Jump to content

Bytte spanter i 16 fots strandebarm


Sinten

Recommended Posts

Hei

 

Me har ein gamal "skral" strandebarm ståande i eit naust som ikkje har vore brukt på mange år, far min vil helst lage bål av han for å få plass til andre båtar i naustet, mens eg har lyst til å pusse han opp. Hovud problemet med denne båten er at den vrir seg som ein knivstukken hoggorm berre ein pustar på han, (mildt overdrevet :wink: ) og grunnen til dette er nok sprukne band/spanter. Så ved å byte desse håpar eg at han skal bli like stødig som den andre strandebarmen me har. I dag er det band i båten og desse må byttast ut uansett viss båten skal ha ei framtid så viss eg først skal røske ut dei gamle banda kan eg likegodt sette inn spanter i staden for band. Etter mi meining vil båten då verte mykje meir solid. (den andre strandebarmen har spanter)

 

Men så kjem alle desse spørsmåla.

  • Er det sikkert at det er mangel på spanter/band som gjer båten "lea laus"?
  • Bør spantane vere i eit stykke eller går det bra å skøyte, i så fall kor stor overlapp?
  • Kva type tre bør spantena vere i?
  • Er det for mykje/vanskelig arbeid for ein 16 år gamal "student" å lage/bytte spanter?
  • Er det lettast å laminere eller å bruke heiltre med overlapp?
  • Er det bedre/lettare å sette inn nye band i staden for spanter?
  • Treng eg noko spesial verktøy?
  • Er det nokon her som har gjort dette før?
  • Finst det noko bøker som dette som eg kan kjøpe?
  • Er eg gal :crazy: ?
Helsing ein som (tydligvis) Har altfor lite å gjere på :lol: . Redigert av Sinten (see edit history)

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Vel, Sinten - jeg tror i hvertfall ikke du er gal - men gi trebåt folket her litt tid til å svare, så blir det nok råd :smash::smiley:

....Every 4-stroke outboard engine is to be considered as a geriatric device..... -Unless it´s made in Japan and got at least 350 HP, of course.....or simply named SHO...

Link to post
Share on other sites

Ikke jeg :headbang:

 

Men skal du beholde båten orginal eller modifisere den?

 

Band er vel lettere enn spant, for da slipper du og felle ut hakk for bordganger.

Kan være du får strammet den opp igjen ved og klinke opp båten igjen også. Regner med at det er en del dårlige klink.

 

Matriale, hva er brukt fra før?

Link to post
Share on other sites

Ikke jeg :headbang:

Var faktisk tenkt til å skrive "alle, utan om "bastard" :lol: , men eg var ikkje sikker på om du var blitt ferdig i løpet av sommaren eller ikkje.

 

 

Det vert vel ein slags form for modefisering sia det orginalt er band og eg skal sette i spant. Trur dette vert bedre. Tenkte eg skulle bruke syrefste skruer med stoppskiver på i staden for naglar. Kva trur du om dette? Har forresten begynt på mal til bakerste spant men eg trur den må verte i 3 delar, ellers er det umulig å finne stort nok emne.

 

Er vel noko slikt som denne her eg hadde tenkt på.

Bilde

Redigert av Sinten (see edit history)

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Viss min båt vert halvparten så fin som den på bilde så vert eg meir enn nøgd. :yesnod: . Bilder kjem etterkvart. Tenkte eg skulle skjere spantene ut i 2x6 tommer furu, så langt det går. Spørs om eg må finne meg noko anna dim etterkvart som er arbeider meg mot midten der båten vert "viare".

 

 

Fant eit bilde på dataen av båten slik den er i dag.

Bilde

Redigert av Sinten (see edit history)

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Skal nok alltids få sendt noko på ei sag viss det vert behov for det, men som du ser på det øverste bilde så er det brukt så mykje som fem delar til ei spant så eg trur eg skal klare meg. Eller var det tresorten du tenkte på?

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Ville ikke brukt furu: Mykt og svakt, har du vurdert eik?

