Jump to content

Livet på rett kjøl igjen, - ny båt! (Nauticat 33)


JanB

Recommended Posts

:flag: Etter veker med abstinensar, rastlaus venting og utallige søk på finn.no, tok livet i går endeleg ei ny positiv vending. Kjøp av ny (gammal) båt er ordna! :cheers:

 

Det blei ein Nauticat 33, ein velhalden og godt utstyrt modell frå 1980. Dette er den "nye" typen med poop-dekk og plastoverbygg.

 

Nauticat 33 er ei velvaksen dame som eg i mange år har drøymt om. No er ho her og samlivet kan starta...

 

Første utfordring blir å få ho heim frå hovudstaden til Bergen. Det skal sjølvsagt gjerast sjøvegen. Min gamle far har mønstra på som mannskap og me satsar på å få gjennomført turen om eit par veker. No må eg prøva å bearbeida arbeidsgjevar så eg kan få tatt ut nokre dagar ferie/avspassering. Håpar på godt ver slik at det kan bli ein fin tur. Sidan eg aldri har gått med båt verken på sør- eller austlandet, ser eg ikkje bort frå at eg kan koma til å trenga gode råd frå folk her på BP. Men det kjem eg tilbake til.

 

Bilde av skuta kjem etter kvart.

Link to post
Share on other sites

Gratulerer, Jan! Her har du fått deg litt av en skute. Har en kompis med samme sorten, han vil ikke ha noe annet om så Dovre sprakk.

 

 

Du må gi beskjed når det er ankomst, så får vi se om vi kan mønstre en velkomstflotilje med flaggborg i Raunefjorden. :lol:

 

Såfremt jeg ikke er i Vesterled når det skjer, så er jeg med! Spesielt hvis det skjer i arbeidstiden... :lol:

 

Mvh,

Kjell

LA3939 har endret brukernavn

Link to post
Share on other sites

Det blei ein Nauticat 33, ein velhalden og godt utstyrt modell frå 1980. Dette er den "nye" typen med poop-dekk og plastoverbygg.

Jeg hadde et langt besøk i Nauticaten som lå på "Båter i sjøen" og om jeg får anledning til å bestemme meg for hva som blir min siste båt før jeg krabber på land for godt, så blir det nok en vinterisolert Nauticat. :yesnod:

Link to post
Share on other sites

Det fulgte ikkje med gummibåt eller annan lettbåt/motor. Det har eg difor behov for å skaffa meg før den lange ferda frå Oslo. Tenker at det då er enklast å kjøpa i Oslo-området. Dersom nokon av BP-folket der skulle ha ein gummibåt/motor for sal, kan dei jo ta ein kikk på annonsa mi på BP-markedet.

Link to post
Share on other sites

Igjen takk for gratulasjonar. Slikt er hyggeleg!

 

I dag har eg forhandla med arbeidsgjevar om fri til henting. Fekk ikkje avspassera så mykje eg hadde håpa på, men tre dagar (+ påfølgande helg) fekk eg.

 

Det betyr at ferda frå Oslo etter alt å dømma vil starta om ettermiddagen tysdag 26. september. Dersom veret er bra, bør me klara å koma til Bergen innan påfølgande sundag. Dersom me blir liggande verfaste og tidsskjema ikkje held, får me berre legga båten igjen der me er sundag. Så får me fortsetta turen påfølgande helg(-er).

 

Er det nokon som hugsar den nøyaktige avstanden mellom Oslo og Bergen? Sjølv om me er to mann ombord og har godt utstyr, har me ikkje tenkt å gå heile døgnet. 12-14 timar i eitt får vera nok. Trur ikkje med det skulle vera noko problem å finna overnattingsplass i gjestehamnene på denne tida... Men kanskje blir det nokon BP-folk å treffa undervegs? :yesnod:

 

Det fulgte ikkje med gummibåt eller annan lettbåt/motor. Det har eg difor behov for å skaffa meg før den lange ferda frå Oslo.

Dette problemet er no løyst. Brukt Zodiac med Yamaha-motor er innkjøpt og blir levert før avgang Oslo.

