har balsa som distansemateriale, frykta eg difor at båten kunne vere så godt som kondemnert som følgje av denne skaden. Samstundes er det visst mange som har god erfaring med å bore hól i dekket og sprøyte ned epoxy eller polyester for å lime saman laga att. Dette er dog avhengig av at området er heilt tørt på undersida. Spaninga var difor stor då eg og min gode nabo leita fram drillen og bora eit hól midt i området. Til alt hell var balsasponen som kom opp heilt knusktørr! Det hadde på mirakuløst vis ikkje vore vassinntrenging i det delaminerte området! Sprøyter vart kjøpt på apoteket og polyester vart miksa. Etter å ha drilla fleire hól med kring 15 cm mellomrom sprøyta vi inn polyester til det taut ut gjennom alle hóla. Så satte vi eit anker og ei bøtte kjetting på dekk, sette på ein varmeovn på undersida av dekket og venta i to døgn. No er området like hardt som resten av dekket, og eg trur eg kan konkludere med at operasjonen vart vellukka så langt. Det er skummelt med slike problem. Enten kan det reparerast på nokre få minutt, eller så er det så omfattande at ein nesten berre kan gløyme det... Legg ved nokre bilete og ein liten video av reparasjonen. Det delaminerte området er markert med svart tusj på dekk: Redigert 24.Mars.2010 av Steinsvik (see edit history) Sitér dette innlegget Følg S/Y Emma på Facebook • Blogg: To år på langtur med S/Y Emma Link to post
Rolf Svart 25.Mars.2010 Del på Facebook Svart 25.Mars.2010 Sånne gjør-det-selv innlegg trenger vi flere av, instruktiv forklaring på problem og løsning med nyttige bilder og tom video!! Og med vellykket resultat - meget bra!! :flag: Sitér dette innlegget Rolf som trives best med Sommer, Sol og Sørland "Seier venter den, som har alt i orden - held kalder man det. Nederlag er en absolutt følge for den, som har forsømt at ta de nødvendige forholdsregler i tide - uheld kaldes det" Roald Amundsen Link to post
eysteind Svart 25.Mars.2010 Del på Facebook Svart 25.Mars.2010 Dette var kjekt å høyre. Har samme problemet et par plasser på dollborda mine. Problemet mit er at her er antisklimønster, og dette vil ikke bli fint etterpå. Min plan er å legge teak/flexiteak på dollborda, men dette blir nok ikke i år. Hvor store hull borret du? Sitér dette innlegget Link to post
S/Y Emma Svart 25.Mars.2010 Emnestarter Del på Facebook Svart 25.Mars.2010 (redigert) Eg og har antisklimønster på dekk, men litt skade i mønsteret er ein liten pris å betale for å løyse dette problemet. Hola var ikkje store: kring 5-6 mm tenkjer eg. Til saman bora vi sju hol. Dette var nok til å få sprøyta inn flytande polyester på undersida. Redigert 25.Mars.2010 av Steinsvik (see edit history) Sitér dette innlegget Følg S/Y Emma på Facebook • Blogg: To år på langtur med S/Y Emma Link to post
SF Svart 25.Mars.2010 Del på Facebook Svart 25.Mars.2010 (redigert) Flott måte å utbedre en delaminering på. Vurderte dere å pumpe inn polyesteren fra innsiden av skroget for å unngå hull i gelcoat? Redigert 25.Mars.2010 av SF (see edit history) Sitér dette innlegget 2009 Ryds 478 GTI Mercury 50 EFI Link to post
S/Y Emma Svart 25.Mars.2010 Emnestarter Del på Facebook Svart 25.Mars.2010 Frå innsida hadde det vorte vanskeleg... Då måtte eg demontert fleire store lister, taktrekk og eit røstjern. Dessutan var det oppsida som var delaminert, så det hadde vorte ein omveg å sprøyta det inn frå nedsida. Eg er berre utruleg letta over at det ikkje var vasstrekt balsa i dekket. Då veit eg ikkje kva eg skulle gjort! Sitér dette innlegget Følg S/Y Emma på Facebook • Blogg: To år på langtur med S/Y Emma Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.