Jump to content

FM 55 ca 1957, hvilken magnet passer?


Vestland1991

Recommended Posts

Hei!

 

Har en gammel FM-motor som min oldefar kjøpte i sin tid, veit ikkje så mykje om motoren. Men ifølge min bestefar på 82 år skal det eneste som mangler på motoren være en magnet til tenningssystemet.

 

Det står FM 55 på motorblokka, har vært i kontakt med Fredrikstad Motor, og dei kunne fortelle at det enten er en FM-type C-1 3,5 hk eller en C-2 4hk og at den er motoren er støpt i 1955, og at det sansynlig er en 56-58 model. Motoren skal være en ensylindret.

 

Eg tenkte å prøve å få liv i den etter at den har stått i et tørt skur i meir enn 45 år. Motor fungerte fint når den blei satt der og blei vedlikeholdt før den ble lagret, men magneten blei tatt av for å bli brukt på en annen motor som med tiden blei solgt videre....

 

Så det eg lurer på er om noken her inne tilfeldigvis har en anelse på hvilken magnet som skulle passe? Og om eg skulle ha såpass med flaks at noken har ei magnet til salgs som passer?

 

 

Hadde vært stas å vist motoren til bestefar når den går! :)

 

https://baatplassen.no/bildearkiv/54/54573/10175043_1430230670567606_4751995577513468190_n.jpg

 

https://baatplassen.no/bildearkiv/54/54573/10176074_1430235357233804_2223604966218765062_n.jpg

 

https://baatplassen.no/bildearkiv/54/54573/10170947_1430232797234060_7936825080493708201_n.jpg

 

https://baatplassen.no/bildearkiv/54/54573/10299397_10152361842666346_1547270953_n.jpg

Link to post

Hei,

Dette er ein skikkeleg fin motor! Kjekt at du tar vare på den! No er det i ny og ne magnetar til salgs på Finn.no. Men ta ein prat med han som driver FM fabrikken no. Petter Fagerli om eg ikkje tar feil, har eiga nettside og der du kan ta kontakt for deler og liknande. Søk på FM motor på Google så finn du den.

Når det er sagt, så kan du vurdere å bygge om til tenning med fordeler og coil (enkel ombygging). :-D

Norsk motorhistorie --> Still going strong :smiley:

Link to post

Takk for det! Ja motoren er fin den, men med litt stell og kjærlighet, så håper og trur eg at den skal bli vakker igjen! :)
Vil i første omgang få tak i en magnet, ønsker å gjere motoren så orginal som mulig :) Er noke med det som gjer det meir sjarmerande når det er orginalt desse gamle motorane :)

Men takk for tips! Skal sjå kva eg får til!

 

Om dokke tilfeldigvis skulle komme over en magnet som skulle passe min FM, så ta meir enn gjerne kontakt snarest! :)

 

Har funnet denne magneten på finn.no, men veit ikkje om den skulle passe på min FM, da eg virkelig ikkje har den fjerneste anelse om korleis den ser ut..

 

: http://www.finn.no/finn/boat/parts/object?finnkode=47581678&searchclickthrough=true&authrecall=getphonenumber_1

Link to post

Magneten i annonsen er for en ensylindret FM, og du har en ensylindret FM. Fin pris, bare å kjøpe. Det eneste magneten skal gjøre er å gi gnist på anhver omdreining. Om den heter Bosch, SEM eller Lukas betyr mindre. Dette er særdeles enkle greier, så du får det garantert til å gå. Lykke til :thumbsup:

Link to post
  • 3 uker senere...

Hei!

Du har fått deg ein veldig flott motor! Den er botnsolid og har mange fleire år føre seg om du gir den ein god overhaling. Eg har akkurat den same motoren, ein FM C-2, 4hk. Min er frå 1952. Den stod i ei sørlandssnekka som eg kjøpte for 15 år sidan, men skule, militæret og utdanning gjord at eg måtte reisa frå løa heime, og lite vart gjort før eg tok opp at prosjektet for nokre år sidan. Under finn du ei oversikt over kan eg gjorde.

 

Men, motoren kan gå fint, sjølv om den ser ut som ein rustklump, så det er ikkje alltid naudsynt å demontera motoren heilt. Den magneten du hadde funne på finn.no såg ut til å vera av rett type. Eg kan senda deg ein liten instruksjon eg nytta sjølv då magneten skulle innstillast. Gnisten må koma når stempelet er på topp.

 

Slik såg motoren ut i 1999:

bilde

 

Motoren vart demontert:

bilde

 

Slipt, reingjort og grunna:

 

bilde

 

Det var særskilt viktig å få reingjort kjølekanalane i kappa rundt sylinderen. Eg heiv heile sylideren i eit syrebad, men ein kan òg nytta hard ståltråd, vatn og trykkluft:

 

bilde

 

Desse motorane er bygd etter litt andre spes. enn nyare motorar, så det er mykje gods og metall av høgste kvalitet. Difor fann eg ingen slitasjar, men stempelringane vart skifta, sylinderen vart hona og ventilane vart slipt. Montering:

 

bilde

 

Ferdig montert. Den byrja å gå etter andre forsøk, og etter noko fikling på forgassaren, gjekk han som ei klokka.

bilde

 

 

Sidan motoren gjekk som ei klokka, gjekk eg laus på snekka. Øvste bordgang og mykje av saumen vart skifta. Nokre nye spant, nytt dekk, dollbord og fenderlister. Ho fekk òg nye benkjer, dørk, skott og motorkasse. Nesten kvar einaste feire dei siste to åra har eg nytta heime i løa, og i slutten av juni er det vonleg sjøsetting, etter 15 år i løa!

bilde

 

Motoren vart heist ombord:

bilde

 

bilde

 

bilde

 

 

Har du ein båt du kan setja motoren i? Lukke til med arbeidet. Du må gjerne dela bilete og rapportar med formuet! Kom òg med spørsmål om du har!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Link to post
  • 2 uker senere...

Tusen hjertelig takk for svar Beduinen! Utruleg kjekt å sjå bildene dine! Du har verkeleg fått deg et smykke av en motor og en nydeleg båt! Respekt for slikt arbeid!
Har sjølv ingen båt å sette motoren i, men med tiden vil eg nok finne meg en båt. Korleis gjorde du det når du skulle fjerne rust og slikt frå motor? sandblåsing?

 

Beduinen
Link to post
  • 4 uker senere...

Magnet til FM skal gå motsatt vei som Marna og sleipner så var ops på det. :) Husker ikke om det er høyre eller venstre nå i farta, men kan finne ut vis du ønsker det. Samt tennplugghette uten motstand er et pluss på magnet tenning. de du får på biltema er med motstand i. Gnisten på magneten skal være mellom 6.10 mm lengde. under det blir det vanskelig å få start. vis du har fått tak i en magnet som har sottet på en annen motor må du kanskje får sikkerheten sin skyld stille den. Så slepper du å stå å sveive til krampa tar deg. :) skal gniste rett etter øvre dødpunkt. på vei ned. Du har jo lav og høytenning som du burde bruke så slepper den å slå tilbake :wink:

Redigert av Retox_93 (see edit history)
Link to post

Den magneten eg fikk tilsendt i posten var venstregående, med andre ord den passer ikkje min FM. Ifølge han som solgte meg magneten var den høyregående, men dette var tydligvis feil. Så då er det bare å forsette jakten på en høyre-gående magnet.

Selger derfor min VENSTRE-gående magnet!

Link to post
  • 5 måneder senere...

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...