Link to post
Share on other sites

Er det nokon som hugsar den nøyaktige avstanden mellom Oslo og Bergen?

Gratulerer med ny båt.

Avstanden er 377 nm så det blir ca 10 timer pr dag i 7 kn

Lykke til på turen.

Tidligere båter: Skilsø 27 m/ Bukh 48 - Tristan 301 m/ VP MD 30 - Sandvik 25 m/ BMC 1500

 

Vårt prosjekt:

https://baatplassen.no/i/index.php?showtopic=8046

 

Hjemmeside:

www.GudrunogTrond.com

Link to post
Share on other sites

Har så smått begynt å planlegga "den store reisa" med nyebåten frå Oslo til Bergen. Avreise blir først på ettermiddagen tysdag i neste veke (26.9.), men eg har store problem med å kunna venta så lenge. Gler meg som ein unge... :blush:

 

Som nemnt har eg ikkje tidlegare gått med båt rundt aust- og sørlandet (frå Rogaland og nordover har eg kontroll...). Skulle difor gjerne hatt forslag til aktuelle plasser å overnatta langs ruta. Det bør vera gode hamner (satsar i utgangspunktet på gjestehamner) som ikkje ligg for langt ut av leia.

 

Første dag (tysdag) reknar me ikkje med å gå meir enn 15-20 nm frå Oslo. Dei påføgande dagane reknar me med etappar på 70-80 nm.

 

Skulle veret slå seg vrangt og tida vår (tysd.-sund.) blir for kort, må me berre legga båten igjen der me er sundag ettermiddag. Så får det bli nye forsøk kommande helger. Men eg håpar alle BP-medlemmer som har kontakt med høgare (ver-)makter, no gjer ein innsats... :wink: (fant ingen smiley med folda hender...)

Link to post
Share on other sites

Har bodd på østlandet og likte veldig godt havna i Horten, det er vel 20-25 nmil fra Oslo. Grei stopp første natta. Går du så 70-80 nmil neste dag nærmer du deg vel Risør f.eks. Fin og koslig havn det også, sjarmen er jo langt over Horten, men fasilitetene er vel ikke fult så bra, men helt greit såvidt jeg husker. Det er 3 år siden nå så mange sør og østleninger her kan gi deg bedre respons.

 

Går du så 70-80 til nærmer du deg jo Lindesnes. Mandal er sikkert et flott sted med båt, har bare vært der med bil. Er det godt vær bør vel Egersund være innen rekkevidde fra Mandal, men det er et bra stykke i åpent hav. Underveis har du jo mange mulige stopp, vi stoppet i Farsund i fjor og det må være den beste havna vi noen gang har overnattet i. Videre har du Lista havn, men der tror jeg dagslys ved ankomst er en fordel, vet ikke hvordan det er å ligger der i dårlig vær, det er jo svært nært havet. Rett forbi Lista har du en øy jeg ikke kommer på i farten der eskortetjenesten har sin vanlige stopp/start. Du har sikkert flere plasser også før Egersund, f.eks er jo Rekefjord et mulig stoppested mellom Lista og Egersund, om sistnevnte blir for langt.

 

Fra Egersund til Hgsd er det vel ca dagsetappen din, men på disse to strekkene er jo også du avhengig av fornuftig vær, tross solid skute!

 

Lykke til, det blir en kjemepetur og vi andre regner med fyldig reisebeskrivelse når du er fremme, eller enda bedre underveis hvis du har pc med trådløst nettverk...

Redigert av bjoris (see edit history)

Blogg:S/Y FRI -  (2008-2018: Hanse 350 - 2019: NB820 Sport og Bavaria B/One) 2020-: NB 870 Ardea D4-260 2012/2013 model

Link to post
Share on other sites

Jeg kan anbefale både Horten eller Åsgårdstrand, vi hentet båten vår i Asker og gikk med rundt 6-7 knop og ankom Horten etter ca. 5 timers gange... om jeg ikke husker feil. vi gikk en snau halvtime til og ankret opp i Åsgårdsatrand for natta, fin grei rolig havn med strøm og vann, butikk alt...

