Jump to content

Miniprosjekt: Reparasjon av grunnstøytt 33 fots seglbåt


S/Y Emma

Recommended Posts

For litt over to år sidan kjøpte eg ein brukt båt frå 1976 for bruk til bustad. Det har heile tida vore litt vatn under dørkplatene i båten, men ikkje meir enn at det heldt å lense ca kvar tredje månad. I april ville eg finne ut ein gong for alle kvar vatnet kom frå. Dørken vart tørka heilt ut med papir, og det vart raskt konstatert at vatnet kom frå nedsida. Ikkje frå lekkasje i vasstanken på innsida, som eg først hadde mistenkt. Båten ligg i brakkvatn, så det er vanskeleg å kjenne om vatnet er sjøvatn eller ei.

Takstmann frå forsikringsselskapet (Sparebank 1) vart tilkalla. Han kunne med ein gong slå fast at det ikkje var mykje hjelp å få, fordi det ikkje var eg som hadde grunnstøytt båten.

 

Det vart konkludert med at båten måtte på land for å reparerast av meg sjølv. Med god hjelp frå naboen min fekk vi bygd ei provisorisk båtkrybbe av tre. Kranbil vart bestilt, og oppheiset gjekk som planlagt.

 

(Tråden held fram under bileta)

DSC_4637.JPG

Bygging av krybbe i tre

 

DSC_4665.JPG

Båten vert heisa opp.

 

DSC_4684.JPG

På plass i krybba.

 

Når båten var på land, kunne ein lett sjå at han hadde vore kraftig grunnstøtt ein gong. Det var tydelege skader på kjølen. Dei var forsøkt reparert på ein dårleg måte som ikkje heldt vatn, med glasfiber oppå botnsmurning og liknande.

 

IMAG0545.jpg

Her ser ein litt av skaden. Vi har slipt vekk ein del med vinkelslipar.

 

Vi gjekk i gang med å slipe ned glasfiberen på innsida av båten for å finne ut av skadeomfanget. Det vart straks klart at skadene var større enn vi hadde trudd. Vatn hadde kome opp frå ei sprekke i skroget og forplanta seg langs kjølstokk, spant og stringerar. I tillegg var det meste av dørken delaminert, truleg grunna frostsprenging. Det enda opp med at vi tok vinkelsliparen fatt og skjærte vekk alle spant og glasfiberkapselen rundt kjølstokken. Vi slipte vekk glasfiberen i botnen heilt ned til den indre strukturen i originalglasfiberen.

 

Kjølstokken var fullstendig gjennomtrekt av vatn. Heldigvis hadde han ikkje rotna. Vi trur dette kan vere fordi det ikkje har kome luft til, så han har vorte konservert som i ei myr. Spanta var konstruert som glasfiberskal fylt av skum. Vi fjerna tre par spant fullstendig. Det tok to heile dagar å slipe vekk all den skadde glasfiberen i båten. Kring tretti liter fiberstøv vart fjerna i bøtter og spann. Absolutt alt i båten var dekt av eit tynt lag kvitt støv, sjølv om vi prøvde å bygge eit "telt" rundt arbeidsområdet. Undervegs såg vi tydeleg sprekkene frå grunnstøytinga, som gjekk på sida av kjølstokken.

 

IMAG0501.jpg

Gap opp!

 

IMAG0504.jpg

Delaminert...

 

IMAG0506.jpg

Våt kjølstokk...

 

IMAG0509.jpg

Kutting og sliping med vinkelslipar.

 

 

IMAG0512.jpg

Kappar vekk spanta.

 

IMAG0514.jpg

 

 

IMAG0518.jpg

Støvhelvete.

 

IMAG0530.jpg

 

IMAG0523.jpg

Her ser vi litt av skaden på innsida.

 

IMAG0538.jpg

 

IMAG0317.jpg

 

To be continued...

Redigert av Steinsvik (see edit history)
Link to post
Share on other sites

IMAG0552.jpg

 

Kva skjuler seg under botnsmurninga på kjølen?

Syrefast stål.

Har nokon høyrt om seglbåtkjølar i syrefast stål før?

