magnumlars Startet 17.Februar.2013 Del på Facebook Startet 17.Februar.2013 Eg har ein 3-sylindra Yanmarmotor på 30hk (3T84). produsert i 1988 Denne har gått som ei klokke og det har ikkje vore problem med den før no. Hendelseforløp som følger: Oppdaga diesellekkasje ved tilførselsslangen inn til dieselpumpa. Måtte ta av slangen for å stramme til nippelen som slangen sitter på. Satte tilbake slangen, lufta systemet og starta opp. Litt hosting (luft) ei kort stund, so gjekk motoren som ein drøm. Kjørte 30 problemfrie minutt etter dette. 2 veker seinare skal eg starte opp, og etter at motoren startar dør den ut etter 3 sekund. Temperaturen er minusgrader. Luftar systemet på nytt, men utan at det hjelp. Skiftar dieselfilter (som var full i drit) og luftar igjen. Prøver å starte-ingen suksess. Løyser dyserør ut frå dieselpumpe og kjører startmotoren for å få ut luft, men det kjem ingen diesel. Kjørte sikkert til samen 3-4 minutt på startaren. Ringer Yanmar og spør om råd, for eg mistenker at feilen ligg i dieselpumpa. Fødepumpa, som er elektrisk funkar fint. Yanmar meinar eg må sjekke om tannstang som snur stempela i pumpa bevegar på seg. Opnar deksel inn til pumpa idag, men der er det ingen tannstang. Det er ein vippearm som tilsynelatande bevegar ein sleide. Vippearmen og sleiden har ingen direkte forbindelse (kan det sjå ut som) men eit fjærtrykk eller noko slikt pressar sliden mot vippearmen. På denne motoren stoppar ein den med å ta gasshendelen heilt ned. Bevegelsen i denne sleiden i pumpa følger vippearmen frå stopp til tomgang, men når ein gir meir gass står sleiden i ro og vippearmen flyttar seg vidare uten at sleiden følger med. Er det nokon med ekspertise på dette som har nokon ide til feilkilde? Sitér dette innlegget Link to post
lgboat Svart 17.Februar.2013 Del på Facebook Svart 17.Februar.2013 Jeg er ingen ekspert, men sjekk dieselfilteret igjen. Fullt? Dieseldyr på tanken. Sitér dette innlegget Link to post
magnumlars Svart 17.Februar.2013 Emnestarter Del på Facebook Svart 17.Februar.2013 Motoren har ikkje vore kjørt etter at filter vart bytta. Dei ser heilt fine ut (gjennomsiktig filterholdar) Sitér dette innlegget Link to post
SoBo Svart 17.Februar.2013 Del på Facebook Svart 17.Februar.2013 Er det elektrisk stopp på denne motoren? Sitér dette innlegget Stell og oppgradering av en gammel dame (Princess Riviera) Link to post
magnumlars Svart 17.Februar.2013 Emnestarter Del på Facebook Svart 17.Februar.2013 Nei det er ingen elektrisk stopp på denne , dvs det er ingen stoppsolenoid. Motoren blir stoppa ved å dra gasspaken heilt tilbake forbi ein stoppar som sikrar tomgangsturtalet. Sitér dette innlegget Link to post
baatmann Svart 17.Februar.2013 Del på Facebook Svart 17.Februar.2013 "magnumlars" du skriv: Bevegelsen i denne sleiden i pumpa følger vippearmen frå stopp til tomgang, men når ein gir meir gass står sleiden i ro og vippearmen flyttar seg vidare uten at sleiden følger med. Er dette ein observasjon som du gjer når motoren ikkje er igong? Det er då mulig at din obervasjon at "sleiden står i ro" kjem av at sentrifugalen, i regulatoren, ikkje er i funksjon. Dersom du går inn på denne sida - http://www.dieselpartseurope.com/webwinkel/index.php?main_page=page&id=16 - er det mulig du finn "din motor" og sjå om du finn ut korleis regulator og pumpe verkar. For eg trur at feilen ligg i regulatoren. Sitér dette innlegget Link to post
magnumlars Svart 17.Februar.2013 Emnestarter Del på Facebook Svart 17.Februar.2013 Observasjonen er når motoren ikkje er igang. Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.