Jump to content

Bytte spanter i 16 fots strandebarm


Sinten

Recommended Posts

Klinker får ein og i deil fleste vel-assorterte jernvarehandlane. Forundrar meg stort om ikkje Wallendahl på strandkaien har dette. Ellers ligg Faanessen tvers ovanfor nykirka, skrått for Hagstrøm musikk. Koseleg butikk det!

 

Trur eit par tofter, nokre nye saumar, litt bomullsgarn og nokre veker i sjøen vil gje eit bra bilete av kva som etterkvart må gjerast med båten. Ver imidletid obs på at om første bordgangen spriker fra kjølen kan faktisk skruer vere eit alternativ. Koparnaglar er i alle fall ikkje det. Grunnen er at syrenivået i eik (antar kjølen er av eik) er så høgt at koparen ikkje vil feste seg. Det er vanleg å nytte galvaniserte naglar her sjølv om resten av båten er koparklinka. Dette kan du heilt sikkert sjå på båten din og, ved at det er små rust-antydningar. Om det er her han lek er bomullsgarn fabelaktig å bruke. Pass uansett på at du ikkje trekk for hart til med skruer får båten har fått anledning til å trutne tilbake til opprinneleg form.

 

mvh

OSO

Oso

Link to post
Share on other sites

Takk for gode tips, skal til "bydn" no (viss regne berre kan gjer seg) , og før eg reiser må eg vete kva som er forskjellen på klinker båtspikar og båtsøm? Eg har ein viss ide...

 

- klinker er dei som me lokalt kallar for naglar, dei som ein fester roer på baksia av.

 

- Båtspikar er "vanlig" spikar som vert brukt plassar ein ikkje får roer på innsida, eksempel overgang kjøl/bordgang?

 

- Båtsøm, er det dei som fester ripa til bordgang? Her har eg rett og slett ikkje peiling.

 

Men er det kunn klinker eg treng? Eller går det ann å bruke klinker til båtspiker viss eg skulle trenke det? Var det desse plassane det er brukt båtspikar eg kunne bytta ut med skruer, "ooma"?

 

Ein ting til, desse måla som står oppgitt på klinker døme: 2,0x19. Står 2 for tjukkelsen (2mm) og 19 for lengden (19 mm)? For i så fall må vel eg ha minst 4-5 cm lange viss dei skal igjennom bordgang og spant. Er det brukt forskjellige lengdar og tjukkelsar på klinkene på forskjellige plassar i båten?

 

Skal eg gå opp ein storleik i tjukkelse frå dei gamle klinkene? Kva storleik trur de dei har....? Får vel finne det ut sjølv.

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

for all del; hald deg vekke ifrå EIK! Spør du meg skal eik bare benyttast i motorfundament! Eik rotnar innanfrå, og då kan spantet sjå heilt og fint ut heilt til det er totalvrak. Ingen "forvarsel" utan at du dunkar over alt på spanta med feks ein hammar. Eg skal vertfall aldri kjøpe båt med eikespant! Furu er stivt og sterkt nok!

Redigert av oaasheim (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Saum og klinker skulle vere det samme. Lengden på saumen er ikkje så farleg berre den er lang nok da du klipper den ned til passande lengde om naudstynt. Men for all del, om lengden er passande slepp du meirarbeidet.

Betraktninga om eik kan eg til ei viss grad støtte. Imidlertid er det no slik at kjølstokken oftast er eik pga styrken. Det er her ein må passe seg for å nytte kopar i innfestinga. Da nyttar ein i så fall spiker som ikkje har rundt stort hovud slik som saumen, men snarare har eit mindre og firkanta meir kjegleforma hovud. Spant skal som eg nevnde tidlegare helst vere av material som har vakse i den forma det skal ha. Dette fann ein fra gamalt av helst langs fjorden i bergknausar der fura vaks i dei underlegaste formene og vinklane. Denne fura var og seinvaksen og dermed sterkare og meir tålleg enn anna trevirke som var vakse raskare og rett til vers.