 

Slik såg forresten botnen i båten ut før vi starta arbeidet. Gløymte å legge ved biletet i første innlegg:

IMAG0315.JPG

Redigert av Steinsvik (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Tja. Så langt om lag ti meter 600g rovingvev og ei ukjent mengd polyester. Fem lamellskiver og eit par kappskiver. Ein vinkelslipar. Ein god del blod, svette og tårer. Mykje kjemikaliar og mange kilowatt. Fleirfoldige tusenlappar.

Meir info om framdrifta kjem seinare i tråden.

Redigert av Steinsvik (see edit history)
Link to post
Share on other sites

...vidare i prosjektet:

 

Etter at botnen var slipt ned og kjølstokken eksponert, måtte han tørkast ut. Stokken var heilt gjennomtrekt av vatn, men ikkje roten. Sidan det hasta å få stokken tørr, sette vi på to vifteovnar som bles på stokken, samt ein luftavfuktar. Etter å ha tørka stokken i 50 grader i fem døgn, var han tørr nok til å støypast inn på nytt.

 

IMAG0539.jpg

Kjølstokken oppe i friluft att for første gang på 35 år.

 

 

IMAG0557.jpg

Hurtigtørking av kjølstokk. Badstovetemperatur i fem døgn.

 

 

Etter at stokken hadde tørka nok, gav vi han eit strøk acetonblanda polyester før vi støypte han inn att i tre lag 600 grams rovingvev.

 

IMAG0576.jpg

Impregnering av kjølstokken med acetonblanda polyester.

 

IMAG0577.jpg

Det fungerte bra.

 

Det var også ein del å gjere på utsida av båten. Kjølen hadde ein del skader som måtte reparerast, og vi bestemte oss også for å slipe ned dørkplatene i båten og lakke dei opp att.

 

IMAG0544.jpg

Gamal skade bak på kjølen.

 

IMAG0551.jpg

Slipte øverste del av kjølen ned til glasfiberen for å få oversikt over skadeomfanget.

 

IMAG0588.jpg

La på fleire lag 600g rovingvev rundt kjølfestet.

 

IMAG0586.jpg

No er snart båten og eg klar for sydlegare farvatn.

 

IMAG0585.jpg

Mi kjære slipar dørkplater.

 

IMAG0623.jpg

Kjølen reparert.

 

Skroget var fullt av små blærer som kunne minne om den berykta plastpesten. Det viste seg at dei var fulle av vatn, men boblene var berre i botnsmurninga. Like under var alt i skjønnaste orden. Kanskje det berre dreia seg om botnsmurning i regnvêr? Uansett vart alle boblene slipt ned og det vart lagt på tre lag Jotun antipest.

 

IMAG0566.jpg

Det ser ut som plastpest...

 

IMAG0567.jpg

...men det er berre overfladisk, under botnsmurninga.

 

Etter at kjølstokken hadde tørka ut, la vi ny glasfiber i botnen av båten. Tre lag 600g rovingvev.

 

IMAG0580.jpg

Tilpassing av mattene.

 

IMAG0582.jpg

Før støyping.

 

IMAG0599.jpg

Etter støyping.

 

Vi saga deretter ut fire nye spant i sandwich (divinycell) som vi også støypte inn i rovingvev. Dei gamle spanta var fylt av eit slags skum som hadde råtna opp og var ubrukelege. Den nye konstruksjonen er mykje kraftigare, i tillegg til at vi monterte eit ekstra spant.

 

IMAG0602.jpg

Skjærer ut nye spant av sandwich.

 

IMAG0603.jpg

Spanta på plass før støyping.

 

IMAG0604.jpg

Dette burde halde.

 

IMAG0619.jpg

Etter at vi hadde støypt fast dei nye spanta, la vi to strøk Sigural epoxymaling på heile dørken som finish.

 

IMAG0626.jpg

Etter at alt var reparert var det tid for botnsmurning og heising tilbake til sjøen.

 

IMAG0627.jpg

Båten i sitt rette element.

 

 

Heile operasjonen tok ca to veker med beinhardt arbeid frå morgon til kveld. Alternativet hadde truleg vore å sette vekk arbeidet og vorte ruinert, eller kondemnert båten. No er han i alle fall potte tett og kraftigare enn han nokon gong har vore. Då er det meste klart for jordomsegling.