Eik er ikkje aktuelt, alltfor vanskelig å få tak i på vestlandet, men ask kanskje. Leste ein eller anna plass på internett der det var brukt furu til spanter men dei var riktignok laminert. her er sia Redigert av Sinten (see edit history)

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Enig med Torbit om eik og klink, men hvis du skal holde kostnader nede så er det jo ikke så enkelt.

Hva er den klinket med fra før? Galvanisert klink er jo ikke så kostbart om du handler fra en båtbygger.

 

Hva er det man lager treplugger av som ofte er brukt i trebåt? Jeg kommer ikke på navnet, men dette virket skal være bra.

Link to post
Share on other sites

Klinkane som sit i båten no er av koppar, trepluggane du tenker på er sikkert av einer/brake/brakje. Men korleis i alledagar byttar ein klinkar i ein båt då? Vil ikkje skruer holde bedre. Dei klinkane som sit i er jo litt lause allerede korleis "stramar" eg desse då? Skal eg og ein kompis denger laus på kvar vår sie av dei, eller?

Redigert av Sinten (see edit history)

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Hvis klinken er løs er det ikke så rart om båten er litt "slapp i fisken"

Er litt usikker på hvor bra det er og stramme på gammel klink, faren er at den ryker.

 

Båten blir nok ganske grei om den bare hadde blitt klinket opp igjen.

Må være 2 mann til dette arbeidet ja. En med mothold på utsiden, og en som klinker innvendig

Link to post
Share on other sites

Er nok berre ein del av problemet er eg redd, men eit par plassar er det store gliper mellom bordgang og hekk det var her eg tenkte på å "skru" glipa på plass går dette ann med klinker også? Kor får eg tak i klinker, dette er vel ikkje akkurat Clas Ohlson vare, eller?

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Kne? Meiner du det hjørnestykket som er på innsida? Det er ikkje så nøye, det er lenge til eg kjem så langt uansett, men viss eg ikkje veit om noko båtbyggar då, kor får eg då tak i klinker? Og trur du ikkje det går med furu, er det klinkene som vil sleppe, eller er det det at furu er altfor "mjukt"? Han fyren her brukte jo furu

http://www.njordforum.no/skrog_dekk/spant_...bunnstokk.shtml

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Hei,

 

båten kan nok vere slapp i fisken om den har stått på land ei stund. Det fine med koparsaum er at den ikkje har forandra seg sidan sist båten var på vatnet. Om ikkje denne er blitt svekka (gåen slik at han er i fare for å ryke) er det ikkje noko grunn til å byte saum. Eg ville ikkje klinka opp att på den gamle saumen for å stramme denne. Den massive stukinga koparen får i klinkinga endrar til ein viss grad materialet. Om du på nytt byrjar å klinke på denne saumen etter så mange år er eg redd den vil verte svekka og ryke.

 

Om du skal bytte saum tar du ein vinkelslipar eller boremaskin med slipeskive/stein og filer ned klinken på innsida av roa (skiva på innsida). Deretter vipper du av roa slik at saumen stikk inn i båten som ein spikar. Denne driv du ut med ein passande dor. Mulig du må hjelpe til litt med å løsne saumen på utsida, men ver forsiktig så du ikkje skadar bordgangen for mykje. Denne bør vere så heil som råd er for å tette mot ny saum. Ny saum (gjerne litt større dimensjon enn den gamle) pakkar du med stry ved å surre dette lett rundt. Deretter bankar du denne inn fra utsida. Hold mot med ein tung hammar på utsida, og driv på roa fra innsida med ein rørstump og hammar. Klipp saumen om nødvendig slik at han stikk 4-5 mm gjennom roa. Sett i gang og klink i rytmiske bevegelsar med ein passande hammar mens ein held motholdet på utsida (f. eks ein passe tung hammar) Pass på at de finn rytmen, og at hammaren på utsida opererer av eiga vekt og ikkje vert pressa mot saumen. Denne vil da pendle inn og ut i takt med klinkinga.

Stryet du bruker er vanleg stry som rørleggarar nyttar i rørskautar. Dette kan du gjerne dyppe i ei blanding av tjere og linolje for best resultat. Bommulsgarn kan og nyttast med godt hell.