 

Deretter vil jeg anbefale Jomfruland som har en flott gjestehavn, med strøm vann og butikk som er sessong åpent til medio oktober... Det er et par timer før Risør og en fin etappe fra Horten... Blåser det mye så kan Jomfruland være litt utsatt til både for NV og SV men en finner alltid ly der.. koster en 50 lapp for natta inkl. strøm nå om dagen, deretter rekker du vel langt ned i agder... Grimstad traktene formoder jeg.. Vi gikk for noen år siden fra K.sannd og til Lyngør med en Sollux 24 på en dag... Startet på fomiddagen og var i Lyngør på kvelden...

Tar forbehold om skrivefeil i alle mine innlegg, slik at de som utelukkende er opptatt av mine skrivefeil og meg som person kan kose seg med det de kan.. Mine innlegg er også basert på min mening og oppfatning omkring temaer både her på forumet og i samfunnet ellers, dette gjelder også om det ikke er tatt eksplisitt forbehold om det i selve innlegget.. :smiley:

 

Det er bare de som føler seg underlegne som er beskjedne - de dyktige fryder seg over det de har utført
Johann Wolfgang von Goethe 1749-1832

Link to post
Share on other sites

  • 3 uker senere...

Vestover med "ny" båt

 

Så er endeleg den store turen unnagjort, - heimreisa med nyebåten frå Oslo til Bergen. Dvs. på den tilmålte tida rakk me ikkje heilt til Bergen, så inntil vidare ligg båten i Stavanger. Turen gjekk frå 26.9. til 1.10. Dessverre har eg ikkje hatt tid til å vera så mykje innom BP den siste veka, men her kjem referatet frå ein fantastisk tur.

 

26.9:

Tysdag ettermiddag møtte eg og mannskapet (faren min) opp i Frognerkilen for å overta båten. Der var selgar alt på plass. Etter kvart kom også ein annan selgjar eg hadde avtale med: Zodiac gummibåt med 4 HK Yamaha skulle me ha med oss. Varene blei betalt og formalitetene unnagjort. Motor blei testa og gummibåt blåst opp. Alt såg bra ut, men me hadde litt problem med å finna ut kor me skulle gjera av gummibåten. I første omgang valde me å ta han på slep. Akkurat det skulle me koma til å angra på...

 

Så starta turen. Litt disig, men ikkje problem med sikt. Selgjar blei med på første etappe. Det var svært nyttig. Ein har mykje å spørja om når ein tek over ein 26 år gamal båt. Ved Sætre blei han henta av kona. Her nytta me høvet til å proviantera. Etter kvart begynte det å regna og mørket seig på. Me valde difor å bli liggande på Sætre om natta. Oppdaga også eit ladeproblem, men ikkje verre enn at me kunne leva med det fram til me er heime. Skulle gjerne hatt landstraum, men det tilbodet hadde marinaen tydelegvis stengt for sesongen (!).

 

27.9:

Stod tidleg opp for koma oss avgarde. Litt regn og yr + lett skodde. Likevel ikkje noko problem med å fortsetta turen. Tutla ut over Oslofjorden. Gjekk innom Horten for å fylla diesel og handla ting me hadde gløymt dagen før.

 

DSCF0052r.JPG Fager kveldsol smiler...

 

Etter kvart som me kom lenger utover klarna veret opp, men det blei ein del sjø i ytre strok. Mannskapet hadde sove dårleg om natta og blei rett og slett sjøsjuk. Men etter eit par krabbeforingar kom han seg... :puke:

 

Vestfoldkysten blei unnagjort og Telemark var neste. Gjekk mest mogleg utaskjærs, og så inn Jomfrulandsrenna. Me hadde bestemt at Jomfruland skulle bli neste overnattingstad. Fekk ein fantastisk solnedgang mens me la til ved gjestebrygga. Også her var fasalitetane stengt, men landstraum var tilgjengeleg. Medan mørket fall på fekk me gått oss ein tur på øya. Godt å strekka beina etter ein lang dag ombord.