Tusen takk til naboen min og til kjærasten min for uvurderleg hjelp undervegs i reparasjonsarbeidet!

:flag_bp:

Redigert av Steinsvik (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Ja, no er det vel ikkje meir som kan gå gale, eller? :crazy:

Kan seie eg generelt har hatt mykje uhell med denne båten. I tillegg til skrogskaden, har motoren vore reparert tre gongar og eit delaminert stykke dekk har vorte fiksa. No ventar eg berre på rigghavari. :sweat:

Link to post
Share on other sites

Som nevnt tidligere legger jeg tilside utstyr og diverse annet etter at jeg selv blir ferdig utover mot Juli. Du kan ta en titt på om du kan bruke noe av dette. Muligens blir det også noe seil tilovers.

 

18 meter tremast m/bom har jo ikke du bruk for så dette ble kappet opp og kjørt på fyllinga igår :saint:

 

Beslagene fra mast og bom har jeg beholdt for de som skulle være interessert i å bygge seg en trekonstruksjon. Rustfritt og kobber av beste kvalitet.

The old don't have to worry about avoiding temptation. When you're old temptation avoids you.

Link to post
Share on other sites

Gratulerer med vel reparert båt. Det ble sikkert bra :thumbsup:

 

Den værste jobben ved reparasjon av glassfiber er definitivt all slipingen som kreves for å komme ned på godt laminat. Det støver noe vanvittig, arbeidsmiljøet er slitsomt og rengjøringsjobben ombord etterpå er ofte forfærdelig :headbang: .

 

Dere som skal sette i gang med større prosjekter bør definitivt investere i en saktegående vinkelsliper med støvkappe på. Jeg har en slik og den har blitt helt uunværlig ved plastarbeier. Det finnes knapt støv selv etter jeg har slipt rent store områder ifm baugpropellinstallasjoner. Vinkelsliperen min kommer fra Bosh, pris ca. 2500 kr for 2-3 år siden (utrolig at den virker enda) også 300 kr for støvkapperen.

 

Her er et bilde av vidunderet. Definitivt en av de beste verktøyinvesteringene jeg har gjort :thumbsup: Når støvsugeren kobles til her, 40-korning og lav hastighet blir det nesten ikke støv i det hele tatt. Støvet på bildet er fra fresen jeg brukte for å skjære hullet før jeg slipte vekk topcoat på innsiden. Hehe... ser at bildet er tatt ganske skjevt, men tunnellen kom i perfekt posisjon selv om det var en liten forskjell i laminattjukkelsen som gjør at alt skjer skjevt ut :giggle:

imag0393.jpg

 

Slik ser det ut i forpiggen etter all topcoaten er slipt vekk. Har ikke støvsugd eller tørket av før jeg tok bildet ca. 30 cm fra "skadestedet"

imag0397.jpg

 

Rett og slett et MUST for alle som skal gjøre større plastarbeider. Husker fortsatt dagen jeg kjøpte den og gleden over å se hvor bra det fungerte :flag_bp: Det var en stor dag :thumbsup: :thumbsup:

 

Løp å kjøp!

Redigert av Kaftein ØL (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Kan ikke si eg misunner deg denne jobben steinsvik, men det blei jo veldig bra.

Må jo være greit å vite hva man har under føttene når man skal langt avgårde.

 

Fått riggen Jawik?

 

Eg starter ferien nå i kveld. Hektisk på jobb og lite tid til båt, men satser på staden på sør i morgen formiddag.

Det e jo nordavind, så da legg vi kursen sørover.

Link to post
Share on other sites

@Volfro Takk for sist :flag_bp:

 

Ingenting fra Son og West Marin så de har jeg gitt opp. Ble vel for mye Ferder på ansatte der fra. Nå tar jeg "mesan" og bygger denne opp til hovedmast på 16 meter så får jeg lete etter en mesan senere. Kan bli ganske kraftig fra en ISOMAT 7/8 og over til masthead med doble akterstag og forstag. Står på til krampa tar meg :giggle:

The old don't have to worry about avoiding temptation. When you're old temptation avoids you.

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...