 

Om du ikkje treng byte saum ville eg vurdert å trutne båten utan å byte spant/band. Einaste grunnen til å byte desse er om treverket er dårleg. Om ikkje det er tilfellet er det bortkasta arbeid. Ver klar over at alle strandebermingar stort sett har bommulsgarn i alle bordgangar. Dette fordi bommul svell i vatn, samstundes som det ikkje har krefter nok til å sprenge treverket. Når du sjøset ein tørr båt vil bommullsgarnet svelle først, og etterkvart som treverket trutnar vil bomullsgarnet verte pressa saman. Om sica eller annan tettemasse vert brukt for å tette ein trebåt vil treverket verte sprengt når dette trutnar.

 

Om det er store gliper i båten din men treverket ikkje er rote eller saumen gåen ville eg dytta bordgangane med bommulsgarn og deretter forsøkt å trutne båten. At båten er lealaus betyr ingenting, og vil verte heilt noko anna når den kjem på vatnet.

 

Når det gjeld spant skal desse etter regelen (frå Strandebarm) vere av material som er vaksen i riktig form. Dvs krokete rot-emner vert tilskorne til å passe der dei trengst. Kne vert for eksempel lagd av treverk som har vakse i den vinkelen og deretter tilpassa med øks (nokre vel etterkvart å nytte bandsag, men einaste saliggjerande for dei rett-truande er øks)

 

 

Håpar du vart litt klokare. Og til sist ein ting IKKJE BRUK SYREFASTE SKRUER!!!!!!! Det gjer vont for ein med båtbyggjarslekt fra Strandebarm å høyre slike forslag som erstatning for saum. Dessutan har eg vanskeleg for å forstå at dette er rimelegare enn koparsaum. Dessutan ville eg aldri hatt ein båt med hundrevis av mutrar og skrueendar stikkande opp innvendig når alternativet er søte glattklinka koparroer.

 

mvh

OSO

Oso

Link to post
Share on other sites

Jeg ville lagt inn band mellom de eksisterende etter at disse er klinket opp. Kjøp 12-15mm eik slettkant som selges hos trelasthandleren og strips disse opp i bredder på 25-30mm. Eer der knappe knekker må du stimem, dette gjorde jeg på en 17 foting jeg hadde på følgende vis. Spikret meg en trekasse som var lang nok. (Ikke lag den større i omkrets en 10x10cm) Koblet meg til en vanlig hage slange som jeg igjen festet på en kaffekjel med egnet tut som jeg dermed fyrte opp med gassbrenner. Når alt vannet var fordampet tok jeg ut lista og kunne knekke den 90grader og vel så det uten problem.

Det er lettere med våtslipepapir en rubbing. Det er lettere med et til 2 strøk lakk en polering. Trebåt er ikke mere arbeid

Tidligere Båter: 21 fots tresjark m/sabb 22 (Tequila Sunrise) • 23 fots tresjark m/sabb 16 (Neptun) • 17 fots speilbåt i tre med vindskjerm og 25hk yamaha (Gjeld-frid I)

Link to post
Share on other sites

Einaste grunnen til å byte desse er om treverket er dårleg

Nokon plassar er bånda saga av under tiljene og andre plassar er dei sprukke opp.

 

Det kan hende eg berre bytter spant bakerst for eg har lyst å bygge ein slags "benk" der som det er på den andre strandebarmen og då må eg ha noko å bygge ut i frå Kanskje dette til og med kan hjelpe på avstivinga. Eg trur ikkje det skal vere nødvendig å klinke opp heile båten, men som sagt er det eit par plassar det er ganske store gliper mellom bordgang og hekk, her MÅ det gjerast noko, det ser ut som det har vore forsøkt å ordne dette med spikar, hadde det ikkje hjelpt på med eit par skruer her? Det må da vere bedre enn ingenting, dessutan vil det ha lite effekt med klinker her etter som ein ikkje får på "roa" på innsida. Noko anna som gjer at båten er lealaus er at den mangler ei tofte og at to andre tofter har rotne kne. Viss eg får festa desse godt bør vel det stive av båten ein god del.

 

Men finst det ikkje nokon vanlege "butikkar" (ikkje nettbutikkar) i Bergens-området som selger klinker? Liker best å handle ting som eg veit finst :wink:

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...