Jump to content

Fins det ein marina for båtbuing i Bergen?


S/Y Emma

Recommended Posts

No har det seg slik at eg har funne ei flott jente som vil vere med på jordomsegling og alt. Vi planlegg å flytte saman snart, og det mest gunstige vil vere å bu i Bergen eit par år før vi reiser (i båt, sjølvsagt). Eg har ein 33 fots seglbåt. Kva for marinaer i Bergen sentrum går det an å bu i? Og kva kostar det per månad? Kva fasilitetar fins der?

Der eg ligg i dag har vi alt av fasilitetar på land og betalar 1500,- per månad + straum.

Redigert av Steinsvik (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Eg bur i elsero marina, greit å bu her, men ikkje dusj på land. Straum, vatn , vaskemaskin og tørketrommel er det.

Prisen her er 600kr pr fot pr år + straum som for tida er 1kr+mva/kwt, 3000kr i depositum for straum, 500 for nøkkel til havna. Det går bussar 500m fra båten og inntil sentrum eller Åsane heile tida. Einaste minuset på dagtid er alle hurtigbåtane som fyk forbi, blir eindel bevegelse, men det høyre jo med til ett liv på sjøen. Ein IM så kan du få nummeret til han som styrer her. Han bur i båten her han og. Ellers så er det ein tysker, 2 studenter og meg som bur her.

BOAT = Bail Out Another Thousand

Link to post
Share on other sites

Elsero marina såg lovande ut, og kostar berre litt meir enn det eg betalar der eg bur no. Dusj har eg om bord, så lenge det er lett tilgang til vatn på brygga heile året.

 

Tusen takk for svar om båtbuing :thumbsup:

Redigert av Steinsvik (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Har også høyrt om folk som har budd i båt på Verftet, i hopen ved USF, evt Dikkedokken.

Kontakt Kjøde & Kjøde: www.dikkedokken.no

 

Veit ikkje kva slags fasalitetar dei evt. kan tilby båtbuarar, men ein får i alle fall kort veg til eit fantastisk kulturtilbod på USF Verftet og ca 10 min. gangavstand til Torgalmeningen.

Redigert av JanB (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...