 

DSCF0059r.JPG Åleine i gjestehamna på Jomfruland.

 

28.9:

Ein del vind om morgonen gjorde at me drøyde litt med å legga avgarde. Men ved 9-tida var me igang igjen. Utstyret fungerte godt, og etter kvart blei me godt kjent med både kartplotteer og autopilot, utstyr som ikkje eg har brukt før.

 

Så var me på Sørlandet. Etter ein ny etappe utaskjærs, gjekk me inn ved Lyngør. Mannskapet har ein gong i forrige årtusen vore både elev og tilsett ved Risøya folkehøgskule, så me måtte jo passera forbi der. Hadde ein flott tur, nærast åleine i vakker skjærgard.

 

Bestemte oss for å gå innom Arendal for å handla. På veg inn Tromøysundet begynte det å regna (for øvrig eit pussig fenomen på heile turen: Når me hadde tenkt tenkt oss til lands, begynte det å regna...). I tillegg til proviant, kjøpte eg ny kikkert på tilbod hjå ein fotoforretning. Sjølvfokuserande. Eit svært godt kjøp etter mi vurdering.

 

Men framleis var ikkje dagen slutt og me skulle vidare vestover. Igjen gjekk me utaskjærs og så inn igjen ved Homborsund. Neste stopp for overnatting blei Lillesand, ein temmeleg søvnig by på denne tida av året... Gjestebrygga måtte me spyla for måseskit, men elles var det fine forhold. Fann ein pizzaplass som hadde ope. Pizzaen var god, og smakte ekstra godt etter ein lang dag på sjøen.

 

DSCF0072r.JPG Lillesand

 

29.9:

Om det var snarast veg, veit eg ikkje. Men me var på tur og ville ha med oss Blindleia. Det blei ein flott tur i nydeleg ver. Me var så godt som åleine på sjøen (men eg kan tenka meg korleis det er her i fellesferien...).

 

DSCF0077r.JPG I Blindleia.

 

På Flekkerøya blei det igjen bunkring. Det viste seg at me ikkje hadde fylt opp den eine tanken i Horten. Ville gjerne ha fulle tankar før me starta på Lindesnes, Lista etc.

 

Båten mangla papirkart for området Lindesnes til Jærens rev. Dermed gjekk me også ein tur innom Mandal for å handla kart. Igjen fenomenet med ausande regn då me skulle i land...

 

Ein del sjø rundt Lindesnes, men slettes ikkje verre enn at me kunne leva med det. Mannskapet såg ut til å vera kurrert for sjøsjuke, og båten såg ut til å ta grov sjø på ein svært god måte.

 

DSCF0091r.JPG Endeleg Lindesnes! Lenger syd har me ikkje tenkt oss...

 

I skumringa gjekk me inn til Farsund. Veret var roleg og me la oss i den ytre gjestehamna.

 

30.9:

Så var det tid for runding av Lista, - av mange rekna som den vanskelegaste av strekningane vestover. Litt vind, pluss litt yr og skodde. Valde å gå godt ut frå land. Brukbar sikt, men me mista etter kvart synskontakt med land. Radar er ei ypperleg oppfinning for for slike forhold. I ettertid blei me klar over at ein annan båtkjøpar same morgon gjekk på grunn og mista båten ved Lista. Han gjekk ikkje langt frå land...

 

For å gjera turen kortast mogleg, heldt me oss langt ute. Sette kurs på Eigerøya, og gjekk på denne kursen i timevis... Etter kvart auka det på med vind, sjøen blei grovare (medsjø) og båten gira meir. Under desse forholda var skipperen betre til å styra skuta enn autopiloten...

 

Me hadde eigentleg tenkt å ta Jæren i same slengen og gå rett til Tananger. Men det blei så mykje sjø at me valde å gå inn mot Egersund, om ikkje anna så for å slappa av litt. Det var då me kom på at me framleis skulle ha gummibåten på slep, - i kort slepar... :headbang:

 

Gummibåten var borte! Ein stad mellom Jøssingfjord og Eigerøya hadde han forlatt oss. I tauet hang berre metallringane frå sleparfestet igjen. Men det var ingenting å gjera med det. Hadde me sett når han sleit seg, hadde me sansynlegvis ikkje klart å få tak i han igjen heller... Heldigvis hadde me i alle fall påhengsmotoren liggande trygt ombord.

