Jump to content

Hentetur ala polarskipet 'Maud"


Ask

Recommended Posts

Hei 

 

I fjor kom, som kjent, Roald Amundsen sitt polarskip "Maud" heim til Noreg. Dette etter å ha vore under vatn, i Canada, i nokre mannsaldrar. 

 

Mange var så heldige at dei fekk sjå "Maud". 

 

Dei brukte vel tre somrar på å heva, og frakta "Maud" frå Canada til Noreg. 

Dette inkludert ei overvintring på Grønland. 

 

No har eg avslutta ein hentetur, godt inspirert av "Maud". 

 

Fortsetjing føl. 

 

Ask 

 

DSC_1014.JPG

Link to post
Share on other sites

Eg kan røpa at det sjølvsagt er ein trebåt. Båten blei lite brukt etter at eigaren mista eit auga i ei sprengningsulykka for 60-70 år sidan. 

 

Dette var på ei tid då ein nytta kvart strå, for å halda svolten, og futen, på avstand. Eigaren nytta såleis kvar ledig stund til nydyrking, og brukte dynamitt når han dyrka den karrige jorda langs denne forblåste og farlege fjorden. 

 

Somme har ymta om at 17. maisalutten, eller dynamittfiske, var årsaka til at auga forsvann. 

 

Ein skade på båten tyder på at den har vore utsatt for store krefter, så dynamittfiske eller minesprenging kan ikkje utelukkast. 

 

Etter at han mista eit auga sleit han med å navigera i den berykta, og frykta, Bømlafjorden. 

 

Historia seier at ein gong forvilla han seg til "Bømmelulu", og sleit med å halda stø kurs heim att over fjorden. Om årsaka var mangelen av eit auga, eller stort inntak av "bømladiesel" skal vera usagt. 

("Bømladiesel" = sats, red. anm.) 

 

I alle høve våga han seg aldri meir på havet, og båten blei gløymt. 

 

Heller ikkje sonen våga seg ut i båten. På den tida måte ein i båt for å få seg kvinnfolk.  Sonen er såleis framleis ungkar, der han ligg på aldersheimen, og nærmar seg 100 år. 

 

På andre sida av fjorden ligg "Bømmelulu". Der er jentene kjent for å vera både fagre og viljug. Hadde han våga seg i båten hadde han nok fått både barn og barnebarn, og eg hadde ikkje fått overtatt båten. 

 

Eit kjent seglingsmerke på "Bømmelulu". 

 

 

 

Fortsetjing kjem. 

 

 

Link to post
Share on other sites

Hei, og takk for tilbakemeldingar.

 

For å frakta båten slik som "Maud" blei frakta måtte eg ha ein lekter, eller liknande, båten kunne fraktast på.

 

Som kjent er kranskip, og lektrar, her på Vestlandet opptatt med vesentleg større oppdrag for tida.

Budsjettet tillot heller ikkje nokon ekstravaganse.

 

På kysten er ein vant med å ordna ting sjølv, og det mest naturlege var difor å bygga ein "lekter" sjølv.

Sjå eigen prosjekttråd.

 

Fortsetjing kjem.

 

Ask

 

 

 

Link to post
Share on other sites

Hei 

 

Etter at eg starta denne tråden har eg fått tallause IM med spørsmål om kva båt dette gjeld. 

 

Diverse etterretningstenester har òg luska i buskane. Det er såleis på tide å avsløra kva båt det er. 

 

Etter ein farefull ferd i minst 600 000 millisekund var me framme der den nyerverva båten låg. 

 

Med stor spenning opna me naustdøra. Med litt makt lot dørane seg opna. Det knirka i rustne låsar, og hengsler. Her hadde det ikkje lukta kristen manns blod på mange tiår! 

 

Kva dukka så fram frå gløymselen? 

Det openbarte seg ein oselvar på ca. 18 fot.

 

Legg merke til garnsøkkene som ligg i båten, lengst frå fotografen. 

Nett som Amundsen brukte synåler, og glassperler, som byttemiddel i handel med eskimoar, brukte eg garnsøkkene i bytte med hjelp til å løfta oselvaren. 

 

I dette primitive distriktet er "hard valuta" av liten verdi. 

 

 

DSCPDC_0000_BURST20181227141451448.JPG

Redigert av Ask (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Ser ut som en flott gammel oselver, håper du fikk med gode gamle håndhøvlede årer også. Med gode årer er de en drøm å ro!

 

Men savner fokus på taubåten, Tandberg polar ble jo hyppig nevnt i artikler om Mauds hjemkomst, men lite fokus på taubåten i din hentetråd :giggle:

Link to post
Share on other sites

Som lesarane sikkert har registrert er dette eit ekstremt farvatn.

Slepebåten måtte såleis vera av det skotsikre slaget.

Det blei difor brukt ein PolarCircel til slepebåt. Bilete kjem.

 

Som nemnt har båten ein skade, som kanskje skuldast dynamittfiske eller minesprenging. Det var difor hensiktsmessig å bruka flytebrygga til å frakta oselvaren. I tillegg er det ikkje slipp i naustet der båten skulle. Det var difor lettare å dra den frå brygga og opp på kaien, enn kva det ville vore å dra den frå sjøen og opp.

 

Det følgte med årar, og eg har nokre par årar frå før.

 

Legg merke til dei to festene som er på innsida av ripa, på venstre sida av biletet. Er det einkvan som veit kva dei er til? Båten har ikkje vore rigga for segling.

 

Ask

Link to post
Share on other sites

Hei 

 

Rune Totland skrev for 6 timer siden:

Vil tro festene er til å kveile tjærelunte på, jfr dynamittfiske?

Evt for sjøsikring av dunk med nevnte "diesel"?

 

Det kan sjølvsagt ikkje utelukkast, men det er nok meir truleg at dunkar med bømladiesel blei oppbevart midt i båten. Dette av omsyn til stabiliteten. 

 

Bømladieselen måtte nok òg vera lett tilgjengeleg, om roaren fekk behov for påfyll?

 

Ask 

 

 

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...