Oso

Link to post
Share on other sites

Har akkurat komt heim att frå byn, skal seie han dar "Carl Faannessen" hadde litt av kvart men det var eit styr å finne fram. Uansett, eg fekk i allefall med meg ei pakke med klinker og ein del roera, og alt til ein samla pris på 400kr, eg trur han kalte det ungbåtbygger-rabatt :wink: . No får eg berre håpe at dei er lange nok, ellers må eg "justere" spantene litt, men det går nok greit.

 

Det tar nok nokon dagar før eg får komt i gang, me skal visst byrje på "slåtten" i dag :sad: ...

Redigert av Sinten (see edit history)

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

  • 1 måned senere...

No har eg så smått komt i gong i gong med spante-produksjonen. Det går "puttle" men det går rett veg. Har skåre ut første spant som eg har holdt på å tilpasse i over tre veker :lol: (sa jo det gjekk seint). Men grunnen til det tar så lang tid er at eg må gå opp og ned mellom naustet og verkstedet for å sjå om spantet passar, vil jo ikkje ta for mykje av om gongen :wink: . Håper eg kan få båten på låven i vinter så eg kan få litt fart på produksjonen. Men eg er altså snart klar til å montere føste spant og då er det litt diverse ting eg lurer på.

 

Båten skal jo smørast, men no som spantene er av skal eg då benytte sjangsen til å smøre under dei? Og skal spantene behandlast før eg monterer dei?

 

Eg tenkte eg skulle lime spantene fast i tilegg til klinker og spikar, er det nokon som veit om ein god trelim som egner seg til dette? Veit Clas Ohlson hadde ein trebåtlim men trur ikkje dei sel han lenger.

 

Viss eg smører under spantene, vil då limen hefte dårligare?

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

nei, nei, nei ikke lim

Det er lettere med våtslipepapir en rubbing. Det er lettere med et til 2 strøk lakk en polering. Trebåt er ikke mere arbeid

Tidligere Båter: 21 fots tresjark m/sabb 22 (Tequila Sunrise) • 23 fots tresjark m/sabb 16 (Neptun) • 17 fots speilbåt i tre med vindskjerm og 25hk yamaha (Gjeld-frid I)

Link to post
Share on other sites

Her er litt bilder som eg lovte. (ikkje det at det er så mykje å sjå på)

 

Spant1.jpg

 

Spant2.jpg

 

 

Det er lurer på no er om eg skal gjere slik som på bilde ein at eg berre lar spantane gå til kvarandre og så spikrar eg eit stykke oppatt på begge to slik at eg får ein "usynleg" skøyt. Men då vil alt arbeidet med det stykke i bunnen vere bortkasta :sad: .

 

Eller

 

Om eg skal gjere slik som på bilde to der eg fester begge spantene i det stykke nedi bunnen (veit ikkje kva eg skal kalle det). Kva trur de vert sterkast?

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Har ikke så god peiling på dette men det som faller meg inn er bilde nr 2

Det er lettere med våtslipepapir en rubbing. Det er lettere med et til 2 strøk lakk en polering. Trebåt er ikke mere arbeid

Tidligere Båter: 21 fots tresjark m/sabb 22 (Tequila Sunrise) • 23 fots tresjark m/sabb 16 (Neptun) • 17 fots speilbåt i tre med vindskjerm og 25hk yamaha (Gjeld-frid I)

Link to post
Share on other sites

OK, då vert det alternativ nr 2.

 

Men bør desse stykkene festast i kvarandre eller kun i bordgongen kvar for seg? I den andre båten såg det ut som dei var festa kvar for seg, men om dette har noko spesiell hensikt veit eg ikkje.

 

Eg lurer også på ein liten ting når det gjeldt klinker og spikar. Var det slik at i eik skulle eg ikkje bruke kopper :confused: . I så fall går det då an å bruke skruer der eg uansett må bruke vanlig spikar. For ei skrue vil vel holde mykje bedre enn ein spikar, eller?

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Man bruker ikke vanlig spiker, men båtspiker. Denne spikeren er litt anderledes og må settes inn på tvers av fibrene i spantet. Men spantene skal du vel klinke til bordgangen regner jeg med.

 

Husk mothold når du spikrer sammen spant/bunnstokk, ellers vil det kanskje flytte på seg.

Du kan sikkert også skru dette sammen med franske treskruer, lettere det :wink:

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...