 

Eg melde frå til Rogaland Radio for å unngå at det blei sett i gang leiteaksjon dersom nokon fann den tomme gummibåten. Dei lovde også å ta kontakt dersom dei skulle høyra om nokon funn.

 

I staden for å gå inn til Egersund, gjekk me på innsida av Eigerøya og ut i havet igjen for å gjera eit nytt forsøk på Jæren. Til å begynna med gjekk det bra, men då me nærma oss Sirevåg var sjøen igjen svært grov. Me valde difor å snu og gå tilbake til Egersund.

 

Framleis var det tidleg ettermiddag, så eg tenkte å ta kontakt med politiet og gi beskjed om den sakna gummibåten. Slik vindforholda var, kunne båten bli skyldt i land ein stad i nærområdet. Då ville det vera fint om finnarane kom i kontakt med meg...

 

Etter litt leiting fann eg politistasjonen. Inne på vakta traff eg ei ung og litt småstressa, men svært hyggeleg, politikvinne. - Ja, no var det nettopp ein innom med ein gummibåt. Er det din den som ligg der ute, sa ho og peikte ut vindauget. Og der låg zodiac'en min! Ho hadde dårleg tid, og eg blei så forfjamsa at eg gløymte å spørja korleis båten var funnen. Men formalitetane blei ordna og eg kunne henta gummibåten igjen. Klok av skade plasserte me han no på akterdekket.

 

Det var blitt laurdag kveld. Både eg og mannskapet måtte på jobb måndag morgon. Det var no klart at me ville ikkje rekka fram til Bergen, men me hadde framleis håp om å nå Stavanger.

 

DSCF0093r.JPG Med kurs mot Jæren. Sundet på innsida av Eigerøy.

 

1.10:

Sundag og siste dag på denne del av turen. Vinden hadde roa seg betrakteleg og me starta på turen mot Stavanger. Og dette blei ein flott tur rundt Jæren. Solskin og god temperatur. Litt sjø vil det alltid vera på denne strekninga, men ikkje noko problem. Og denne dagen kom autopiloten verkeleg til sin rett. Mens me gjekk timesvis på same kurs, kunne me nyta veret og turen ute på dekk. Fekk SMS'ar og telefonar frå kjensfolk på søndagstur langs Jærstrendene som observerte oss.

 

DSCF0114r.JPG Fint ver, men litt sjø vil det alltid vera over Jæren.

 

I Stavanger la me båten i ein båtforening i nabolaget til mannskapet. Her kan me i alle fall ligga til neste helg. Eg måtte hiva meg på Kystbussen for å koma meg til Bergen før natta.

 

Dette blei ei fin avslutning på den lange turen. Einaste skår i gleda var at det viste seg at det eine luftkammeret på gummibåten var punktert. Truleg har det skjedd då me tok han opp på akterdekket. Men det er betre med ein punktert gummijolle, enn ingen. Det finst trass alt lappesaker. I tillegg til må eg også finna ein måte å reparera slepefestene på gummibåten. Dei hadde rivna då båten stakk av på eiga hand. Nokon som har gode forslag til korleis det kan gjerast?

 

Framleis gjenstår altså strekninga Stavanger-Bergen. Hadde tenkt å henta båten denne helga, men vermeldingane gjorde at avlyste. No ser langtidsvarselet bra ut for slutten av kommande veke, så eg satsar på neste helg.

Link to post
Share on other sites

En flott skildring, godt det gikk bra. Akkurat det med gummibåten opplevde vi også. Hadde kjøpt

spesial tau med store sjakler. Men "dritten" røyk, merket ingen ting før noen på land plystret og

vinket. Vi vinket faktisk tilbake :lol: , men så tittet jeg meg bakover. Heldigvis fikk vik tak i den.

 

Gleder meg til bildene

Vi sees!

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...